Hjem Sunnfjord Folk og fe Håvard siktar mot toppen i Formel 4

Håvard siktar mot toppen i Formel 4

0
2443
Grande Finale Mantorp Park

Når førdinarar Håvard Hallerud går på jobb, kryp han ned i ein Formel 4 Renault, som går frå 0-100 på 3,1 sekund, med toppfart på over 220 km/t. Håvard må tole G-krefter i svingar tilsvarande det ein møter i jagarfly, og mister han kontroll er han brått luftboren.

– Toppfarten er i teorien 225 km i timen, men eg har aldri vore oppe i meir enn cirka 220.  Det er ikkje farten som er det vanskelige i denne sporten. Dei fleste ville kunne sette seg inn i ein Formel 4-bil og køyre fort rett fram. Det er meir krappe svingar og avkøyringssoner som gjer dette utfordrande. Dei første gangane er det superskummelt, så blir det meir og meir ei vanesak, smiler Håvard Hallerud. 

På veg heim frå Inernasjonale Finalen på LeMans 2018 konkluderte Håvard at han hadde kommet så langt som det var mulig å komme i racing på et normalt familiebudsjett. For å utvikle seg videre måtte vi flytte til Europa og drive Formel K på fulltid med en kostnad på 3-4 millionar i året. Så da tenkte eg at nå kan eg kjøpe meg en Porsche for de pengene vi sparer på å slutte med gokart. Mens vi lå på autobahn i Nord-Tyskland ringte Team Greenpower og ville ha Håvard på testkjøring i Formel Nordic på Rudskogen. Da han kom inn etter første testen og vippa opp visiret så jeg at det ikke ville bli noen Porsche likevel, seier manager Eivind Bredrup Petersen. Foto: Privat.

Fysisk og mental utfordring


Å køyre fort på bane er ei samansett øving. 
– Utfordringane ligg i svingane. Ein skal bremse inn i den, halde høgast mogleg fart gjennom den, treffe på linjer og sporval og ikkje minst treffe på gassen ut av svingane for å få med fart ut på strekkene. Samtidig må du stå i mot kreftene som verkar på kroppen og halde hovudet rett, halde hendene på rattet og beina på pedalane. Du må stramme musklane i magen, ryggen og i beina for ikkje å «dovne vekk» i svingane. Forskjellen på 10 cm til høgre eller venstre i inngangen på ei kurve kan bety hundredelar eller tidelar på rundetida. Du må halde maksimal konsentrasjon og presisjon kvar einaste sving og kvar einaste runde i 20-30 minutt. Kjøreteknikk, presisjon, konsentrasjon, styrke og utholdenhet. Det er der idretten ligg. Som førar veit ein heile tida kor grensa går, og kor det absolutt siste punktet du kan bremse på i svingen er. Du har god kontroll, og tenker ikkje på risiko når du køyrer. I blant er det episodar der ein kvepp til, men ein må berre halde fokus på køyringa.  Det er eigentlig eit fly dei køyrer. Det går i alle fall meir enn fort nok til at du lettar fysisk frå bakken om du mistar marktrykk. Håvard hadde ein bra luftetur i fjor, seier manager Eivind Bredrup Petersen. 

Siktar høgare for kvart år 

Håvard starta å konkurrere i gokart som niåring og har siste åra vore i Norges-toppen. Det er blitt to NM-titlar i Formel K, fire nasjonale meisterskap, samt fleire topp-plasseringa nasjonalt og internasjonalt. 
– Håvard byrja i Formel Kart i 2008, og kjørte over 250 løp nasjonalt og over 50 internasjonalt. I sin klasse var han stabilt topp 20 i verda når utstyret fungerte. Siste året med Formel Kart, plasserte han seg som nummer 5 i IAME International Open Championship 2018, som er eit opent verdsmeisterskap, fortel Eivind. 
I fjor debuterte Håvard i Formel 4, i den nordeuropeiske Formel Nordic-serien beståande av team frå Island, Norge, Danmark, Sverige, Finland, Estland, Lativa og Litauen. Det enda med fjerde plass i samandraget og «Rookie of the year», året nybyrjar. Han vant sesongfinalen 2019 på Mantorp Park i Sverige. I år er ambisjonen enno litt høgare.– I fjor var Håvard læregut. I år er målet å ta nokre steg til. Det er berre to nordmenn som hevdar seg på dette nivået: Håvard i Formel 4 og Dennis Hauger i Formel 3.  

