SunnfjordAktueltEr du over 65 år? Sjå her!

Er du over 65 år? Sjå her!

Spenst Førde har over fleire år hatt gode erfaringar med trening for eldre. Seniorgruppa har blitt større og større, og senteret har uka opp med tal gruppetimar i takt med større etterspurnad.

No skal Spenst saman med personleg trenar Sandra Hjønnevåg tilby ei ny teneste for dei eldre i kommunen. Det er no mogeleg for dei over 65 år å få personleg trenar Hjønnevåg heim for å få hjelp til å utføre treningsøvingar.

Spenst er på jakt etter 10 personar som ynskje å være med i ei prøvegruppe. Denne gruppa kjem til å få ein redusert pris i bytte med at Spenst får teste og dokumentere framgang til kvar enkelt. Sandra vil komme heim til deg og hjelpe deg med aktivitet for å betre helsa di.

Spenst har samarbeida med Høgskulen i Sogndal, og har fått hjelp av Vidar Andersen som har lang erfaring med å forske på eldre og fysisk aktivitet. Det blir utført testar for å dokumentere auke av styrke, fysisk funksjon, livskvalitet og uthald.

Er du over 65 år, og ynskje å fokusere på god helse? Send ein epost til kent@spenst.no, så tar senteret kontakt for ein uforpliktande samtale for å sjå om du kan få plass i pilot gruppa. 

Kroppen har godt av trening og fysisk aktivitet uansett alder. Er du i god fysisk form, vil du i større grad kunne være aktiv og klare deg sjølv.

Det er aldri for seint å bli meir aktiv. Eldre som er fysisk aktive og i god fysisk form vil i større grad kunne være sjølvhjelpen i kvardagen og kan bu heime lengre.

Photo of happy elderly woman at gym after training

Kor aktiv bør du være

Kroppen har omtrent like god effekt av trening og fysisk aktivitet gjennom heile livet. Forsking vise at aktive eldre i gjennomsnitt får tre år med betre livskvalitet enn eldre med ein inaktiv livsstil.

Anbefalingane er dei same for eldre som for vaksne elles. Ein bør være i moderat fysisk aktivitet i minst 150 minutt kvar veke. Med høg intensitet kan ein få tilstrekkeleg dose på halve tida, 75 minutt i veka. Ein kan også kombinere moderat og høg intensitet.

I tillegg bør eldre personar som er ustø eller har vanskeleg for å gå gjere balanseøvingar og styrketrening tre eller fleire dagar i veka for å styrke balansen og forhindre fall. Har du nedsett funksjonsnivå eller sviktande helse, bør du være så aktiv som du kan.

Tida i ro bør reduserast, lengre periodar i ro bør stykkast opp med korte avbrekk med lett aktivitet. 

Fysisk aktivitet vil blant anna bidra til at:

  • du får betre humør
  • du får færre fall og brot
  • du får mindre risiko for diabetes type 2
  • du får mindre risiko for tjukktarm- og brystkreft
  • du får betre hukommelse og andre kognitive funksjonar   
  • du blir i stand til å oppleve meir og være sosial lenger       

Korleis kan du vere aktiv?

Du treng ikkje treningskle for å være fysisk aktiv. Ein tur i rask gange er godt nok for å nå dei nasjonale anbefalingane for aktivitet.

Fysisk aktivitet vil sei all bevegelse du gjer i kvardagen, om det er hage- eller husarbeid, ved hogst, rask gange eller dans. Vist du kjenne at du blir litt andpusten, er effekten betre enn ved ein roleg spasertur. Alt er betre enn ingenting.

Gode aktivitetar for senior er:

  • gåturar
  • sykling
  • dans eller anna bevegelse til musikk
  • styrkeøvingar

Styrketrening for eldre

Alle over 65 år har veldig god effekt av styrketrening og det anbefalast å gjere aktivitetar som styrkar musklane eit par gonger i veka. Det er viktig at øvelsane styrka dei store muskelgruppene i:

  • bein
  • hofte
  • mage
  • rygg
  • bryst
  • skuldre
  • armar

Du bør være spesielt merksam på å trene muskulaturen i bein og hofteledd.

Vi hjelper deg

Som treningssenter tilbyr vi god rettleiing og mange eldre trivast godt med innandørs trening. Men alle har ikkje moglegheit til å gå på treningssenter. Vi vil gjerne hjelpe deg som ønskjer at vi kjem heim til deg og deler av vår kompetanse på trening og fysisk aktivitet. Vi veit du ikkje kjem til å angre. Vi hjelper deg til å komme i gong. Ta kontakt med oss for ein uforpliktande samtale.

Tekst: Spenst Førde

- Advertisment -

Aktuelt