Slik sparer Stein Kjetil tusenvis av kr i mnd. på pendling

Inntil nyleg køyrte Stein Kjetil Holvik rundt i den råaste «familiebilen» som er å oppdrive: ein Audi RS6, med 605 brølande, illsinte hestekrefter. No er RS6-en til sals, og alt erstatta av ein Audi e-tron.

Stein Kjetil er dagleg leiar på Bilpleiehallen i Førde, og for Ditec Norge. Han har med andre ord via seg til å ta vare på andre sine bilar. Bilinteressa hans er stor, både på fritid og jobb.

– Mitt forhold til bil er at eg av den sorten som syns at jo større motor, jo høgare det brummar og jo fortare det går, jo tøffare er det! Eg har i mange år vore særs tydeleg på at det å kjøpe el-bil er eit merkeleg val. Men no har eg snudd, seier han og ler.
– Den har ikkje motorlyd, men e-tron går særs bra og har utruleg gode køyreigenskapar. Toppfarten er avgrensa, men det er sikkert fornuftig, seier Holvik med glimt i auget. 

Sparer 6000 kvar månad

Motivasjonen for å gå for elektrisk bil var ein artikkel i Firdaposten, der ein kar som dagpendlar Florø-Førde med el-bil vart intervjua. 

– Han hevda det maksimalt kosta han 22 kr dagen, og at han gikk frå mange tusen kr i utgifter kvar månad til nokre hundrelappar. Eg hadde ikkje trua, men sjølv brukte eg inntil 6500 kr i månaden på drivstoff, og såg potensiale for å spare pengar. Om eg så pendla for 50 kr. dagen, ville eg spare mykje, seier han og deler erfaringa han har gjort seg sidan. 

Han hevda det maksimalt kosta han 22 kr dagen, og at han gikk frå mange tusen kr i utgifter kvar månad til nokre hundrelappar.

Stein Kjetil, eigar av Audi e-tron

– Eg har fylt 1,5 tank diesel på arbeidsbilen sidan februar. Det er den eg nyttar til å frakte kundebilar til og frå Bilpleiehallen med. Privat har eg berre brukt straum sidan då. 
Det betyr mykje pengar spart. Og som ein bonus kan han halvere den kostnaden igjen.

– Eg er frå Førde, men kona mi, Tine, er frå Florø. Så det vart der vi slo oss ned. Sidan har eg pendla til Førde, og utgiftene til det har eg halde vekke frå familieøkonomien. I dag brukar eg berre ein brøkdel i høve når eg køyrte fossilt. Det beste er at no får eg litt att for alle åra eg betalte åleine: Tine betaler no halvparten – via straumrekninga. Det veit ho ikkje endå, før ho får lese det her, seier han og ler. – Uansett slepp ho billeg unna med dagens straumprisar. 

Ein kjempebil, på alle vis

– Du gikk rett frå ein av dei råaste bilane du kan få til elbil. Tilfredsstiller e-tron bilinteressa?

– Faktisk, fordi e-tron har veldig mykje godt føre seg: det er ein fantastisk bil å køyre, med særs høg komfort, og den heng utruleg godt på i svingane. Den gir meg køyreglede på alle vis ein har glede av å køyre bil, om ein ser vekk frå mangelen på motorlyd. Det tomrommet fyller eg med NRK Vestland, seier han og fortel at han ikkje trur på noko stor miljøvinst. 

– Dei som påstår at det ligg ein miljøvinst i dette, dei lyg kraftig for seg sjølv. Den vinsten trur eg ikkje eksisterer: Eg valte e-tron fordi det er ein gjennomført bra bil på alle vis. Den er kul og flott å sjå på, har god plass til familien og bra rekkevidde. I alle fall om du ikkje er like dum som meg, som valte 22 tommars felgar. Med normale dekkdimensjonar får du ei akseptabel rekkevidde på rundt 35 mil, sjølv med Holvik-køyring, seier han med eit smil.

Ein kvit Audi e-tron utanfor Bilpleiehallen i Førde. Foto.
Godt skodd: Stein Kjetil valgte 22 tommars felgar, som påverkar rekkevidda, men ser bra ut.

Ingen grunn til ladepanikk og rekkeviddeangst

– Ein høyrer ofte om rekkeviddeangst når det gjeld el-bil?

– Eg kvidde meg første gongen eg skulle til Bergen: Kvar finn eg lading, kor lang tid tek det osv. Det enda meg at eg lada på Circle K på Haukås i 30 minutt, så hadde eg fullt batteri. Det er ikkje noko problem. Eg trur ladepanikk og rekkeviddeangst er litt overdrive. Det har vore ei fin utvikling på dette, og hurtig-ladarane er blitt særs effektive, seier han og fortel at han vurderer å gje bilen ein skikkeleg test. 

