Ferskingen og veteranen

Bilete: Tonje Fiona Gulbrandsen har nettopp fått godkjendt fagbrevet. Jonny Venås er veteranen med 45 år i verksemda, og fagbrev frå 1985. Tonen dei imellom er godsleg, og replikkane kjem tett som hagl.

Alle bedrifter treng påfyll av nyutdanna ferskingar, som Tonje Fiona Hellevang Gulbrandsen, samtidig som ein må halde på kompetansen og erfaringa til veteranar som Jonny Venås. Det har Dale Rør i Førde, der både Jonny og Tonje arbeider, verkeleg lukkast i.

Veteranen Jonny byrja i røyrleggarfaget på den tid foreldra til ferskingen Tonje blei født. Tonje har akkurat avlagt fagprøva si og er fornøgd med at det blei som det skulle: bestått.


Han er krisesenteret vårt

– Jonny er krisesenteret vårt, seier Tonje med eit smil og kikar på Jonny.
Og i løpet av den halvtimen han riv seg laus frå butikken og set seg ned i kantina på Dale Rør for å bli intervjua, ringer telefonen i eitt sett. Det er både kollegaer, kundar og leverandørar.
– Den her må eg ta, seier han, og gjer nettopp det.
– Hallo du, ka e da du masa itte?
Det er tydelegvis ein kollega, for Jonny gliser fornøgd med opningsreplikken sin.
– ….prøv å løfte opp, og so skrur du mot sola, seier han…ja, du må løyse av heile toppen…du kan jo ta toppen av ein ny ein og sjå….ja, greitt det, ha det.
Kollegaen er tydelegvis på sporet av korleis han skal løyse utfordringa som han ringde til Jonny for å få tips om.

Som så ofte, ei dame er med i bildet

At han enda med jobb i Førde og bustad på Sande skuldast i første rekke venskap, og i neste rekke kjærleiken.
– Eg gikk på yrkesskulen på Åndalsnes, men var blitt kjend med Johnny Nord frå Sande. Så vi bestemte at vi skulle feire nyttårshelga med han, på Sande.
– Og der veit du, trefte eg ei kjekk jente. So kjekk at eg etterkvart ville flytte til Sande. Far hennar snakka med ein han kjende i Dale Rør, og der fekk eg jobb i september 1975. Då held vi til i bygget mellom Sentralvaskeriet, og Førde kommune sin verkstad, seier han.
Og både jenta og arbeidsplassen må ha vore av det bra slaget, for han held seg til begge enno.
 – Ein utruleg bra arbeidsplass seier han, litt meir alvorleg.
– Vi har eit godt miljø. Tonen er fin, om enn litt røff. Eg nærmar meg normal pensjonsalder, det er nokre år igjen dit, men så lenge det er kjekt å gå på jobb held eg fram. Ja i alle fall så lenge dei vil ha meg her, smiler han.
– Vi hadde ein kjekk tur med ein av Colorline-båtane til Kiel då firmaet feira 60 år. Då fekk eg medalje for 40 års ansiennitet. Og det er vel sånn cirka fem år sidan.

Jonny Venås var med i det første kullet som tok fagbrev som røyrleggar i Sogn og Fjordane i 1985. Fagbrevet er signert at to røyrleggarlegender i Førde, Peter(Per) Huseklepp og Knut Nesthun.


Del av første kullet i fylket som tok fagbrev

Etter at Dale Rør flytta i nye lokale på Øyrane har han stort sett vore frontmann i butikken, men og med stort ansvar for innkjøp.
– Det krev at ein held seg oppdatert om utviklinga i faget, og alle produkta i marknaden, seier han.
– Comfort-kjeda styrer mykje av det, men litt rom for lokale tilpassingar er det. Det er etterkvart eit utruleg utval av produkt. Vi har vel til dømes 100 ulike blandebatteri, seier han og kik på Tonje, som nikkar at det er det nok.
Jonny var med og la grunnleidningane på sjukehuset i 1976, i lag med Harald Aven og Oskar Grimsbø.  
– Harald har faktisk eitt år lenger ansiennitet enn meg, og han er i firmaet framleis, understrekar han. Og Oskar var den som starta Dale Rør.
Jonny meiner og trur at han tilhøyrar det første kullet i Sogn og Fjordane som tok fagbrev i røyrleggarfaget.


