Jølstra-aure: gourmetmat på Thon Hotel Jølster og i delikatessebutikkar i Oslo.

Bilete: Finn Årdal driv fiskemottak og foredling for Jølstra-auren i firmaet Jølsterlia. Han leverer både til Thon Hotel Jølster og delikatessebutikkar i Oslo og Bergen.

Cirka 15 tonn fisk blir årleg hausta frå Jølstravatnet. Finn Årdal i Jølsterlia handterer nær halvparten av fangsten. Ein anna som gladleg serverer folket Jølstra-aure er Sindre Saue Årdal, direktør på Thon Hotel Jølster.

Jølstra-aure er ein kjær gjest på matfatet, både lokalt og i delikatessebutikkar i Oslo og Bergen. For Finn er Jølstra-auren både levebrød og lidenskap. iSunnfjord var med Finn for å dra garna, og seinare på dagen snakka vi med Sindre, som same morgonen var og trekte garn ilag med Nils Einar Kjøsnes. Vi prøvde å finne ut av kvifor dei begge er så glad i fisken i det langstrakte Jølstravatnet.


Morgonstund med garnfiske i Jølstravatnet.

Finn ror sakte utover mot garna på eit nesten heilt stille Jølstravatn. Sola bryt igjennom. Sjølv no i slutten av juni er det framleis mykje snø i fjella. Bøane er slegne, men grønka på igjen.
 – Det gir sjelefred å komme utpå her ein tidleg morgon når det er fint slik som no, seier han nøgd. Han har sett ut botngarn kvelden før, og iSunnfjord får vere med på å dra dei opp. Han vil ikkje garantere fangst denne dagen. Om enn det er sjeldan, så hender det at det er lite eller ingenting på denne tida av året.
– Det er ikkje beste tida for garnfiske no, seier Finn.
– Fram til 10. august, når flytegarnsesongen startar, er det berre lov med botngarn. No står fisken høgare i vatnet, og beitar kraftig for å legge på seg til vinteren. Men frå 10. august kan det vere store fangstar. Då står flytegarna ute, og vi berre ror langsmed og plukkar opp. Det er annleis med sportsfiske, der er det god sesong no, seier han.
Fangst blir det, om enn ikkje så mykje. 8 fine aurar, på til saman 2-3 kilo, ligg i kassa når turen er over.


Direktøren på Thon Hotel Jølster er også på morgonfiske

Same morgonen er direktøren på Thon Hotel Jølster ute og drar garn ilag med Nils Einar Kjøsnes. Sindre stadfestar at det går unna med Jølstra-auren dei har på sin a la carte-meny.
– Siste halvanna veka må det ha gått 60 kilo, trur han.
– Vi har godt belegg, og gode bookingar framover, og Jølstra-auren er populær. Vi hadde god fangst i dag tidleg, eg trur det må ha vore eit tjuetals aurar som vi vog til 7 kilo, seier Sindre, og deler draumen sin om å ta med gjestane på garnfiske.
– Tenk å kunne ta med gjestene rett ut på Skeisbukta her og trekke garn ilag med oss om morgonen, og så få servert eigenfiska Jølstra-aure om kvelden. For storauren finns rett ut på bukta her. Det var der Anders Ripe fanga den legendariske 15,5 kg tunge auren på garn i 1973. Det er framleis rekord, seier Sindre.

Det er dette og andre aktivitetar han har lyst å få meir av. Han meiner at auren i vatnet er ei framifrå lokal og kortreist resurs som betyr mykje for kjennskapen til bygda, som aktivitet, og som mat. I år blir året dei kan «øve» seg på fleire individuelt reisande norske. Vanlegvis har dei mange gruppereisande frå Asia, men ikkje i år.

Direktøren for Thon Hotel Jølster, Sindre Saue Årdal, er på garnfiske med Nils Einar Kjøsnes. Denne morgonen vart fangsten 9 kilo Jølstra-aure, og den kjem på bordet i den nyoppussa restauranten på hotellet same kvelden. Foto: Nils Einar Kjøsnes.

