iSunnfjord er eit nettmagasin, basert på gode, lokale saker og innhaldsmarknadsføring frå Sunnfjord, for Sunnfjord. Bak magasinet står kommunikasjonsbyrået Rein Design.
– Vi har lenge gått svanger med tanken om å starte eit nettmagasin for nærområdet vårt. Når koronakrisa dukka opp, fann vi ut at vi skulle nytte produktet til å hjelpe næringslivet i området vårt med ei ekstra stemme til å fortelje om varer, tenester og så vidare, seier Ole Jonny Klopstad, dagleg leiar i Rein Design
Heiv seg rundt på dugnad
I løpet av nokre hektiske dagar med hive-seg-rundt dugnad hadde Rein Design fått opp og stå ein gratis næringskatalog, kopla med ei Facebook-side, for å skape ein gratis marknadskanal, for å gi lokale bedrifter næringsliv ei tydligare stemme å fortelje om kva dei kunne tilby av service, varer og tenester. Målet var å gi dei ei hand som kunne bistå dei gjennom koronakrisa.
– På kort tid hadde vi fått inn over 50 bedrifter som via sidene her fikk fortelje om opningstider, heimlevering og andre ekstra service dei tilbydde kundane sine, til dømes heimlevering av daglegvarer og anna. Sakene fikk mykje likes og deling på Facebook, og ti-tusenvis av visningar på nettsida.
iSunnfjord – for Sunnfjord – eit nettmagasin for deg som bur i, eller vil til, Sunnfjord
No startar heldigvis samfunnet å opne opp og lokale bedrifter kan starte opp att. Difor går Rein Design vidare med planane om å skape eit nytt nettmagasin.
– Den gratis næringskatalogen blir liggande på sida, med oppjustert informasjon. Og så lanserer vi no noko vi lenge har hatt planar om: iSunnfjord som ei nytt nettmagasin, med mål om å fremje lokalt næringsliv, handel og reiseliv. Her får bedrifter muligheit til å kjøpe effektiv innhaldsmarknadsføring. Målet er å gi alle tilgang til effektiv, digital, sporbar marknadsføring – utan at du må tømme marknadsbudsjettet ditt, seier Klopstad og held fram.
– Sunnfjord har alltid vore eitt flott turistområde, som no er blitt ein kommune. Vi treng å marknadsføre alle dei perlene vi har, og tilboda både sunnfjordingar og tilreisande kan bruke. Vi treng å gjere området meir kjent, enten det er mot Bergen, eller til eigne innbyggjarar. Vi vil at folk skal handle lokalt, og nytte Sunnfjord til feriere i eigen nærområde. Tida er inne for det NO! Dette skal iSunnfjord vere med på å gjere mogleg!
Sporbar digital marknadsføring
Det blir høve til å kjøpe annonser på isunnfjord, men hovudproduktet blir innhaldsmarknadsføring i form av artiklar/videoar.
– Målet er å gjere innhaldsmarknadsføring enklare og rimelegare tilgjengeleg, for fleire, samtidig som ein leverer målbare resultat, seier Klopstad.
Sakene blir presentert på isunnfjord.no, iSunnfjord si Facebook-side og ikkje minst driv vi trafikk til sakane via målretta annonsering. Når kampanjen er ferdig får du tilsendt oversikt over visningstall ol. Vi i Rein Design gler oss til å jobbe med dette prosjektet, og håper på ein varm velkomst frå næringslivet.