BedriftskatalogenTenesterTollefsen - Eit lokalt alternativ

Tollefsen – Eit lokalt alternativ

ANNONSØRINNHALD FOR ADVOKATFIRMAET TOLLEFSEN

Advokatfirmaet Tollefsen starta som eit fellesskap av tre frittståande advokatar i Sogndal i 1990. Etter å ha bygd seg opp i Sogn, satsa dei i 2019 i Førde. I dag er dei 13 tilsette. I september flytta dei inn i nye lokale i Førde sentrum, og er klare for å vekse vidare.


Bilete i toppen, frå venstre: Arvid Mellingen, dagleg leiar og partner i Advokatfirmaet Tollefsen, advokat Hanne Katrine Mundal, Synne Catrin Øren, som er partner i selskapet og advokatfullmektig Stig Degvold-Jonstad.

– I Sogndal har vi bygd brei kompetanse, spesielt innan næringsmiddelindustri og reiseliv. Det har gjort oss godt skodde for å bistå næringslivet i regionen. Næringslivet rundt oss er i ei spennande utvikling. Vi såg at å ha kontor både i Sogndal og Førde ville styrke oss i høve oppgåveløysing for klientar i heile fylket. Difor etablerte vi oss i Førde i januar 2019, og tilsette Synne Catrin Øren, som er partner. Like etter kom advokat Hanne Katrine Mundal, og i fjor advokatfullmektig Stig Degvold-Jonstad, seier Arvid Mellingen, partner og daglig leiar i Advokatfirmaet Tollefsen.
– Arbeidsmengda aukar jamt. No er vi tre tilsette i Førde, men vi jobbar på tvers av kontora, på saker i begge distrikt. Det er ein styrke for oss, og ein fordel for kunden som får tilgang til breidda vår av kompetanse, seier Stig Degvold-Jonstad.

–Vi er tre tilsette i Førde, men begge kontor jobbar på tvers av saker

Flytta inn i nye lokale, vis-a-vis Sogn og Fjordane Tingrett

Aukande oppdragsmengde førte til behov for nye lokale. I september flytte dei inn i moderne, nyoppussa lokale i Fjellvegen 9, som også huser Norec og Sogn og Fjordane tingrett.

– Som firma er vi seriøse og har kvalitet i alt vi gjer. Det ønska vi at kontoret vårt skulle spegle. Vi ønska å vere i Førde sentrum, og nærleik til tingretten var viktig. Her møtte vi ein huseigar som satsa på kvalitet når dei pussa opp. Vi har fått gode lokale, både for tilsette og klientar. Vi skal vekse vidare, og neste tilsetting skjer truleg i Førde. Her er det plass til å utvikle oss, seier Mellingen og viser fram to store, luftige møtelokale. Dei har ein ekstra funksjon i framtidsplanane deira.
– Vi ønskjer å vere ein møteplass for både nærings- og privatkundar. Vi kan opne opp mellom møteromma, slik at ein får eit veleigna lokale for større grupper.  Her skal vi halde seminar og kurs, retta både mot bedrift- og privatmarknaden, seier Degvold-Jonstad.  

Arvid Mellingen og Stig Degvold-Jonstad er godt nøgde med dei nye lokala til Advokatfirmaet Tollefsen i Førde.
Arvid Mellingen og Stig Degvold-Jonstad er godt nøgde med dei nye lokala til Advokatfirmaet Tollefsen i Førde.

Eit lokalt alternativ til dei nasjonale advokatselskapa
Etableringa var eit ledd i strategien om å vere eit lokalt alternativ til nasjonale advokatselskap. 
– Vi har alltid hatt fokus på å utvikle kompetanse. Dei siste fem åra har vi sett behov for å skape større og meir slagkraftige fagmiljø, som kan levere alle tenester det offentlege, bedrifter og privatkundar krev i dagens komplekse samfunn, seier Mellingen.
– Vi er det største advokatselskapet lokalt: 13 tilsette, med brei erfaring frå ulike bransjar og rettsområde. Vi er store nok til at advokatane kan spisse seg på sine felt, og matche kompetansen til advokatar i større nasjonale selskap. Då treng ikkje bedrifter reise til Bergen eller Oslo for å finne tenestene dei treng. Vi er det lokale alternativet til større nasjonale advokatselskap, slik at ingen treng over bekken etter vatn, seier Degvold-Jonstad.

– Kvifor skal folk velje dykk når dei treng advokat?

–Vi har brei kompetanse, er fagleg sterke og oppdaterte. Vi kan handterer store og krevjande oppdrag, og finner dei beste løysingane for våre kundar. Vi er effektive og har god kapasitet, slik at vi kan ta saka di, når den dukkar opp, seier Mellingen.
– Vi er lokalt til stades, og har god lokalkunnskap. Det gjer oss lett tilgjengeleg for klienten, og særs operative når rask handling krevjast. Vi er i stand til å levere på alle måter ein klient forventar i 2021, seier Degvold-Jonstad.