Tente sin første kroner på fiske i Jølstravatnet.

For Finn sin del er forholdet til Jølstra-auren langt og inderlig. Han trur sjølv han kan ha vore 6-7 år då han var med bestefaren, Nils, og drog garn i Jølstravatnet for første gong. No driv han fiskemottak, foredling og hytteutleige i Årdalen i Jølster, gjennom firmaet Jølsterlia.
– Eg er oppvaksen med dette. Eg var nok med heilt frå eg var så stor at eg kunne stå i båten. Mine første kroner tente eg på fiske i vatnet her, fortel han.
Faren, Ola Dagfinn Årdal, dreiv fiskemottaket før han. Den andre som dreiv mottak i Jølster var Jørgen Helgheim. Det er tilbake i den tida dei saga ut isblokker frå vatnet for å ha til å kjøle fisken med.
– Eg bygde foredlingsanlegget i 2007, med frysing og anlegg for vakuumering. Og frå då av har eg teke imot og foredla alvorleg mange tonn med fisk, smiler han.

I denne videoen fortel Finn Årdal om kvifor Jølstra-auren held så jamn og god kvalitet. Han fiskar sjølv ca. 500 kilo for året, men totalt tek han imot og foredlar ca. 6 tonn.


15 tonn i året, mykje går til restaurantar og delikatessebutikkar i Oslo og Bergen.

Ca. 15 tonn jølstra-aure vert fiska kvart år. Jølsterlia foredlar litt under halvparten, ca. 6 tonn, og av det fiskar Finn omlag 500 kilo sjølv. Jølsterlia lagar rakfisk av mykje av dette som som dei sel til grossistar i Oslo og Bergen. Akkurat kva restaurantar og delikatessebutikkar fisken hans havnar hos veit Finn ikkje, men han er sikker på at Jølstra-aure er ei innarbeidd merkevare som er kjend for å halde høg kvalitet.
– Eg veit at du periodevis kan finne den hos Jacobs delikatessebutikk til dømes. Vindern sjømat og delikatesse sel veldig mykje rakfisk frå meg i Oslo. Men også til Thon Hotel Jølster leverer eg slik at dei kan ha den på menyen. Problemet akkurat på denne tida av året er faktisk å kunne levere nok. Eg har levert ein del mellom anna til Gloppen Hotell, men det er faktisk vanskeleg å levere nok til alle som vil ha, spesielt på denne tida av året, avsluttar han.
I tillegg til det Finn handterer fiskar ein god del jølstringar. Noko til eige bruk, og ein del sel og foredlar litt som han. Sportsfiskarar reknar ein med tek opp to-tre tonn. Også Jølstramuseet på Vassenden er aktive og fiskar sjølve til sin restaurant, omlag eit tonn for året.


Kjøkkensjefen tek ansvar før Jølstraauren landar på bordet i restauranten

Inne på kjøkkenet på Thon Hotel Jølster møter vi ein kar som foredlrar fangsten på beste vis for gjestane. Kjøkkensjef Darius Zelvys fortel at dei lagar til Jølstra-auren på tradisjonelt vis.
– Vi vender den i mjøl, og steiker den i panna på tradisjonelt norsk vis. Så blir den servert med rømme og agurksalat, og med små poteter til. Poteten er først kokte, og så får dei seg ein liten runde i steikepanna dei og. Om nokon vil ha den dampkokt får dei sjølvsagt det og, legg han til.
Han meiner Jølstra-auren er ei prima råvare, som går godt i restauranten. På spørsmål om han fiskar sjølv kan han fortelje at det vart mykje fisking under coronakrisa, då han var permittert.  – Så mykje at ungane tykte det vart nok Jølstra-aure ein periode, seier han med eit smil.
Det kan med andre ord også bli for mykje av det gode.

Til alle andre, ta turen til Thon Hotel Jølster, og vel bekomme!

jolsterlia.no

Kjøkkensjefen i sving med kveldens måltid. Darius Zelvys, opphaveleg frå Litauen, no busett i Jølster med kone og to barn, er kjøkkensjef på Thon Hotel Jølster

Annonse