AnnonsørinnhaldKven kan fylle kontorlokala til Florø sitt største entreprenørfirma når dei flyttar...

Kven kan fylle kontorlokala til Florø sitt største entreprenørfirma når dei flyttar ut?

Bilete i toppen: Bengt Hammerseth og Knut-Einar Grønsberg.

Det er ingen hemmelegheit at Grønsberg Bygg AS har vakse sida dei flytta inn i nyoppussa lokale på Krokane. Det var ei omstilling å gå frå kjeledress på jobb og slåss om det vesle toalettet på meierikaia i sentrum, til å kome til 200 kvm med sollys og varme omgivnadar, men dei har no klart seg bra enn då!

Dagleg leiar og eigar, Knut-Einar Grønberg, og medeigar og driftsleiar Bengt Hammerseth, fortel om det gode miljøet og dei suksessfulle åra på Krokane.   

– Vi hadde lenge sett etter å kjøpe eige hus i byen. Ica selde dette bygget saman med 10 andre Ica-butikkar i Norge. Vi gjekk saman med fleire andre aktørar og privatpersonar i Norge for å kjøpe opp alle desse næringsbygga. Det har eg ikkje angra på i ettertid!, seier Knut-Einar.  

Fekk bensinstasjonen med på kjøpet!

– Eg gjekk rundt og målte og målte, men fann ut at tala ikkje stemte. Då ringte eg til seljaren, og ho sa eg også måtte måle opp bensinstasjonen! Eg trudde ikkje at bensinstasjonen var med, men det var den. Eg blei ganske fornøgd då eg fekk vite dette,  seier Knut-Einar og ler. 

Eventyrleg vekst

– Det var viktig at vi fann oss ein plass som var innanfor sentrum, seier Knut-Einar. 
– Og at det var god lagerplass, legg Bengt til. 

– Vi ville ha ein synleg plass, og du får ikkje noko meir synleg enn dette her. Vi har hatt ein eventyrleg vekst sidan vi flytta inn hit, fortel Knut-Einar. 

Mogleg å tilpasse lokala til leigetakar

I det solfylte glasbygget er det 200 kvm med kontor, garderobe og fellesområde fordelt på to etasjar, i tillegg til 400 kvm med lagerplass i same bygg med takhøgd på 3,5 meter. Her er fire kontor til saman. Avgiftsfri parkering er også eit pluss. I tillegg er der ei flott takterrasse som er mykje brukt når det er fint vêr.

– Dersom leigetakar vil endre på noko skal ikkje vi vere vanskeleg på det. Vi stiller oss disponibel til å gjere det kunden vil, så lenge det er ei langtidskontrakt. Då kan kunden gjere så mykje den vil, seier Knut-Einar og smiler.

Det er dei sjølve som har innreia bygget. Her er mykje sollys og plass å boltre seg på. – Jo betre trivsel desto betre yter ein,seier Bengt. 

I tillegg til moderne fasilitetar på bygget er det kort veg til hus og heim, barnehage og barneskule, og eit steinkast unna kan du finne den beste varmdisken i byen. 

Tilrettelagt for å oppfylle draumar

– Vi ligg heilt perfekt til og vi har hatt ein naturleg vekst sidan vi flytta inn hit. No posisjonerer vi oss for framtida i dei nye lokala. Vi treng meir plass, både til nye el-bilar og el-kranbil, seier Knut-Einar.

Til entreprenøren eller firma som har ambisjonar om å vekse både for sin eigen del, men også for lokal verdiskaping, er glasbygget på Krokane tilrettelagt for at draumar skal kome i oppfylling. 

Infrastrukturen er satt, men det er deg som leietakar som kan sette draumar til live! 

Lokala er ledig i slutten av februar. Meld di interesse her

Innhaldproduksjon: Alexandria Nakpil Følsvik, Rein Design.

- Advertisment -

Aktuelt