Gyngehesten: best på barneutstyr og leikar

Bilde: Anne Turid Sunde Farsund i den rikhaldige avdelinga for barnesete i bil på Gyngehesten AS i Førde. På dette, og anna baby, – og barneutstyr skal vi vere ein komplett leverandør med godt utval i butikken, god fagkunnskap og service, seier ho.

Anne Turid er den ganske ferske eigaren av Gyngehesten i Førde, butikken den smått legendariske Vera og Arne Berent Larsen starta opp så langt tilbake som i 1983. Hennar mål er at Gyngehesten skal vere den beste staden å handle barneutstyr og leikar.

– Eg hadde lenge tenkt eg skulle starte og drive noko for meg sjølv, og Arne Berent var i meg om å starte å jobbe her, med tanke på å ta over. Tidleg i 2017 vart det meir alvor. Då var dei klar til å selje, seier ho med eit smil.


Skal vere best på barneutstyr og leikar

Anne Turid snakkar om korleis ho vil satse.
– Netthandelen er der, men vi skal satse på å få folk inn i butikken, og så vise kva vi er gode på. På barneutstyr skal vi vere ein komplett leverandør med godt utval i butikken, god fagkunnskap og service, seier ho og held fram.
– Mange syns ikkje det er forsvarleg å kjøpe til dømes eit barnesete til bil på nett. Folk vil sjå og teste utstyret, og vere sikre på at det passar både til bilen og til barnet. Dette er eit felt der folk har lese seg utruleg godt opp før dei kjem til oss. Det er mest på godt, men nokre føl ulike forum og kan få andre sine personlige meiningar der, noko som ikkje alltid stemmer overeins med fakta. Då er det vi skal ha sikker kunnskap om produkta, slår ho fast.
– Vi reiser på messer, les om produkta, men viktigast, leverandørane er ofte rundt i butikkane og lærer oss opp. Då vi var nye her kom dei med ein gong, dei har eit utruleg fokus på tryggleik og kunnskap, seier ho nøgd.

Anne Turid er ganske ny eigar av tradisjonsrike Gyngehesten i Førde, som vart starta av smått legendariske Vera og Arne Berent Larsen i 1983. Dei satsar på å vere best på barneutstyr.


– Eg sat og åt frukost, og tenkte på kva butikkar vi treng i Førde?

– Det var fleire kundar som kom inn og fortalde dette. Og då var ein av butikkane dei tenkte på butikken min, Gyngehesten!
Anne Turid fortel engasjert om episodane, der kundar kom i butikken, midt under epidemien, og handla for å støtte opp om lokale butikkar.
– Vi merka det veldig godt. Folk skjønar at ting heng i hop: Om vi skal ha arbeidsplassar innan handelen i framtida må dei bruke dei no.  Og trass i at det var stille dei første vekene etter nedstenginga så har vi klart oss godt, seier ho.
– Vi har selt meir av barneutstyr og leikar. Og vi har i stor grad selt dyrare ting. Heimekontor og heimeskule har ført til meir behov for å ha noko som kan aktivisere ungane, så det har gått mykje i både Lego og puslespel. Så er det nok ein del besteforeldre som har opna lommeboka litt ekstra i sympati med barnebarn som ikkje har fått feira bursdagar slik som dei har vore vane med.  


Vi sende i posten, køyrde heim til folk, eller sette varene utanfor døra vår.

– Som mange andre heiv vi oss rundt og var fleksible, fortel Anne Turid. – Nokre ville ikkje inn i butikken, så då avtalte vi å setje varene utanfor døra vår. Så Vippsa dei betalinga. Det gjekk mykje i Vipps. Vi har nok runda 100.000.- i kjøp berre på den betalingsforma i løpet av dei siste månadane, og vel så det. Eller vi pakka og sende i posten. Og køyrde varer heim til folk. Dette veit vi at folk har satt pris på. Vi opplevde nok også litt ekstra pågang av folk som frykta at det kunne bli leveringsproblem. Vi sel nokre viktige produkt som folk MÅ ha, slik som barneutstyr. Men heldigvis har det stort sett gått greitt.


Digitale kanalar

Gyngehesten er sjølvsagt på sosiale medium, og Anne Turid meiner dei er ganske gode der.  – Vi kommuniserer mykje med kundar på messenger til dømes. Det er spørsmål heile tida, både i og utanfor arbeidstid, og i helger. Det gjeld å vere skrudd på. Er det noko vi ikkje kan svare på så lovar vi å finne ut av ting neste dag, seier ho.
– Vi merkar det veldig godt når vi legg ut produkt på Facebook. Då får vi gjerne spørsmål om dette produktet, men også om andre ting. Det er ikkje tvil om at dette er gode og viktige kanalar. Her er vi godt med.


Fjella i Jølster veit du!

Anne Turid har brei yrkeserfaring. Ho starta å jobbe på Skei Hotel i ungdomsåra. Sia har  ho jobba for Naustdal Dampbakeri, og var med å starte Olefine i Elvetorget, og hadde ansvaret der ei tid. Før ho tok over Gyngehesten jobba ho for gullsmed Brændmo og Pettersen på Elvetorget.
– Eg hadde nokre år der eg jobba mindre for å følge opp gutane våre. Men etter kvart som dei byrja å bli store og meir sjølvhjelpne, var eg klar for nye utfordringar, smiler ho.
På spørsmål om ho som driv ein leikebutikk er flink å leike sjølv blir ho litt svar skuldig.
– Blir vel for lite tid til det tenkjer eg vi seier. Men fjella i Jølster veit du! Der finn eg leiken og rekreasjonen.  Bjørsetfjellet, då er du midt i Jølster. Bolsetnipa, Kleivafjellet, og min barndoms dal, Fygladalen. Vi er heldige som har alt dette rundt oss. Eg brukar det mykje både til fots og på truger. Det er min trim og rekreasjon.

Følg Gyngehesten på Facebook

Annonse