Eg trur ladepanikk og rekkeviddeangst er litt overdrive. Det har vore ei fin utvikling på dette, og hurtig-ladarane er blitt særs effektive.

STEIN KJETIL, EIGAR AV AUDI E-TRON

– Eg skal ut på ei salsrunde for Ditec Norge. Ruta går frå Florø til Bergen, Haugesund, Stavanger, Kristiansand, Oslo, Sarpsborg og heim via Stryn. Eg vurderer seriøst å bruke Audi‘en. Eg har forstått det slik at ein kan programmere navigasjonen slik at ladepunkta kjem opp, så med litt teknisk hjelp i starten så skal det gå fint. Einaste eg kjem til å sakne er å køyre forbi ladepunkta og ruse litt med dei 605 hk eg til RS6’en, slik at elbilfolket får høyre litt motorbrumming. 

Gnistrande sal

Norodd Rørstadbotnen, salsleiar for Audi hjå Berge & Co. Foto.
For tida er det elektriske e-tron kundane vel i særs stor grad når dei skal ha Audi.

Det er langt fleire enn Stein Kjetil som har sett det elektriske lyset. På Audi-avdelinga til Berge & Co i Førde er det e-tron det går mest av for tida.

– Vi byrja å selje på e-tron i desember 2018. Dei første bilane leverte vi i midten av februar i fjor, og sidan har vi levert rundt 100 bilar. Ein kan ikkje seie anna enn at salet har gått særs godt. Audi e-tron er ein bil kundane har teke i mot med opne armar: e-tron er ein innertiar. I salstal konkurrerer den med Golf her på huset. Den er nok den best seljande modellen vi har hatt i sin prisklassen. Det seier sitt. Trass i påske og korona-tider hadde vi 29 kundeselde bilar i april! Vi har per no sju Audi e-tron på lager, så dei som vi ha  bil kjapt, må vere om seg, seier Norodd Rørstadbotnen, salsleiar for Audi, og legg til at to av dei er reservert.  

– Kva er det som gjer e-tron så populær?
– Det er ein særs godt skrudd saman bil i premium-segmentet. Ein får kvalitet, og mykje utstyr som standard, mellom anna luftfjøring og firehjulstrekk. Du får mykje bil for pengane i dagens marknad, og spesielt kjem e-tron 50 prisgunstig ut. Det er og ein praktisk bil, med stort bagasjerom og romsleg kupe. Ein bil som høver godt for til dømes barnefamiliar. Det skadar heller ikkje at den i tillegg til å vere el-bil, noko som er «in» om dagen, også er flott å sjå på. 

Det er ein (e-tron, red.anm.) særs godt skrudd saman bil i premium-segmentet. Ein får kvalitet, og mykje utstyr som standard, mellom anna luftfjøring og firehjulstrekk.

Norodd, salsleiar for Audi hjå Berge & Co

50 og 55

Audi e-tron blir levert med to ulike batteristorleikar – 50 og 55, og i to variantar, som stasjonsvogn og dei meir sportslege e-tron Coupé.

– Enkelt forklart ligg skilnaden på 50 og 55 i storleiken på batteria. I e-tron 50 har du rundt 34 mil rekkevidde, medan 55-utgåva har ca. 46 mil i oppgitt rekkevidde. Prisskilnaden på desse er rundt 130.000 kroner. Startprisen på e-tron ligg på vel 500.000 kr., og så kan du få den opp i godt over millionen om du ønskjer det råaste av ekstrautstyr. 

– Kjøpargruppa har visst seg ganske brei: Alt frå unge til godt vaksne folk har late seg overtyde om at Audi e-tron er det rette for dei. Nokre kjøper 50-utgåva, medan andre går for 55, seier Rørstadbotnen, og forklarar at ein bør vurdere kva variant ein sjølv ønskjer ut frå sitt eige behov.  
– Eg vil seie at e-tron 50 held for dei fleste til det meste. Ein må gjerne lade nokre gonger ekstra når ein skal på ein lengre tur, men det er berre litt planlegging som skal til, så går det fint å køyre elektrisk. 

Elektrisk framtid

Det er liten tvil om kva type bilar kundane vil ha framover. 
– Det er el-bil det er etterspørsel etter, samt hybrid. Etterspurnaden etter fossilmotorar har gått ned, men framleis rullar ein og annan bil av den sorten også ut av butikken. Det er tydeleg at vi er inne i eit skifte som truleg vil vare ei stund, seier Norodd og fortel at det ser han lyst på. 

– Framtida for oss som sel Audi ser bra ut. e-tron har ei lys framtid, og snart får vi elektriske Q4, som gjer oss i stand til å dekke ei endå breiare kundegruppe. Då når vi også dei som er ferdig med «familiebilen», og gjerne vil ha ein litt mindre bil. Etter planen skal salet av den starte i andre halvår 2020, avsluttar Rørstadbotnen.

Annonsørinnhald for Berge & Co.
berge.no

Annonse