– Vi er det lokale alternativet til større nasjonale advokatselskap, slik at ingen treng over bekken etter vatn

Server Sogn og Fjordane, frå kontora i Sogndal og Førde

– Tenker de å opne fleire kontor andre stader i fylket?
– Vi har kundar i Nordfjord, og ei vidare satsing der er eit naturlig neste steg. Vi har allereie vurdert etablering der, men har foreløpig kome til at vi kan serve Nordfjord frå Sogndal og Førde, seier Mellingen.

– Digitaliseringa av samfunnet påverkar korleis vi jobbar. Gode digitale verktøy gjer ein mindre avhengig av å vere fysisk til stades i dag, seier Degvold-Jonstad.
– Bedrifter har blitt veldig flinke til å bruke videomøter. Det fungerer veldig godt, og er ei effektiv løysing. Det same gjeld privatpersonar. Vi har klientar vi bistår via digitale løysingar, og det fungerer heilt fint. Vi er eit advokatfirma for heile Sogn og Fjordane, men ein treng ikkje fysiske kontor overalt i regionen for å gjere ein god jobb, seier Mellingen.

– Vi kan serve Nordfjord frå Sogndal og Førde

Arvid Mellingen seier dei no er rigga for å vekse vidare, både i Førde og resten av regionen.
Arvid Mellingen seier dei no er rigga for å vekse vidare, både i Førde og resten av regionen.

Gode advokatar er essensielt i eit stadig meir komplisert samfunn

Gode advokattenester blir stadig viktigare, i eit stadig meir komplisert samfunn.

– Behovet for advokattenester aukar, fordi samfunn og næringsliv er så gjennomregulert og komplisert. Det er vanskeleg å manøvrere i. Vi hjelper bedrifter og folk med dette. At verda blir stadig meir komplisert, aukar også kravet til advokatane.  Å drive som einsleg advokat i dag er ei enorm utfordring, seier Mellingen og held fram.

– Krava til system og kompetanse er så store at det krev større ressursar å trekke på. Det krev større og meir slagkraftige einingar, med fleire advokatar, der ein klarar å halde seg oppdatert på faget. Det er største endringa i yrket sidan eg byrja: Advokatar sit ikkje lenger åleine og jobbar med ei sak frå A til Å, i dag samarbeider ein. Ofte inneheld ei sak ulike juridiske problemstillingar, frå ulike juridiske fag. Då er det ein styrke å ha advokatar med ulik kompetanse og bakgrunn.

– Advokatar sit ikkje lenger åleine og jobbar med ei sak frå A til Å, i dag samarbeider ein.

Kjerneverdiane til Advokatfirmaet Tollefsen er at dei er seriøse, kvalitetsbevisste og imøtekommande. Om ein skulle lagt til ein fjerde hadde den handla om å vere oppdatert.

– Vi brukar mykje ressursar på å halde oss fagleg oppdaterte, blant anna er vi medlem i Eurojuris Norge. Det er ei samanslutning av 17 advokatselskap, som er leiande i sine regionar. Der hentar vi input og innspel, frå eit fagnettverk av 240 advokatar, seier Mellingen.

 


ADVOKATFIRMAET TOLLEFSEN

For privatkundar, næringsliv og det offentlige

Advokatfirmaet Tollefsen har kundar både frå næringslivet, offentleg sektor og privatpersonar.

– Næringslivet utgjer omtrent 50 % av oppdraga, og så fordeler resten seg omlag likt på privat og offentlig sektor, altså slik som bostyrar-, forsvarar- og bistandsadvokatoppdrag. Vi har og mange kommunar på kundelista, eit av dei siste oppdrag er å vere varslingssekretariat for eventuelle varslingar mot kommunedirektør i Sunnfjord kommune, seier Mellingen.
– Vi er også samarbeidsadvokat for Huseierne, og har avtale med NHO, slik at bedrifter som er medlem der får gode vilkår.

Døme på tenester :


*Bedrifter/føretak som treng hjelp med til dømes finansiering, inngåing av- og tolking av avtalar, arbeidsforhold, forhandlingar, overdraging av verksemder, personvern og så vidare.

*Staten/offentleg forvaltning.  Døme på tenester: bustyrar, bistandsadvokat, forsvarar og så vidare. Grunnerverv, ekspropriasjon, skjønn, plan- og bygningsrett og forvaltningsrett.

*Privatkundar: Døme på tenester: Skilsmisseoppgjer, arv, oppsett av avtalar, huskjøp, eigedom og testamente .


Treng du advokattenester?

Annonsørlenke

- Advertisment -

Aktuelt