SunnfjordAktueltVil du jobbe med Gaming og E-Sport?

Vil du jobbe med Gaming og E-Sport?

Vestland er ein spydspiss i utviklinga av e-sport og gaming i Norge. Blant anna har Vestland Fylkeskommune, som den første i landet, vedteke ein eigen strategi e-sport. 

E-sport og Gaming er ikkje noko nytt. Alt på 70-talet konkurrerte folk i spel som Space Invaders, men det vart først på 90-talet, med internett, at det tok av. Talet utøvarar har passert 200 millionar, og i fjor såg nesten ein halv milliard menneske på e-sport. Her i Norge blir det danna E-sportklubbar overalt, skular tilbyr E-sportlinjer og sporten berre veks. Og i spissen av utviklinga ligg Vestland. 

– Vestland har teke kvantesteg dei siste åra på utvikling av E-Sport og Gaming som fritidsaktivitet. Vestland fylkeskommune har, som første i landet, vedteke ein eigen strategi for E-sport med mål og tiltak for åra framover, som skal legge til rette for E-sport/Gaming som fritidsaktivitet, innan forsvarlige og sunne rammer, seier Frank Willy Djuvik. 
Han er samfunnskontakt Vestland, i Vestlandet E-sport, ein interesseorganisasjon for lag, foreiningar, organisasjonar og utøvarar innan dataspeling og elektronisk sport på Vestlandet. 

– Men, kva er eigentlig E-sport? 

– Det står for elektronisk sport. Altså konkurransar ved bruk av PC/spelkonsoll/mobil. Og det er like variert som anna idrett: Her finn du alt frå sportsspel, til strategi, eventyr, slåssing, krig, motorsport og så vidare. Breidda er utruleg, så her styrer ein ut frå eigne interesser. Det at det er eit slikt mangfald av spelsjangrar og moglegheiter, gjer det også krevjande å utdanne gode instruktørar. Du må klare å organisere eit breitt tilbod, som treff innan dei ulike sjangrane. 

Frank Willy Djuvik

Breitt samarbeid 

Vestlandet E-sport samarbeider tett med Idrettsklynge Vest i utviklinga av Gaming og E-sport i Vestland gjennom satsinga Aktive Gamere, ein møteplass og Norges breiast samansette tverrfaglige kompetansemiljø innan gaming og e-sport. Idrettsklynge Vest består av Vestland idrettskrets, Vestland fylkeskommune, Bergen kommune, Helse Bergen, Olympiatoppen Vest, SK Brann, Høgskulen på Vestlandet og Universitetet i Bergen. Dei samarbeider også med Energisenteret for barn og unge, på Haukeland Universitetssjukehus, som brukar Gaming som ein del av behandlinga i spesialisthelsetenesta. Formålet er å styrke samhandlinga innan idrett, fysisk aktivitet og folkehelse i Vestland fylke.

– Samarbeidet har blant anna resultert i ei instruktørutdanning for E-sportinstruktørar. Vi utdanna 60 instruktørar i fjor, og reknar med å utdanne minst 100 i år. Det har også blitt etablert ei rekke E-sportklubbar og fritidstilbod rundt om i Vestland, i samarbeid med idrettslag, organisasjonar og andre. Det har gitt over 1000 barn og unge i Vestland eit organisert tilbod, der dei møtast på same vis som i organisert idrett, til faste tider, med instruktørar. Dei etablerer lag og spelar i turneringar. Vi er i gang med å etablert eigne breiddeturneringar i vår region, for alle tre vestlandsfylka, seier han.  


