Spenst og Helsehuset med fast helsespalte på iSunnfjord

Vi er eit hus med mange ulike faggrupper innan helse og trening, og det skal bli kjekt å få ei plattform der vi kan dele god informasjon og tips om alt frå trening til kosthald, skadeførebygging, behandling og mykje meir, seier Kent Roger Engdal om samarbeidet dei no har avtalt med Rein Design sitt nye nettmagasin iSunnfjord.

Kroppen er ein heilskap, så dette blir ei spalte med meir enn berre treningstips.
Kent Roger er dagleg leiar på Spenst Førde. Og huset han snakkar om som skal stå for ei fast spalte på nettstaden iSunnfjord er Helsehuset.

75 tilsette og helse i fire etasjar

Med sentral plassering i Sentrum Sør er visjonen om å skape eit helsehus med mange tenester langt på veg fullført. Fire etasjar i Helsehuset er fylt med mange ulike tilbod og faggrupper.

I tillegg til treningssenteret Spenst Førde, finn ein Stamina,  som er ein viktig aktør innan bedriftshelseteneste. Dessutan fysioterapeutar, akupunktør, ernæringsfysiolog, legar, massør, psykolog, ultralyd, jordmor og minst seks personlege trenarar. Kent Roger, med si sjukepleiarutdanning, hadde ideen meir enn ti år tilbake i tid.

Han gler seg stort over å kunne sjå at meir enn 75 personar har sin arbeidsplass på huset. Og får Kent Roger det som han vil stoggar det ikkje her. Vi har konkrete planar for nye tiltak og tenester, men er ikkje heilt klare med å kunne fortelje nøyaktig kva.

Livleg i resepsjonsområdet på Spenst når seniorane er ferdig med ein gruppetime. Då er det kaffi og frukt på menyen. Foto Spenst

Ser med lengt fram til opning av Spenst!

På grunn av smittesituasjonen har Spenst vore stengt i fleire månadar.
– Det har vore nokre seige månadar, seier Kent Roger. – Og nokre spennande pressekonferansar der vi nærast har gått rundt oss sjølv i spenning om vi får opne snart. Vi har vore skuffa fleire gonger, men no har fått ein dato å halde oss til. Vi opnar 15.juni, og då er vi veldig klare.

Han kan ikkje få fullrost nok dei mange medlemane som har fortsatt å betale på medlemskapen sin trass i stenginga.
– Dei skal vite at dei har gjeve eit godt bidrag til at vi skal opne eit senter som er minst like bra som då vi stengde. Og dei fortener ein stor takk for solidariteten dei har vist, seier han.

Førdianarane er veldig heldige!

På spørsmål frå iSunnfjord om Spenst Førde er eit av dei beste og mest allsidige treningssentra i Norge seier Kent Roger at det er vanskeleg å rangere.

– Men vi får mykje skryt av studentar som kjem frå Oslo eller Bergen, som seier dei ikkje hadde venta å finne eit så allsidig og vel utstyrt treningssenter i Førde. I tillegg til moderne tredemøller og godt utstyr som ein vanlegvis finn på treningssenter, har vi  gode treningssalar og mange gruppetimar med f.eks yoga og zumba. Og CrossFit-avdeling for dei som likar det.

Mange av medlemane har også tilgang til basseng, spa og boblebad på Sunnfjord Spa som Spenst er medeigar i på Scandic Sunnfjord Hotel.
– Førde har også to gode treningssenter til: Puls Førde og Kjetils Gym. Førdianarane er veldig heldige som har så gode treningsfasilitetar, meiner han.

I bil frå Lavik, og med buss frå Høyanger

Og som med mange tilbod i Førde er heile Sunnfjord, og vel så det, nedslagsfelt for Spenst Førde. Ein familie kjem saman i bilen sin tre gonger for veka frå Lavik for å få øktene sine. Og andre tek bussen frå Høyanger for å få løyst sveitten.


Likevel er det ein ting som gler Engdal meir enn noko, og det er den gode auken i medlemstalet for dei over 60 år.
– Siste par åra er det denne gruppa som aukar mest.

Mange av dei går på fleire gruppetimar for veka, og trenar vel så mykje som mange ungdommar gjer. Vi har lagt vekt på at det også skal vere fint sosialt, så vi spanderer frukt og kaffi på dei etter timane. Då er det livleg og kjekt i resepsjonsområdet vårt, smiler Kent Roger.

Annonse