Tidleg krøka 

Sidan Håvard hadde byrja på skule før han byrja å konkurrere i motorport, kan ein kanskje ikkje seie han var fødd til dette, men han venta heller ikkje så lenge før han byrja. 

– Eg har alltid hatt ei interesse for bil, og syntes at motorsport var kult. Eg likte å sjå på Petter Solberg, og spelte rallyspel på Playstation2. Det første møtet med racing kom når eg skulle på sommaridrettsskule, når eg var 8 år gamal. Ein av tinga vi skulle gjere var å køyre Go-kart. Eg gleda meg vilt til å prøve. Sjølv om eg køyrte veldig sakte, så var det utruleg gøy. Eg byrja å mase på pappa om å få prøve meir. Etter ei veke fikk eg det, og då slo eg fast at eg ville bli racerkøyrar. Der byrja det, seier Håvard med eit smil, og fortel at han no skal til på sin 13 sesong som førar. 
– Dette er sikkert eit dumt spørsmål, men du har jo kjørt mange tusen timar med Go-kart før du skulle ta lappen. Då gikk det vel det ganske greitt?
– Køyringa sat, det var verre å med teorien. Det var mykje reglar å huske, så teoriprøva var verst, seier han og ler. 
– Eg huskar godt kor han klaga på kor ubehageleg det var å køyre med møtande trafikk i starten, smiler manager Eivind. 
– Eg vente meg til det, men dei første dagane var det litt snålt. Det ligg litt i ryggmargen i racing å aldri køyre mot køyreretninga. Og så kan du jo bruke heile køyrebana, gliser han.  

I videoen under var Håvard tilbake etter lang pause grunna korona, og klar for å køyre bil att. Eigentleg skulle sesongen starta rundt påske.

Jobbar for å bli betre kvar einaste dag 

På spørsmål om kvifor han driv med Formel 4, og legg så mykje tid og energi i å bli best, kjem svaret særs raskt. 
– Det er utruleg gøy: Eg elskar å køyre bilen, og konkurrerer med andre førarar. I Formel 4 køyrer alle ein Renault med 1,6 liters motor på 145 hk. Den veg 480 kilo, og har plombert motor, så bilane er heilt like. Det er førarprestasjon som avgjer resultatet. Difor må ein heile tida strekke seg mot nye mål, lære og utvikle seg, seier han. 

– Eg trener så godt som dagleg, både køyring og fysisk trening. Det er store fysiske belastningar på kroppen, så det er viktig å vere i god form. Køyringa trener eg på både i bil og simulator. Simulatoren er viktig, i høve at eg der kan trene på dei banene der løpa går til vanlig. Då lærer du banene, kva sporval du skal ta, når du skal bremse osv. Når ein då kjem for å køyre bana fysisk kan ein konsentrere seg om å køyre fort, ein slepp bruke tid på å venne seg til bana og blir kjent med den, seier Håvard og understreker at bilkøyringa er viktigast. 

– Du får ikkje den kjensla i kroppen i simulatoren som du gjer i bilen, og girskifta er også annleis. Simulatoren gir motstand i rattet, men ikkje G-krefter som på ei bane. På Vestby har dei simulator med karbonkarosseri som beveger på seg, så den simulatoren gir litt same kjensle om køyring, og den er difor særs artig å trene i. 

Jobbar seg mot Formel-toppen 

Målet vidare er å ta ytarlege steg i Formel-systemet.

– Eg har lyst til å vise at sjølv om ein kommer frå ein liten stad på Vestlandet skal det være mulig å nå fram i ein av verdas største idrettar, slår Håvard fast. 

Håvard satsar for fullt på ei framtid som Formel-sjåfør. Foto Roy Sunde.

– Det er om lag150 førarar som konkurrerer i ulike seriar på verdsbasis på Formel 4-trinnet. Det neste trinnet er Formel 3, med 50-60 førar på verdsbasis. Toppen er Formel 1, med 20 førarar, så trakta blir smalarar og smalare, seier Eivind og deler ei utfordring til. 

