AnnonsørinnhaldBur du i Førde? Då kan du få havets delikatesser heilt heim!

Bur du i Førde? Då kan du få havets delikatesser heilt heim!

Du treng ikkje reise langt for god mat! I alle fall ikkje når gjengen på Sjøkanten i Florø gjerne leverer til Førde.

På Sjøkanten står dei på kvar dag og leverer fersk fisk og nydeleg lunsj på Amfi i Florø. Dette har dei gjort sidan dei opna dørene i november 2020. Ryktet om den bognande ferskvaredisken, heimelaga fiskekaker og dei smakfulle tapasbretta til Sjøkanten nådde raskt eit godt stykke ut frå Florø, så i fjor leverte dei delikatessemat heile vegen til Sandane på bestilling! No ønsker Sjøkanten å ha faste dagar med levering til Førde også. 

– Vi er så heldig å ha så mange gode stamkundar i Førde, og vi er takknemleg for at dei reiser til Florø for å handle med oss. No ønsker vi å gjere handlevegen deira kortare ved å tilby at vi kan kome til Førde. Vi vil gjerne vere så tilgjengeleg som mogleg for våre kundar, og vi ønsker at fleire skal nytte seg av oss, seier Elise Aagesdatter, ein av eigarane på Sjøkanten. 

Synast du dette er ei fantastisk nyhende? Då er du ikkje åleine! Fleire av stamkundane i Førde har etterspurt Sjøkanten om dei ikkje skal opne for drift her. 

– Det har vi ikkje anledning til endå, men vi ønsker å vere så tilgjengeleg som mogleg med dei ressursane vi har, fortel Elise. 

– For at vi skal kunne levere av beste kvalitet, må vi ta bestillingar i nokre dagar i forkant av levering. Til dømes: Skal vi levere i Førde på torsdag, må vi bestille søndag i førevegen, avsluttar ho. 

Skal du ha besøk, eller planlegger du å feire noko særskild dei neste vekene? Eller vil du berre feire din fantastiske eksistens i eige selskap? Då er Sjøkanten med på å sette stemninga og bidrar til ei smakfull oppleving for deg og gjestane dine! 

På menyen kan du førehandsbestille følgande:

Tapasbrett

Ostebrett med spekemat

Skaldyrkorg

Sushibrett

Brokkolisalat

Bacalao

Fiskekaker

Fersk fisk og skaldyr

Dersom anna er ønskeleg ta kontakt med Sjøkanten

Bestilling på telefon 95031302 eller messenger på Sjøkanten sin Facebook. Bestilling må vere inne innan onsdag 02.02.22. Levering i Førde 04.02.22 kl. 18.00 på parkeringsplassen til Bohus.

Dersom ikkje dette freistar veit ikkje vi!

Les meir om Sjøkanten her

- Advertisment -

Aktuelt