Hjem Sunnfjord Folk og fe Sunnfjords første influcencer? – Ein sommarprat med Ingeborg Sol Fure

Sunnfjords første influcencer? – Ein sommarprat med Ingeborg Sol Fure

0
2166
Ingeborg Sol Fure

Bilete lyg litt, for sjølv om Ingeborg les flittig, på den fritida ho har hatt når alt anna er gjort, treff du ho neppe på biblioteket i sommar. Ho reiser no land og strand rundt for å promotere Norge som reisemål.

Ingeborg Sol Fure har lenge nytta Facebook og Instagram som kanalar til å formidle sine hobbyar og lidenskapar. I tilfeldig rekkefølgje: Kampen for rettferd for flyktningane i Moria, treningsforma handbalanse og reising og opplevingar i Sogn og Fjordane. Ho har også lenge arrangert ulike turar i Sogn og Fjordane, der ho fungerer som turleiar og guide.
Du har kanskje sett ho, svinse forbi i ein raud kjole på sosiale medium, som ein draumeskapnad på eit eller fleire av våre vakraste reisemål. Eller ståande på henda. Eller med flammande appellar om å hente barna i flyktningleiren i Moria til Norge. Og no i det siste i den landsdekkande kampanjen til Renault: Opplev Norge 2020


Sunnfjords første influencer?

– Du er vel det nærmaste vi kjem ein influencer på disse kantar?
– Det var ikkje noko eg plana, det er berre eit resultat av engasjementet mitt, som eg ikkje klarar å halde igjen på. Eg slit litt med lav impulskontroll, så når ting kjem, ja så kjem dei ut. Og så har det etterkvart visst seg slik at folk gidd å høyre på, så då fortsett eg no berre med det, seier Ingeborg og ler.
– Korleis enda du opp som Renault-ambassadør?
– Eg vart rett og slett oppdaga gjennom Instagram. Kampanjen Opplev Norge 2020 hadde kjøpt ein del stock-foto dei skulle bruke, men som dei ikkje var nøgde med. Dei kontakta meg fordi dei ønska å bruke ein del av mine bilete, og etter at dei hadde fortalt om kva kampanjen gjekk ut på, såg eg berre ein haug av muligheiter for kva meir eg kunne gjere for dei, seier ho og fortel vidare.  
– Eg har eit samarbeid med fotograf Jostein Vedvik, og tilfeldigvis haldt vi på med å lage ein film om «Eventyrlege Nordfjord» då. Eg sendte den over, og så balla det veldig på seg ut frå det, seier ho.


Sa opp jobben, og satsar for fullt

Med blod på tann, tok Ingeborg steget ut og satsar som sjølvstendig næringsdrivande.
– Eg slutta i jobben, og jobbar fulltid med formidling gjennom film og bilete. Eg måtte ta eit val, tidligare tok formidling av lidenskapane mine og verdiane mine så godt som all fritida mi.
Og det gjorde eg med glede. Eg brenn for å prøve å hjelpe flyktningane i Moria, for å formidle kor fint fylket vårt er og trening, for min del i form av handbalanse. Samtidig er det vanskeleg å nå over alt, så då valte eg å prøve meg som sjølvstendig næringsdrivande. Eg ser berre moglegheiter, sjølv om eg no jobbar dobbelt opp, og tener halvparten av kva eg gjorde i fast jobb. Samtidig har eg det tre gangar så gøy. Samarbeidet mellom meg og Jostein starta som eit kjekt, kreativt samarbeid, og utvikla seg til å bli produkt folk kjøper. Vi blir kontakt av bedrifter som ønskjer at vi skal lage materiale og filmar til dei. Det er kjekt å få anerkjenning for det vi skaper saman, seier ho.