– Det er berre tre trappetrinn opp til toppen: Formel 1. Kor lange dei trappetrinna er kjem enkelt sagt litt ann på kva ressursars ein har til rådvelde. Den store «partykilleren» i å bevege seg oppover i systemet, er prislappen. Det første trinnet kostar cirka 6 millionar kr. Det neste cirka 8-12 millionar, og det tredje drygt 50- 100 millionar. Det finnast døme på førarar der pappa har kjøpt eit team i Formel 1, for å sette det på spissen, seier Eyvind og fortel at eit fåtal førar får betalt for dette.  

– Dei fleste som køyrer Formel-bil på ulike nivå må sjølv stille med mykje pengar. Om du er god til å køyre, og har gode kontaktar, kan du bli oppdaga av ulike talentutviklingsprogram. Det er ein av vegane vidare, at eit team vel å investerer i å utvikle deg til ein Formel 1-førar, via ein management-avtale der dei bidreg til å få deg dit. Og så kjem payoff for teamet i form av dei ekstreme reklameinntektene i F1.  Men dei fleste er avhengig av private sponsorar, som betaler gildet. Sjølv i Formel 1 får berre ca. halvparten betalt av eit team for å køyre. 

Målet er at Håvard skal bli førar i det som blir kalla Formel E, den elektriske Formel 1-serien. – På yting tilsvara det Formel 2. Det er ein særs spennande serie, fordi alle konkurrerer på likt vilkår, samtidig som ein må ta omsyn til kompliserande faktorar som energistyring av batteri og ikkje bruke meir energi enn nødvendig under løpet.  Alle «dei store», som Audi, BMW, Mercedes, Renault og Porsche, satsar no på Formel E, og brukar det som testarena for å utvikle framtida sine elbilar. Det blir på same måte som Formel 1 på 70-, 80- og 90-talet var testarena for utvikling av dagens teknologi for bensin- og dieselbila, seier
Eivind og fortel at det er ei stadig smalare nålauge å komme seg gjennom.

Eivind Bredrup Petersen. Foto Roy Sunde.

På jakt etter sponsorar 

Om du skal hevde deg i toppen i motorport, så krevjast det med andre ord pengar. Ein stad mellom 1,2 og 1,5 millionar kroner er prislappen som skal til for ein sesong i Formel Nordic. Laget Håvard  køyrer for, Team Greenpower Racing & Technology betaler deler av satsinga. 
– Det er litt spesielt med situasjonen for Håvard og HP Racing Team i årets sesong. Vi betaler berre ein del av det det kostar. Over halvparten blir dekka av teamet fordi pappa Eivind tek jobben som mekanikar for Håvard. Det er litt spesielt, seier manageren og fortel at resten kjem frå private sponsorarar. 
– Marknadsarbeid er ein veldig stor del av satsinga innan motorsport. Du er heilt avhengig av å få inn nok sponsorar. Alt i alt har vi nærmare 20 sponsorar, med smått og stort, seier Eivind, som vi også involverer etter beste evne. For å få denne sesongen til å henge saman er vi framleis på jakt etter noen gode samarbeidspartnarar, seier han og fortel at dei er særs oppteken av lytte til sponsorane deira, og finne gode løysingar for korleis dei kan marknadsførast. 
– Vi er flittige på digitale medium, og har bygd oss opp på sosiale medium som Facebook, Snapchat og Instagram, der vi postar, både eigne innlegg og sponsorinnlegg. Det har blitt kanalar med god merksemd rundt postane. Statistikken viser mellom 1000-3000 som ser kvart innlegg, så vi prøvar å gi tilbake merksemd til sponsorar våre. Vi lagar til utstilling hos fleire av sponsorane våre i løpet av sesongen. I løpet av sommaren kommer vi til å stille ut løpsbilen og tilby simulatorkjøring hos fleire sponsorar, og skal også ha ein stand i forbindelse med messa «Bil i Førde» i september. Dersom vi kan skape aktivitet hos ein sponsorbedrift ser vi på det som en god ting samtidig som det for Håvard er motiverande å ha ein relasjon til sponsorbedriftene.
– Vi lagar blant anna eit teambyggings-opplegg som vi tilbyr sponsorar, der dei får bli med oss og sjå på kva vi driv med, der dei får køyre Go-cart med meg som instruktør. Og dei konkurrerer mot meg på simulator, seier Håvard. Dei sponsorane med beste rundetid på simulator får ein gratis testdag med Team Greenpower på Rudskogen. Ifjor fekk fire tilsette i Håvard sine sponsorbedrifter tilbodet om å komme dit.

Bli med på ein tur med Håvard i videoen under