UkategorisertBarndomsinteresse blei til livsstil – og ein visjon om å endre verda

Barndomsinteresse blei til livsstil – og ein visjon om å endre verda

Lite visste den idylliske øya Svanøy utanfor Florø at det skulle kome ein tilflyttar som kom til å bli ein ekte båtelskar med store ambisjonar. Leif A. Stavøstrand, gründer og CEO for Evoy, er født i Canada og kom til Svanøy saman med foreldra sine då han var 4 år gamal. Han kunne ikkje prate norsk då, men han forstod godt. Raskt lærte han språket av jamgamle kameratar på øya.

– Eg vaks opp rundt det maritime miljøet, med båtar, sjø, merd og fiske. Det blei eit naturleg fokuspunkt for meg og eg brukte mykje tid på båtar. Eg var 8 år då eg hadde min første båt! Det eg hugsar mest er den fridomskjensla dette gav meg. Meistringskjensla over å vere så ung og kunne manøvrere det som den gongen for meg var ein enorm båt – 16 fot, fortel Leif medan han mimrar. 

I tillegg til å bruke tid på eigen båt, samla Leif også på bilete av båtar. Han klipte dei ut i frå blad og limte dei inn i ei eiga scrapbook.

– Nokre var interessert i fotball og band, men hos meg var det båtar som var tingen! Før finn.no kunne du kjøpe båtblad med brukte båtar. Dei brukte båtane var mykje meir spanande enn dei nye, då dei nye båtane verka uoppnåeleg for meg fordi dei var så dyre. I scrapbooken hadde eg berre bilete av brukte båtar. Dette var kanskje litt sært når eg tenker meg om, ler han. 

Leif var flink på skulen, derfor var det ikkje rart at både familie og vener hadde forventa at han skulle studere allmennfag på vidaregåande skule, men slik blei det ikkje. 

– Eg var ikkje så fagleg sterk i tysk grammatikk, og opplevde for første gong eit fag eg ikkje meistra. På det grunnlag valte eg ei retning innan yrkesfag som eg visste eg ville interessere meg for: Sjøfart. 

Før han byrja på maritime fag i Måløy, gjekk han grunnkurs i elektronikk i Florø. 

Brann ombord og livstrugande orkanar på sjøen var friande samanlikna med utfordringane på land

Etter å ha teke sjøfartsfag på vidaregåande gjekk sjøvegen vidare til styrmannskulen i Bergen, deretter eitt år i Kystvakta, før eventyret på dei sju hav byrja. 

– Eg byrja på utanriksfart når eg var 24 år gamal på kjemikaliebåt for Odfjell. Dei bygde båtar i Florø på verftet på denne tida. Eg var i Odfjell i fire år og segla alle verdsdelar og verdshav. Det var eit liv utan bekymringar, fortel Leif.

– Var du ikkje redd for sjørøvarar og naturens krefter? 

Han tenkjer seg om. 

– Det kan du sei! Eg såg ikkje slik på det. Det var utruleg spanande å sjå nye land, nye hamner, og få oppleve nye utfordringar i jobben. Eg vaks mykje på leiarerfaring – dette var ein fantastisk modningsprosess for ein i 20-åra. I forhold til arbeid på land, blant anna på Fjord Basen, var det mindre bekymringar ute på sjøen.

(Artikkel held fram under biletet) 

– Det var to år eg var på fiskebåt der vi var ute i storm og orkan i ein relativt liten båt. Her hende det at eg tenkte «oi, oi», men eigentleg ikkje. Eg kjende meg trygg på dei store kjemikaliebåtane, då eg tenkte at dei tålte alt av vêr, men det er klart eg har opplevd både nær kollisjon, brann fire gonger, éin gong midt i Stillehavet! Orkan og storm, og ein gong var eg flåtesjef i eit selskap der vi dessverre mista ein mann i ei arbeidsulykke. Det er ikkje alt ein vil vere med på, men slik er livet. Det var ei særs spanande tid, og det er veldig kjekt å ha det i «bagasjen». Ein blir fort «grå i skjegget» når ein er med på slike opplevingar og har store ansvarsområder: Eg gjekk blant anna frå kadett til førstestyrmann, overstyrmann og deretter kaptein. Det tok 17 år å bli kaptein. Det er ei lang reise med mykje erfaringar undervegs. 

Leif er stille ei periode, før han held fram: 

– Det er rart å tenkje på i dag for det er så fjernt i frå det eg held på med no.  

Vendepunkt på land

Eit viktig vendepunkt for Leif hende då han blei far.