Fjellgeit og fullblods røyrleggar

På fritida er Tonje fjellgeit. Fødd og oppvaksen på Hellevang i Førde, på høgda der, før vegen tek unnabakken ned att mot Førdefjorden. Her har ho utsikt til eit av dei flottaste fjellpartia i Norge, der snøskavlane har hengt utfor kanten i heile sommar.
– Vi er ein gjeng som reiser rundt og går på fjelltur. Og i år har eg vore på Preikestolen, smiler ho fornøgd. Og ja, ho har biletprov på at ho var heilt fram på kanten og sat og dingla med beina.
Men viktigare akkurat no, ho har nettopp avlagt og bestått fagprøva si, og er dermed fullblods røyrleggar. Ho installerte eit vatn- til- vatn-varmeanlegg i eit hus i Førde. 37,5 timar, altså ei vekes arbeid, var sett av til fagprøva.
– Eg installerte kollektorrøra, det vil seie dei røra med sprit/vassblanding som går ned i grunnvatnet og hentar varme. Den veska skal vere cirka 3 grader varmare kvar gong den kjem oppatt frå grunnvatnet, seier ho.
– Så installerte eg i det tekniske rommet, samt fordelarrøra som sender varmtvatnet ut til dei forskjellige  romma. Då gjeld det å merke røyra nøye, slik at vi veit kva rør som går til kva rom. Om ikkje det blir gjort skikkeleg blir det mykje styr og arbeid etterpå for å finne att systemet. Eg har vore med nokre gonger og blese gjennom røyr for å finna att dei rette røyra til rett rom. Men det gjekk bra, og no er fagbrevet i boks, konstaterer ho.

Tonje og Hiacen. No er ho fullblods røyrleggar med fagbrev.


Tonje var til slutt 100% sikker

Men trass i at pappaen er røyrleggar var det ikkje det ho tenkte i starten. Ho byrja med studiar for å bli barne og ungdomsarbeidar då ho fekk vere med faren på noko røyrarbeid på familiehytta. Ho fekk sans for arbeidet, som ho tykte ho meistra. Medan ho gikk på yrkesskulen, fekk ho fleire utplasseringar i praksis på Dale Rør. Og til slutt tilbod om lærlingplass.
– Då blei eg glad, og var 100% sikker på at det var dette eg ville bli. Eg stortrivst på Dale Rør. Arbeidet er variert, du kjem på stadig nye plassar, og for kvart hus må du bruke hovudet sjølv. Vi hadde ein gong tre hus som var prikk like, men til dømes grunnleidningane blir ikkje like frå hus til hus likevel. Du må bruke skjøn for å finne gode løysingar, samt at du må høyre på korleis kunden vil ha det, meiner ho.
Ikkje berre er fagbrevet i boks, men på ei samling i Comfort-kjeda vart ho kåra til årets lærling, og det vanka både diplom og blomar. Ho har også vore brukt i marknadsføringa til Comfort-kjeda.


Sjefen er nøgd

Bjørn Olav Øvrebø er sjefen til både ferskingen og veteranen, og er nøgd med begge.
– Det er kjekt at Tonje har fått unnagjort fagbrevet. Ho teiknar bra, og har tida føre seg, seier han, med det som liknar på eit sedvanleg sunnfjordsk understatement.
– Jonny-en er ein stayer, han veit det meste om det meste, og det er ikkje sjeldan vi får svært gode tilbakemeldingar frå kundar. Dei veit gjerne litt om kva dei vil ha, og så brukar Jonny-en sin omfattande fagkunnskap til å lose dei i mål. Han er ein viktig resursperson i verksemda, seier Øvrebø til slutt.

Rune Hole er kunde hos Jonny Venås, og når han forstår at det skal skrivast om veteranen drar han på ståande fot opp ei begeistra historie om Nils Øvrebø, far til noverande dagleg leiar.
– Det var i den tid eg jobba på meieriet i Storhagen. Det var midt på natta, og krise med ein lekkasje. Eg ringde Nils, eg var nok litt oppkava, men han sa berre roleg: – Skaff ein palle og ein stor spegel, så kjem eg. Han kom, og eg løfta han opp liggande på pallen med ein truck. So heldt eg spegelen so han fekk sveise. Det er ei historie om ro og fagleg dyktigheit som sit spikra i minnet, seier han.

Om Dale Rør

Dale Rør AS vart skipa for 65 år sidan av Oskar Grimsbø. Etter at han gjekk bort vart det meir og meir Nils Øvrebø som tok over og dreiv verksemda, og på 80-talet fekk han tilbod om å kjøpe. I dag er det sonen, Bjørn Olav Øvrebø, som eig bedrifta og er dagleg leiar.

Annonse