SunnfjordFolk og feHåkon på toppen av verda

Håkon på toppen av verda

Håkon Åsvang (51) har ein lidenskap for fjellklatring. Det førte til at han vart første nordmann til å klatre Annapurna, eitt av verdas farlegaste fjell.

Tekst: Alexandria Nakpil Følsvik, Rein Design. Foto: Privat

Kl. 06.25 sender eg ein SMS til Håkon og minner han på møtet vårt i dag. Til svar får eg eit bilete av to bildekk, eit tau og ein nydeleg soloppgang på toppen av Brandsøyåsen følgt av teksten: “Takker! Blir kjekt dette!”. Med krølltanga i høgre handa og mobilen i venstre, klarar eg å trykke fram den beste skildringa av kva eg tenker: “OMG”.

 
Stemninga er god når vi treffast i Bravo Seafood sine lokale i Florø. Sola skin, og det er vår i lufta. I salongen deira har dei flott utsikt utover småbåthamna og Quality Hotel. Ein kan også sjå rutebåtane gå frå kai. Vi flyttar oss til konferanserommet i 4. etasje i Horne Brygge, med ei endå klårare utsikt over den vakre fjellkjeda som kransar bysentrumet og hamna. 

Utsikt frå toppen av verda, frå Mount Everest

Fjellentusiast
– Eg har alltid vore interessert i fjell, og heilt frå eg var ein liten gut klatra eg mykje. Når eg kom ned frå klatreturar var det veldig spennande å sjå på kartet kor høgt eg hadde klatra, og kvar eg hadde vore, seier han. 
19 år gamal byrja Håkon å studerer i Sogndal, og då vart han introdusert for kjempene sitt fjellområde: Jotunheimen. Takka vere dei mektige fjellområda i Jotunheimen, med omfattande høve for klatring, og eit sterkt friluftsmiljø rundt han, utvikla interessa for fjellklatring seg til å bli ein lidenskap. Han tok klatrekurs i Jostedalen, og sette seg raskt eit mål om å klatre 2000-meters toppane i Jotunheimen. I kvar ledige stund har han reist rundt i Norge for å klatre dei klassiske toppane, der i blant Stetind og Romsdalshornet. 

Seven Summits
Fleire år med norsk natur og fjellheim har satt sine spor hos Håkon. Han elskar å vere ute og har vanskeleg for å skildre kva som er det beste med det. Men kva gjer ein når ein har nådd alle sine målsettingar i 30-åra? For Håkon stoppa det ikkje der. I 2014 byrja han på si neste målsetting: Å klatre Elbrus, Europas høgaste fjell. Med sine 4741m er det eit av dei sju fjelltoppane i verda som utgjer Seven Summits: Det høgaste fjellet på kvart av dei sju kontinenta.
– Det gjekk bra. Eg kjende høgda, og var både kvalm og svimmel på toppen, men det var ei god erfaring.
Vidare sette han seg eit mål om å klatre Aconcagua: Sør-Amerika sitt høgaste fjell, som nesten når 7000m. I 2015 var det gjort. Etter å ha klatra Aconcagua kjende Håkon seg særs sterk og hadde trua på seg sjølv. Og med anbefalingar frå guiden sin, blei det fort satt eit nytt toppmål. “Klatre Mount Everest! Det er kanskje ein av dei sikraste 8000-meterstoppane å klatre”, hadde guiden sagt. På Mount Everest er det godt tilrettelagt for redningshelikopter. Når han kom heim til Norge var det rett inn og Google-søke “Everest expedition 2016”. Der kom han i kontakt med eit søskenbarnpar frå Bergen, som også trena til Mount Everest, og ikkje lenge etter byrja treninga og førebuinga til topp nummer tre i Seven Summits. 
Med Elbrus (5642m) i 2014, Aconcagua (6962m) i 2015 og Mount Everest (8849m) i 2016 i bagasjen sørga Håkon for å nå ein ny fjelltopp kvart år. Han heldt fram med Kilimanjaro (5895m) i 2017, og heile tre fjelltoppar i 2018: Karstenz Prydz (4884m), Denali (6190m) og Mount Vinson (4892m). I 2019 nådde han ein personleg og global milepæl, med å vere første nordmann på toppen av Annapurna (8091m), eitt av verdas farlegaste fjell.

