SunnfjordEin eventyrlig jobb ventar på deg i havgapet!

Ein eventyrlig jobb ventar på deg i havgapet!

Stillingsannonse for Værlandet Kafe og Gjestehamn

Ledig stilling som kokk/dagleg leiar (English version here)

Har du erfaring med å lage mat, drive ein kafé, stå i pub eller drive ei gjestehamn? Drøymer du om eit litt annleis liv, i eit fantastisk øyrike, langt unna stress og mas, der du bur midt i eit eventyr av eit lokalsamfunn ute i havet? Då kan du berre lese vidare, for Værlandet Kafé og Gjestehamn treng ein dagleg leiar/kokk! 

Værlandet Kafé og Gjestehamn ligg i eit vakkert øyrike i havet utanfor Sunnfjord i tidligare Sogn og Fjordane fylke. På Værlandet bur du midt mellom himmel og hav, med havklippa Alden som nabo. Vi påstår utan å skamme oss at naturen her er noko av det vakraste landet vårt kan by på. Av den grunn får vi stadig fleire gjestar, og difor søker vi no etter ein dagleg leiar/kokk.  

Trivst du i opne landskap, med vid horisont? 

Om du trivast best med uteliv, shopping og travle bygater, så er neppe dette jobben for deg. Om du heller vil oppleve fantastisk natur, Værlandet sitt særmerkte landskap, havet, den vide horisonten her, vêr på sitt beste og verste, solnedgangar du aldri vil gløyme, padling i «Nordens Venezia» Værlandet og Bulandet, og eit lokalsamfunn der tid får ei anna tyding enn i storbyar – ja då treng vi deg!  

 
Bli ein del av eit levande, sosialt lokalsamfunn 

Om du kjem ut hit kan du skryte av at du bur i det vestlegaste busette samfunnet i Noreg, som består av over 365 øyer, og til saman rundt 460 menneske. Her ute lev vi tett på naturen, og haustar av den: Folket lev i hovudsak av fiske og fiskeforedling, lakseoppdrett, fiskereiskap, garnmontering, turisme og anna tenesteyting. Det er fleire ledige jobbar her ute, som ventar på driftige folk, så om du har med deg familie, er det råd å finne jobb til partner også. Her er det både hjarterom og jobb til fleire, i eit sosialt og aktivt lokalsamfunn. Vi kan også hjelpe til med å finne bustad om naudsynt.  

Værlandet Kafé og Gjestehamn 

Værlandet Kafé og Gjestehamn består av kafé/pub med matservering, alle rettigheter og sitteplass til 60 gjestar, gjestehamn og sanitæranlegg for tilreisande. Vi er så heldig å kunne hauste verdas beste råvarer frå havet, som ligg eit superkort steinkast frå arbeidsplassen din. Din jobb blir å gjere fantastiske, korteiste råvarer om til nydeleg mat til gjestar.  
 
Kontakt 

Om du syns dette høyrast spennande ut, så fisker du fram telefonen og ringer Freddy Ulltang på telefon 948 73 407, for ein uforpliktande samtale.  
Du kan også sende mail til Freddy.ulltang@enivest.net 

Stillingsbeskriving 

Kokk/dagleg leiar på Værlandet Kafé og Gjestehamn, med ansvar for matlaging og drift av anlegget. Jobben inneber også at ein må ha kontroll på økonomi, samt resepsjonsarbeid for gjestehamna. Det kan også komme administrative oppgåver i høve gjesteovernattingar.  

Rolla vil bli meir definert i samspel med eigarane, og tilpassa ønsker og behov for den rette personen. Du vil jobbe tett opp mot aktive eigarar, som bistår deg når du treng det, og du får stor fridom til å drive slik du ønskjer, og utvikle Værlandet Kafé og Gjestehamn til ein enno meir attraktiv destinasjon for fastbuande, båtfolk og landevegsfarande gjester. 

Arbeidsoppgåver: 

  • Administrativ og praktisk drift av kafé/restaurant/pub og gjestehamn.  
  • Vaktlister/bemanning  
  • Varebestilling 
  • Sette opp menyar, lage mat etc.  
  • Planlegging av arrangement og drift av pub 
  • Resepsjon for gjestehamna 
  • Reinhald  
  • Mulig resepsjonsfunksjon for Værlandet Havhotell.  
     

Kvalifikasjonar 

  • Du er initiativrik, positiv, sjølvgåande og serviceinnstilt 
  •  Har erfaring med å lage mat og drive ein kafé/restaurant/pub 
  •  Har grei kontroll på økonomi  
  • Trivast med varierte arbeidsdagar 
  • Har lyst til å vere med på å utvikle eigen arbeidsstad 

Vil tilbyr:  

  • Konkurransedyktig løn 
  • Opplæring 
  • Aktive eigarar som bistår deg med praktisk hjelp om naudsynt  
  • Stor fridom og tillit til å forme Værlandet Kafé og Gjestehamn, og utvikle den til ein enno meir attraktiv destinasjon for fastbuande, båtfolk og landevegsfarande gjester  
  • Vi kan være behjelpeleg med å skaffe bustad her ute, om naudsynt  
  • Varierte arbeidsoppgåver 
  • Moglegheit til sesongarbeid om ønskjeleg. Hovudsesong frå mai til september, elles kan ein ordne fleksible løysingar  
  • Disponerer bil 
  • Rekneskapskontor som tek seg av rekneskapsføring 

For søknad eller meir informasjon om stillinga, ta kontakt!

- Advertisment -

Aktuelt