AnnonsørinnhaldSjøkanten er Sunnfjords råaste delikatessebutikk – og dei leverer

Sjøkanten er Sunnfjords råaste delikatessebutikk – og dei leverer

Annonsørinnhald Sjøkanten fisk & delikatesse

Ikkje lyst å lage middag sjølv? Lysten på ein ekstra god lunsj? Då bør du ta turen innom Sjøkanten fisk & delikatesse i Florø.  Ps: dei kan levere også.  

Sjøkanten fisk & delikatesse ligg, passande nok, heilt i sjøkanten i Florø sentrum. Det er både ein butikk og etestad, som byr på både lokale og internasjonale rettar, basert på skikkelege råvarer frå både sjø og land – laga av folk med lidenskap for gode rettar.  

Når du kjem inn finn du ein bognande varmdisk, fylt med godsaker til dagens lunsj eller middag. Her er både heimelaga vår-rullar, fiskegrateng, bagettar og gryterettar som sørger for at kvar og ein kan yte ekstra i arbeidsdagen etter ein god lunsj.  

I ferskvaredisken har dei både lettsalta torsk, røykelaks frå Domstein, kaldrøykt makrell, lutefisk, lettsalta brosme, krabbeklør, reke, blåskjel og heile krabber. Den populære tapas-disken fløymer over av fersk sushi, mini-sliders, Aioli og kylling. Du berre må ta turen innom for å ta inn alle dei gode inntrykka!  

Handplukka leverandørar og eksklusivitet 

– Vi nyttar lokale leverandørar, og desse er handplukka. Det er fordelen med å drive for seg sjølv: Vi kan velje kven vi vil handle med, seier Elise.  

Før dei starta opp gjorde dei grundige undersøkingar på kva produkt dei vil ta inn.  

– Vi har vore på «studieturar» der vi har besøkt aktørar med liknande konsept som Sjøkanten. Her har vi tatt direkte kontakt med leverandørar, og i dag er vi til dømes dei einaste som får distribuere produkt frå «Jentene på tunet» – her har vi ein eksklusiv avtale.  

Torill Ida, Steinar, Elise og Gob er alle lidenskapleg oppteken av god mat.

Bur du ikkje i Florø? Null stress!  

Tidlegare i år leverte Steinar og gjengen på Sjøkanten havets delikatesser på Sandane heile tre gonger: Sushi, krabbeklør, blåskjel, skaldyr og tapas-meny for to var blant bestillingane. Det blei satt opp skreddarsydd meny som dei kommuniserte ut på Facebook, med dato, klokkeslett og stad for henting. Her kunne kundane førehandsbestille i kommentarfeltet.  

– Det blei ein kjempesuksess, opplegget vårt fungerte utruleg bra og skapte god stemning, seier Steinar.  
– Vi ønsker jo å levere kvalitet, og set derfor opp ein fast meny. Og vi leverer med glede! seier han.  

– Ingenting er umogleg! Spør kunden om noko, så fiksar vi det meste, om det er ei råvare eller eit selskap, seier Elise. 

For gjengen på Sjøkanten er ingenting umogleg. Steinar leverar havets delikatesser der du bur, enten det er i Naustdal, Sandane, Førde og sjølvsagt Florø! Det er berre å ta kontakt, så finn dei ei løysing for levering.  

Vart du svolten?
Her kan du bestille mat: Sjøkanten fisk & delikatesse

Innhaldproduksjon: Alexandria Nakpil Følsvik, Rein Design.

- Advertisment -

Aktuelt