Håkon på Mount Everest.

“Vil du det sterkt nok, så klarar du det!”

– Du seier du likar å klatre, men du er klar over kor farleg det kan vere. Kva er det som motiverer deg til å sette deg slike mål?
– 
Eg likar å utfordre meg sjølv og sjå kva eg kan greie. Everest var ein drøm eg hadde som gut, som eg aldri hadde trudde eg skulle oppnå. Eg såg opp til heltane som klatra Everest, men tenkte at dette var uoppnåeleg for meg. Med eitt og eitt steg om gongen byrja eg å ha trua på at eg kunne meistre det. Dei aller fleste klara det dei vil, så lenge dei vil det sterkt nok. 

Slike augneblikk er det berre dei som vågar å kaste seg ut i eventyret.

God form og eit godt team
Håkon elskar å trene og vere aktiv. Til vanleg spring han opp Brandsøyåsen med to bildekk på slep på morgonen, og ror 2 mil på romaskin på Spenst seinare på kvelden, gjerne følgt av pull ups. I følge Håkon er det avgjerande å vere i toppform og ha god sjølvtillit før ein tar for den utfordringa det er å klatre verdas høgaste fjell. I tillegg til å vere i god form, blir han motivert av den enorme støtta han får frå lokalbefolkninga i Florø, både av venner og kjende. Det varmar når han får høre at han har bidrege til å motivere andre til å byrje å klatre og gå i fjellet. Den viktigaste motivasjonen har vore støtta frå kollegaane i Bravo Seafood, og å lese om andre som satsar og oppnår draumane sine, som norske toppidrettsutøvarar og ekspedisjonane med Amundsen og Nansen. Han lærer mykje av å lese om og sjå dokumentarar om ekspedisjonar. Slik førebur han seg til sine eventyr. 
– Det er viktig med eit godt team på ekspedisjon, seier Håkon
– Du må ha med deg menneske som du stolar på og trivast å vere saman med. I tillegg til gode turkameratar, har dei med seg sherpaer som er fjellførarar og vegvisarar. 
Håkon skildrar eit unikt forhold som blir knyta mellom alle som er i ekspedisjon saman. 

Ubeskriveleg 
Håkon fortel om vanvitige naturopplevingar og skildrar urørt natur til dømes på toppen av Mount Vinson i Antarktis. 
– Du ser ingen andre. Inga forsøpling. Det er mektig å stå der i det landskapet. Sjølv om eg har brukt mykje pengar på dette, så er dette opplevingar ein ikkje kan måle i kroner, seier han. Ei slik interesse inneber mykje trening, og ikkje minst mot. Terrenget kan ikkje samanliknast med stien opp til Trolltunga ein julidag. Håkon fortel om engstelege foreldre og søsken heime i Fusa. 
– Det er på ein måte litt egoistisk, men eg må få lov til å gjere med livet mitt som eg vil, sjølv om eg ser kva det kostar foreldra mine.

Gutedraumen
– Det er Everest som har satt mest spor, sidan det var draumen som gut. Før du når toppen kjem du til ein topp som heiter South Summit….” 
Håkon stoppar midt i setninga og ser ut vindauget. 
– “Eg får gåsehud!” seier han og viser meg armen sin der håra har reist seg. Han trekker pusten før han held fram: 
– Nei altså det er heilt fantastisk! Soloppgangen kjem, du står der, du veit du er sterk. Du greier dette. Du sit der saman med ein god kamerat og tar inn utsikta. Eg tok rundt han eg var saman med, og takka han for at han hjelpte meg til å nå draumen min. Det var berre heilt fantastisk å stå der.
Mellom fjellklatringa busette han seg i Florø i 1994, og har sidan den gong bygd seg opp ei solid karriere innan havnæringa. I dag er han éin av sju eigarar av lakseeksportfirma Bravo Seafood, som i 2020 hadde ei omsetning på over 1,2 milliardar kroner. 

Som den våghalsen og drøymaren han er, med sitt venlege vesen og gode utstråling, er han ein av dei som sett farge på Kinn kommune. Håkon satsar og gjer draumar om til verkelegheit. 

- Advertisment -

Aktuelt