Organiserer vekk dei negative sidene av gaming 

Mange uroar seg over negative sider ved Gaming. 
– Gaming/E-sport er eit område som er i sterk vekst, og 86 % av alle barn mellom 9-18 år driv med Gaming i ein eller anna form. Vi veit at gaming også har negative element, Det kan bli for mykje speling, for lite søvn, dårlig kosthold og det finnast usunne digitale miljø, prega av slett oppførsel. Det ønskjer ein å komme til liv gjennom organisering av tilbodet, og samarbeid mellom ulike aktørar. Vaksenpersonar som bidreg inn i miljøet, grensesetting, digital danning etc. Det er også grunnen til at vi har sterkt fokus på å utdanne instruktørar.  I tillegg har studentar, som skriv oppgåver innan E-sport som ein del av samarbeidet, utvikla eit eige fysisk treningsopplegg for gamerar, seier han. 

Norges mest spennande jobb? 

 Vestlandet E-sport er i ferd med å nå ein ny milepåle i satsinga.

– Vi skal tilsette ein E-sportkoordinator for Vestland, det blir utruleg spennande å få på plass. Det er ein unik jobb: Her får ein jobbe tett med å utvikle Gaming og E-sport i Norge. Det er eit relativt nytt felt i Norge, der ein får vere med på å utvikle noko som vil danne grunnlaget for ei næring/aktivitet, som mange hundretusen barn og unge vil dra nytte av i åra som kjem. Dette er nybrotsarbeid, og personen som får jobben blir ei viktig brikke i å organisere korleis dette skal bli i Norge, og kva haldningar samfunnet vil ha til Gaming, seier han og fortel meir. 
– Jobben er eit unikt høve for deg som brenn for utviklinga av Gaming og E-Sport som fritidsaktivitet. Vestlandet E-sport, Idrettsklynge Vest, og vår felles satsing Aktive Gamere, legg til rette for e-sport som ein sosial aktivitet, breidde- og toppidrettsaktivitet. Koordinatoren vil jobbe tett med E-Sport-miljøet i fylket og koordinere aktivitetar på tvers av ei rekke ulike aktørar. Ved å koordinere ressursane, samle og dele kompetanse og kunnskap, ønsker vi å finne gode løysningar og etablere fleire trygge, organiserte tilbod og inkluderande meistringsarenaer for barn og unge.

Nysgjerrig på jobben?

Lokal satsing: Vestlan 

Lokalt har det også skjedd mykje: Florø E-Sport, Sunnfjord Folkehøgskule har fått Gaming-linje og Spenst Førde har etablert eit Gaming-tilbod. Det beste dømet er VestLAN. 

– VestLAN vart til som eit resultat av eit breitt og godt samarbeid mellom aktørar som Enivest, Sunnfjord Utvikling, Framtidsfylket og Høgskulen på Vestlandet, samt ei rekke sponsorar, og vart ein suksess. Diverre har ein ikkje kunne gjennomføre sidan pandemien starta, men vi har stor pågang av folk som venter på neste. Når verda opnar igjen, er vi klar til å gå laus på neste VestLAN, seier prosjektleiar Allan Madsen. 
– Gaming og E-Sport er ei vekstbransje, med enorme moglegheiter. Vestland sit no i førarsetet og har alle moglegheiter til å gjere seg sjølv til ein attraktiv region for barn, unge, og gaming-interesserte. Gode E-Sport-miljø skaper meir mangfald, og bidreg til å skape gode oppvekstvilkår for barn og unge. Frank Willy og resten av Vestland E-Sport gjer ein fantastisk jobb for å skape merksemd og engasjement rundt E-Sport og Gaming. Norge har alle føresetnadar for å bli store på dette. Om ein ser til Danmark, så har E-Sport og Gaming passert fotball og handball i storleik. Interessa er der, no handlar det om å legge til rette for at alle som har lyst å engasjerer seg i dette får høve til det. Gjennom organiserte tilbod får barn og høve til å ta Gaming ut av rommet heime, slik at dei blir ein del av eit større fellesskap, med trygge råmer, og alle dei positive effektane dette har. 

https://www.vestlan.no

VestLAN: Linda Hovland, Framtidsfylket, og Allan Madsen, Rein Design
- Advertisment -

Aktuelt