iStand AS, den fleksible arbeidsgjevaren

Bilete: Nokre av iStand-gjengen, med fagre Jølster bakom. Frå venstre Grzegorz Filipek, Christian Sunde, Helge Roska, Jan Olav Årdal og Anders Kristian Sægrov

Anders Kristian Sægrov er jølstringen som starta firmaet iStand i 2010. Firmaet driv både med nybygg og rehabilitering, mest i Jølster, men strekkjer seg i området frå Førde til Gloppen. 

Når vi ringer Anders Kristian for ein prat høyrest det ut som det bles, men nei, han er på sykkeltur, på Fuglestranda med utsikt inn Kjøsnesfjorden. Han skal besøkje tre arbeidsplassar der dei har aktivitet. – Fine greier det, seier han. Akkurat desse tre stadane ligg i fin avstand frå Skei, so det er både effektivt, og så får eg fin trim attepå. 
 
Dei driv både med nybygg og rehabilitering, og er akkurat no ca 10 tilsette. Litt permitteringar hadde dei innleiingsvis i Corona-tida, men det går bedre no, ifølge Anders Kristian. – Framleis merkar vi vel litt til einskilde leveringsproblem frå leverandørane, men for det meste går det bra. Då alt stengde ønskte vi å halde full drift, men turte heilt i starten ikkje å sette i gong for mange nye prosjekt hvis leverandørleddet skulle komme i situasjon med smitte og karantene.  – I tillegg er det nok slik at når uventa kriser råkar så vert folk litt ekstra forsiktige med pengane, og gjerne utset ting litt. 
 
Anders Kristian jobba tidlegare for Dvergsdal og Sunde Bygg, men tykte det blei mykje pendling. Han jobba periodevis både i Stryn, Nordfjordeid og Gaupne. – Etter at eg tok over gardsdrifta i 2006 vart det stritt. Då bestemte eg meg for å starte for meg sjølv. Og det har gått bra. Firmaet er no solid, med god likviditet. – Framleis driv eg no gard, fleire gardar faktisk, men eg held det på eit minimum. Eg sler, og har litt sau. No er det iStand som er hovudaktiviteten, men tilsammen vert det rikeleg å halde på med.  


 
Sjefen får mykje skryt av ein av sine tilsette, Gaute Dvergsdal Bøyum, som i sommar skal gå over Grønlandsisen i lag med Tord Meisterplass. – Han gjev oss tilsette stor fridom. For min del har det vore viktig,  seier Bøyum, som ma driv som guide for superyachtar og andre turistar sommarstid. Sjå eiga sak. 
 
Som sunnfjordingar flest likar ikkje Anders Kristian for mykje skryt. – Men det stemmer no det, seier han. Det er ein filosofi eg har att dei tilsette får fri når dei treng det. Folk er ansvarlege og vil firmaet vel. Så treng dei sjølsagt inntekta frå arbeidet sitt. Det regulerer seg i stor grad sjølv, meiner han. – Eg opplever at eg får att stor lojalitet når eg gjev folka mine stor fridom.  
– Sjå på den tida når mange no har hatt heimekontor. Eg trur arbeidsgjevarane stort sett har god erfaring med det, og mange firma vil halde fram med dette også i tida som kjem. Sjølvsagt gjer folk andre ting også når dei jobbar heime. Men då får eg sitere ein norsk foretningsmann i USA som sa at dei gode ideane kjem ikkje når du sit framfor pc-en, men når du tek ut av oppvaskmaskina, seier Anders Kristian, og syklar vidare langs Jølstravatnet. 
 

Annonse