Fjærlending byter ut superyachtar med Grønland

Bilete: Gaute Dvergsdal Bøyum, fremst, og Even Meisterplass. Sistnemde er ekspedisjonsleiar for Grønlandsdraumen og bror til Tord.

Gaute Dvergsdal Bøyum er fjærlending, og men også halvt jølstring. Ein aktiv kar med mange jarn i elden. Dersom sommaren 2020 hadde blitt som vanleg ville han vore guide for folk som kjem til landet i sine superyachtar for å oppleve noko av det mest eksotiske verda kan by på, dei norske fjordane og landskapet rundt.

– Eg byrja å guide turistar i 2011. Då var det mest fjellturar, men etterkvart vart det også på breen, både guida turar og kurs. I 2015 fekk eg spørsmål om å guide gjestar frå ein slik superyacht, og sidan har det blitt mange av dei, kvar sommar, fortel Gaute. Meir om superyachtane til slutt i denne historia.


Grønlandsdraumen til Tord Meisterplass

Men ikkje denne sommaren, som vert svært annleis på mange måtar. Gaute er aktiv medlem i arrangementskomiteen for Jølster Aurefest. Også denne er avlyst. Så då måtte han finne på noko anna. 27.juli startar han på ein ekspedisjon over Grønlandsisen saman med Tord Meisterplass. Meisterplass skada seg i ei skiulukke i Sogndal i 2015, og vart lam i begge beina. Gjennom innslag på NRK og TV2 har han fortalt om den store draumen han no skal gjennomføre, stake seg over Grønland i ein pulk.
Sjå nettsida til Tord Meisterplass.

Eit heilt team leia av broren Even skal følgje med på turen, og no også Gaute Dvergsdal Bøyum. Opphaveleg skulle turen gå i slutten av mai fortel Gaute. Men på grunn av coronasituasjonen måtte det heile utsetjast til slutten av juli. Dette passa ikkje for to av dei opprinnelege deltakarane, og her er det at Gaute no er komen inn som erstattar saman med Snorre Sulheim.


Testa form og utstyr over Jostedalsbreen i pinsa

I pinshelga var dei to saman med ekspedisjonsleiar Even Meisterplass på tur over Jostedalsbreen for å teste både seg sjølv og utstyret. – Even hadde lyst å sjå kva form vi to nye deltakarane var i, seier Gaute. – Eg trur han var fornøgd, smiler han, vi susa eigentleg over breen i full fart. Vi gjekk opp frå Jostedalen torsdag før pinse, oppå Fåbergstølsbreen, og til høgdepunktet, 1810 punktet for dei som er kjende. Så overnatta vi i ekspedisjonsteltet før vi tok oss ned til Supphellebreen og Flatbrehytta tidleg laurdag morgon. – Ruta og tidspunkta for når vi gjekk var valde slik at vi skulle unngå fare for ras når temperaturen steig utetter dagen, og det hadde vi fin kontroll på, meiner Gaute som er godt kjend på denne ruta etter mange turar der.

Gaute Dvergsdal Bøyum i fint driv over Jostedalsbreen. Foto: Privat


Trening med dekk-draging

– Eg er nok generelt i bra form, hevdar Gaute på spørsmål om det vert noko ekstra trening før ekspedisjonen. – Men det skal leggast inn gode økter med dekk-draging, seier han. Pulkane vi skal dra på over Grønlandsisen veg mellom 100 og 110 kilo. Der har vi mat for 35 dagar, og anna utstyr. Dei 450 til 500 kilometerane over platået reknar han med skal ta mellom 25 og 30 dagar. – Vi er spent på korleis føret blir. Det kan bli mykje blautare enn i mai, så det er mogleg vi må gå ein del om natta. Då kan det bli ned mot minus 15 – 20 grader sjølv i slutten av juli. Vi blir flydd opp på platået til ca 1.500 meter over havet for å unngå brefallet. Det er ikkje mogleg for Tord å ta seg opp der på eiga hand. Derifrå skal vi over høgste punktet på ca 2.500 meter, før vi blir henta ut på vestsida av Grønland, fortel Gaute. – Det mest spennande er likevel korleis psyken held. Om vi klarar å halde oppe motivasjonen når det buttar imot. Det er den delen eg er mest spent på, og som gjer dette til ei utfordring.        


Fleire dekk og helikopter ombord

Superyachtane som Gaute pleier å vere guide for er ikkje nett vanlege robåtar. Yachtane har gjerne fleire etasjar, og eige helikopter ombord.  Fleire av dei er særs kjende personar internasjonalt, men på spørsmål vil Gaute naturlegvis ikkje svare på kven nokon av dei er. Diskresjon er ein del av denne jobben. – Eg driver mykje med breføring av både norske og utenlandske turistar. Då får dei seg opplevingsrike dagar i blåisen. Her er det utfordringar nok til alle med både isklatring og vandring mellom djupe sprekker. Siste somrane har eg hatt 15-20 oppdrag for desse superyachtane. Eg har møtt mange av verdas mest pengesterke folk. Dei er ein eigen rase, men mange av dei virka som heilt vanlige folk. Iallefall på turane mine. Når vi sit oppe i ei fjellside og drikk ein kopp kaffi og deler ei sjokoladeplate då er det nesten som å være på tur med ein kompis, og skrøninga fly lett, ler han. Gaute jobbar for tida i byggefirmaet iStand AS, som har base i Jølster. Han snakkar vel om den fleksible arbeidsgjevaren sin som gjev han høve å kombinere med guiding, og med Grønlandstur. Sjå eiga sak om iStand AS.


Men i sommar lyt superyachtane segle sin eigen sjø, utan Gaute. I år er det Grønlandsdraumen som gjeld.

Gaute med god utsikt til Fjærland. Foto: Privat
Annonse