SunnfjordAktueltFrå å ikkje ville bli noko, til å bli størst i byen

Frå å ikkje ville bli noko, til å bli størst i byen

Du skal no få bli betre kjent med Rein Design sin nærmaste nabo i Florø: Grønsberg Bygg

Etter du har køyrt forbi Norge sin største forsyningsbase for oljeindustrien, er det neste du ser på venstre hand Grønsberg Bygg sitt hovudkontor. Sidan dei flytta inn på Krokane i 2016 har dei dobla omsetninga. Det er snart jul, og entreprenørfirmaet har travle dagar, med byggingsprosjekt av både leilegheitskompleks og næringsbygg i Florø. Dagleg leiar Knut-Einar Grønsberg tek seg likevel tid til sine nærmaste (og beste) naboar for å slå av ein prat! Til tross for at dette ikkje var ein vanleg dag, det er «Sjølvasten» sjølv, Kåre Grønsberg, sin 78 års dag!  

Familiebedrift med gode minner  

Det er folksamt på Grønsberg Bygg og mykje som skjer. Kvar gong vi er innom kontoret til Knut-Einar er det mykje liv og røre. Det står skumnissar på bordet som vi får forsyne oss av. – Dette er favoritten til alle som jobbar her,seier Knut-Einar og smiler.  

– Det byrja våren 1971 med Kåre, far min. Seinare hadde han med seg bror sin, Agnar Grønsberg, og saman bygde dei hus. Det første dei bygde var huset eg vaks opp i: Åsheimvegen 3. Etter dette berre balla det på seg. Han har bygd alvorleg mange hus i Florø.

Knut-Einar har sidan han var liten gut vore med å bygge hus saman med far sin. 

– Det finaste var jo tida før sommaren når vi var ute og jobba med tak, og kunne sjå på solnedgangen. Det var fantastisk! Det er mykje friare å vere ute, i staden for å sitte inne på kontoret. Frisk luft er noko eige og avslappande. 

Etter vidaregåande byrja Knut-Einar på tømrarlinja. Sidan jobba han blant anna som sandblåser og sprøytemåler, starta eige firma og utført oppdrag for blant anna Norwegian Marine med luksusbåtar, før han kom tilbake til Kåre Grønsberg i 1994. I 2007 starta dei Grønsberg Bygg AS. 

– Vi jobba for å halde det gåande i mange år. Det var ingen særskild plan. Kåre ville ikkje bli større, han har alltid vore ein mann som står på og jobbar. Og han er framleis ute og jobbar i feltet, sjølv om han har passert pensjonsalder.  

Med røter frå Voss og Sogn 

Knut-Einar slår på tråden til han far for å høyre om han vil kome og fortelje nokon historier til oss. Heldigvis for oss var han tilgjengeleg, sjølv på sin eigen bursdag! 
– Er du frå Florø? 

– Kva? Nei hei. Eg har budd her i 50 år. Mor er frå Voss og far er frå Vik i Sogn, seier Kåre, som fekk sansen for Florø under eit oppdrag i 1967. Då var han med på å sette opp den første siloen på Felleskjøpet på Evja. Kåre jobba som kranførar og var eigentleg på eit anna oppdrag på Røldalsfjellet. 

Grønsberg-Bygg-iSunnfjord
Kåre Grønsberg

– Dei sende bod på meg med eldpost over fjellet på søndagen. Han som eigentleg skulle ha jobben tålte ikkje høgder. Eg heiv meg rundt og fekk byrja i arbeid i Florø på tysdagen. Det var no fantastisk fint her. Eg kom her i august-månad og trudde det var slik heile tida, men der bomma eg stygt!, ler han.

Kåre veksla mellom jobb i Florø og Røldalsfjellet. Då han kom til Florø andre gongen trefte han Gerd, mor til Knut-Einar. 

– Hadde det ikkje vore for han med høgdeskrekk, hadde du vore her i dag? 

– Nei, det er ikkje sikkert! Det var tøft før i tida. Då måtte du jobbe for pengane. Det var heilt normalt. Vi hadde rikeleg med jobb frå då vi byrja, seier han. 

Ville ikkje bli tømrar

– Kva trur du er årsaken til den enorme veksten for Grønsberg Bygg? 

– Jobbing, jobbing og dyktige medarbeidarar, seier Knut-Einar.

– Ville du bli tømrar fordi far din var det? 

– Eg ville ikkje bli tømrar! Men det var no det eg blei til slutt, slår han fast. 

Grønsberg posisjonerer seg for framtida, med el-bilar og el-kran. Dei er også veldig glad for at det er fleire jenter som er interessert i tømrarfaget. I haust var det 10 jenter som byrja på byggfag på Florø vidaregåande skule. 

– Vi har to jenter på utplassering her denne veka. Det er generelt særs få jenter som søker seg denne vegen. Jentene er veldig flinke, og dei er meir nøyaktig i sitt arbeid enn menn. Det beste med jobben min er å møte mange interessante menneske, medarbeidarar, kundar og leverandørar. Det er eit spanande yrke, der du får oppleve mykje. Ein hugsar best dei nøgde kundane. Det kjekkaste er at du ser at du får til noko. Det er noko eige å sjå at ein har turt å satse, og at ein har klart det, avsluttar han. 

- Advertisment -

Aktuelt