– Då gjorde eg eit val, og ønska ikkje å halde fram med å segle. Eg ville heller vere heime medan barna var små, og så fekk eg sjå korleis det utvikla seg. Då fekk eg jobb som baseleiar på Saga Fjordbase. Dette var ei ny næring for meg, og eg måtte byrje heilt i frå scratch. Det gjekk fint. Eg blei etterkvart viseadministrerande direktør, og deretter administrerande direktør på Saga Fjordbase. 

Ein annan faktor som var mykje fokus rundt på slutten av 2000-talet var miljø, og Leif leste mykje om dei globale endringane verda sto overfor. 

– Eg las «6 Degrees» av Mark Lynas, som skremte meg. Den tek for seg kva som skjer med jorda i dei ulike gradene av varmeauking. Vi har allereie passert grad éin og vi er på veg til å passere grad to snart. Garantert. Går vi over i grad to kjem vi til eit «tipping point» der vi ikkje klarar å reversere global oppvarming. Dette uroar meg. Dette tenkte eg ikkje på når eg var på sjøen. Vi har eit gigantisk problem, det verste vi som dyreart har stått overfor, og dette må løysast! 

Han fortel at han har brukt mykje tid på å lære om dei globale utfordringane, og kva tiltak ein kan gjere for å forsøke å stoppe dei. Både på jobb og på fritida. Blant anna var det Leif som sette i gang «Lean and green» base i Saga Fjordbase i 2016, som raskt gav gode resultat. Dette kulminerte i 2017 og Leif bestemte seg for å satse. 

Dei gode ideane kjem i godt selskap

Alle har vel høyrt om den legendariske «whiskey workshop» med Leif og far hans? 

– Etter fleire whiskey workshop-kveldar med far kom vi saman fram til ei løysing på korleis vi kunne byggje ein båt som passa fint med det elektriske. Eg hadde ei grunninteresse for elektrisitet og ville kombinere dei to interessene mine i ein ny idé: El-båtar. Vi byrja å sjå på marknaden og kva som eksisterte av slike system. Vi fann ingenting som passa oss. 

Her såg dei på eit behov som dei ikkje fekk dekka. Ut i frå den eine whiskey workshop-kvelden byrja eit nytt eventyr for Leif, og det var Evoy. 

I 2018 dukka Leif opp i Aksello sine lokale. 

– Ein får ikkje slike ting til å gå utan hjelp. Hos Aksello fekk eg plass å sitte og tilgang til rådgjevarar og hjelp til å søke kapital. Det finnast el-båtar i dag, men fellesnemnaren i denne marknaden er at båtane er små og har svake system på saktegåande båtar. Eg meinte det burde vere mogleg å bygge båtar med litt fart i. Potensialet var der, men det var mykje vanskelegare å få til enn kva eg hadde sett for meg. Det har vore mildt sagt særs krevjande, men no er vi her. Vi får det til, men hadde eg visst kor utfordrande det ville vere på førehand hadde eg nok aldri gjort det, ler han.

Florø skal endå sterkare fram på kartet! 

– Båtbyggjarar er stort sett kundane, men gjennom desse finnast det sluttkundar. Dei fleste kundane er frå oppdrettsbransjen, men også frå straumselskap, turisme, hamnevesen og demobåtar. Det grøne skiftet er ein sterk framdrivar for oss. Vi slepp å bruke tid på å fortelje at det grøne skiftet kjem – det veit alle. 2021 har vore eit modnings-år for oss. Det vil også 2022 vere, medan vi gjer oss klar for større innrykk – for det vil komme! 

– Det er nervepirrande og spanande å tenkje på at Evoy spelar ei så sentral rolle i ei global omstilling. Vi får telefonar frå heile verda kontinuerleg. Vi ønsker å hjelpe alle, men vi klarar det ikkje endå, seier han. 

Turen gjekk frå ein pult i Økland-bygget til nokre cellekontor i Peak-bygget i byen. Så vaks Evoy ut av Peak-bygget. No har dei 30 tilsette og er dei veks framleis. Evoy skapar arbeidsplassar og sørger for eit rikt mangfald av menneske i Kinn kommune. 

– Vi har også satt opp ei høgkompetansebedrift i Florø, som bidrar til positive ringverknader regionalt og nasjonalt. Vi opplever dessverre at mange ikkje veit kvar Florø er. Derfor er det viktig for meg at vi bidrar til å sette Florø på kartet. Ikkje berre nasjonalt, men internasjonalt, avsluttar Leif. 

Team Evoy
- Advertisment -

Aktuelt