Foto Jostein Vedvik


Kjempar for Moria på femte året

Sidan 2015 har Ingeborg også engasjert seg i den humanitære organisasjonen Dråpen I Havet, som jobbar med flyktningkrisa i Hellas.
– Kvifor brenn du akkurat dette?
– Jo meir eg har lest meg opp på flyktningkrisa i Hellas, og jo meir eg har følgt med, jo meir forbanna blir eg. Dobbelmoralen og uretten dei blir utsett for, den gjer ilt å sjå. Dette er menneske i yttarste naud, som ikkje får hjelp. Europeiske myndigheter har alle føresetnader for å evakuerer leiren, som blir rekna for ein av verdas verste flyktningleir. Barn heilt ned i 4-årsalderen freistar å ta sitt eige liv. Dei blir utsette for vold, seksuelle overgrep, svolt og kulde. Ingen menneske skal måtte oppleve dette i, det bryt med menneskerettighetane. 40% av dei som bur i leiren er mindreårige, mange av desse er på flukt aleine, utan foreldre. Det er ekstra ille no i den pågåande pandemikrisa. Dei har store hygieniske utfordringar i leiren, og kan heller ikkje halde avstand. Det bur over 20 000 menneske i ein leir som er bygd for 3000, seier ho og fortel at dette har blitt hjartesaka hennar.
– Eg valte meg ei kampsak, som eg engasjerer meg i og håpar å gjere ein forskjell. Då må ein berre gjere det ho kan. Det er feil at dette berre skal vere Hellas sitt problem.

Og det ho kan, er å formidle. Ho skreiv ei diktboka «100 dagar utan deg», med dikt og bilete frå Sogn og Fjordane. Ho finansierte den, fikk den trykt, selte for harde livet og har til no kunne bidra med litt over 500.000 kroner til dråpen i havet.
(Om du vil kjøpe boka: https://www.solfure.no)


Aktiv sommar

– Men du: Som turarrangør og reiselivsbloggar og opplevingsinfluencer, korleis ser sommaren din ut?
– Eg skal krysse av ønskelista mi, og oppleve og små mange lokale sjåverdigheiter, natur og kultur, og då meiner eg her i Sogn og Fjordane: Det er mykje eg vil oppleve i sommar: Eg skal til Aurlandsdalen, og eg skal på Breiskrednosi, som har stått høgt på ønskelista mi. Sist eg prøvde rota eg meg vekk og enda på Bakkanosi. Eg skal til Balestrand, som har utruleg mykje historie og spennande ting å finne på, og til Luster og gå fjellet Molden saman med ungane. Det blir også zipline i Flåm, padling og kos. Og så skal eg sykle Rallarvegen, seier ho og trekk pusten.
Du har farta «overalt». Kva bør vi andre oppleve lokalt i sommar?
– Lundeskaret er veldig spesielt å oppleve. Du går opp det tronge skaret, Norges brattaste DNT-merka sti, og kjem opp til eit fantastisk brelandskap. Det er ein flott tur, og spesielt om ein les seg opp på historia. Her frakta dei dyr og handelsvarer mellom Fjærland og Lunde, eller dei gikk fram og tilbake på fest. Eg likar stader med historier. Det gjer det meir spennande å vitje dei. Og difor er også Astrup-tunet ein heilt fantastisk stad, som har mykje historie, seier ho og tenker seg om.
– No vart det mykje Jølster, men det er ei fantastisk leikegrind, med utruleg natur og stader. Men folk bør også vitje øya Vågsøy, der eg vaks opp. Der bur det ikkje så mykje folk, for å seie det fint, men du finn storslått kystnatur, og perler som Kråkenes Fyr, Kannesteinen, Refviksanden, Norge si finaste sandstrand, helleristingar, Måløyraidsenteret og mykje meir. Det er ein fantastisk stad for alt frå barnefamiliar, til dei som likar kultur og dei som ønskjer å gå i fjellet, seier ho og kjem med eit tips til.
– Kalvåg er ei perle eg oppdaga i vaksen alder, men har blitt særs glad i. Den variasjonen i naturen, frå mektige Hornelen til den veglause eventyrvika Vetvika, ein møter ørner kvar gang, kan fiske, padle, gå tur, og ete/overnatte på den fantastiske restauranten/hotellet Knutholmen, driven av fantastisk kjekke folk.