Førde Vulk, bedrifta som alltid er med

Bilete: Dette er ferskingen og veteranen. Dagleg leiar Ståle Kvammen(tv) har på intervjudagen akkurat 34 års ansiennitet. Men Åsmund Holsen har 42 år, og fortel at var med og lærte opp ferskingen då han byrja i 1986

I 2019 brukte Førde Vulk 320.000 kroner på å sponse lag og organisasjonar og arrangement. I Førde-fotballen har dei vore med «alltid», det same gjeld for Førde Volleyballklubb.


Dei er ei slik bedrift som, saman med mange andre i Førde, utgjer ein grunnmur i finansieringa av idrett, kulturliv, arrangement og anlegg. Meir om det sjå faktadel.


455 års ansiennitet

Ståle Kvammen er sjef i bedrifta. Når iSunnfjord kjem på besøk er det på dagen 34 år sidan han byrja i jobb her.
– Som så ofte var det litt tilfeldig. Eg og ein kompis, Trond Hellebust, dimitterte frå militæret på Haakonsvern ein fredag. På måndag var eg på jobbintervju, og på onsdag vart eg tilsett. Eg hadde også eit tilbod om jobb frå Ramstad Eskefabrikk. Men eg tenkte at eg kan no jobbe her ei lita stund mens eg ser det an litt, seier han og ler. Men han er langt frå aleine med lang fartstid. Han har sett litt på det, og på dei 16,5 faste årsverka som er i bedrifta er gjennomsnitt ansiennitet på 27 år.
– Det betyr at vi faste tilsette har vore her sidan år 1575, seier han og ler, vi har altså 445 års ansiennitet til saman. Heller ikkje er han den med lengst tilsetjing. På nabokontoret sit Åsmund Holsen, som tross at han ikkje har passert 60 år, har jobba her i 42 år.
– Eg var jo med og lærte deg opp, seier han til sjefen, vi hadde manuelle kartotekkort den gang, som haldt kontroll på lageret. Vi var vel så vidt byrja med datamaskiner, men det var no i so fall heilt i startfasen.


Løparbedrifta

Førde Vulk er bedrifta som alltid er med, men sjeldan stikk seg fram. Dei er ikkje høgrøysta til stades, men dei er å stole på for alle som ynskjer å gjere Førde til ein betre stad å bu. Og det må vere ein god arbeidsplass. – Eg trur vi må kunne seie at det er kjekt å jobbe her. Ellers hadde antakeleg ikkje så mange blitt her so lenge, seier Ståle. Han fortel at dei gjer ein god del ting i lag utanfor arbeidstida, og stadfestar inntrykket av at idrett, og spesielt springing, har vore ein viktig aktivitet.
– Vi har delteke på Holmenkollstafetten kvart år sidan 2003. Det har vorte ein fin tradisjon, ei god helg i Oslo, som er delvis sponsa av bedrifta. Då har vi gjerne med oss partnerane våre, som også kan vere med og ta ei etappe på stafetten.
– Det har alltid vore intern kniving her, seier han, Egil Jakobsen, tidlegare sjef, var i god form. Emil Horstad har sprunge mykje, og det gjer han no forresten endå. Ei stund hadde vi internkonkurranse om beste tid opp på Hafstadfjellet. Eg meiner fleire av oss var nede under 37 minutt. Harald Heimestøl og Egil var vel best, men det var ei stund eg ikkje var langt bak. Det var eit år eg hadde 50 turar på fjellet der frå nyttår og fram til mai. Slikt blir det form av. Sidan har åra gått og kiloa komme, seier han og ler godt.
Han viser stolt fram trimrommet dei har i 2.etasjen, og fortel at på vinteren kan tilsette trene ein gong for veka der, i arbeidstida. Dei som eventuelt slit med skuldrar eller rygg på grunn av tidvis monotont arbeid kan også få tilrettelagt trening i samarbeid med bedriftshelsetenesta.

Førde Vulk har eige trimrom. Her kan tilsette trene i arbeidstida ein gong for veka i vinterhalvåret.

Fylte sjefen sine klogger med betong

– Så har vi julebord i matrommet her på bedrifta. Då er det berre dei tilsette som deltek, og vi lagar maten sjølv, fortel han. På sedvanleg sunnfjordsk beskjeden vis viser det seg at vi, i dette tilfellet nærmare bestemt, er han. Han lagar julemiddag til alle tilsette, bortsett frå potetene. Dei vert kokte på bedrifta.
– Og så er vi ikkje redde for å herje litt med kvarandre, flirer han,  Egil hadde eit par klogger han var so glad i. Han var vekke på ferie, og i den perioden hadde vi noko støypearbeid vi dreiv på med. Og då var det ein luring som fylte kloggene til Egil, sånn frå midt på, og heilt fram i tåa. Det første som skjedde var jo at Egil fekk veldig vondt i tærne når han kom att frå ferie og skulle «hoppe i» kloggene……….men han er ein seiging som ikkje gjev seg så lett. Så han fann fram ein meisel og fekk til slutt ut betongen av kloggene og brukte dei vidare.


15.697 dekk innafor huset sine vegger

Dekkhotell er ein trend som har vokse i mange år. Førde Vulk har 1200 bilar på kundelista. På spørsmål om dette er det endelege beviset på at latskapen har teke oss fullstendig, seier Ståle at det nok er fleire årsaker enn det.
– Eg sjølv bur i Førde, og som mange andre bur eg meir urbant enn folk gjorde før. Det er ikkje kvar mann si løe lenger, sjølv om eg har ei på Viksdalen, smiler han. – Så det er vanskeleg for mange å finne lagringsplass heime. Mange av dekka er og større og tyngre enn før. Dei tyngste veg kanskje 40 kilo, seier han, så då er det greitt å ha dei på eit dekkhotell.

Eit anna utviklingstrekk på dekk er at det finns så mange fleire dimensjonar enn før.
– På lageret vårt har vi sortert etter 200 forskjellege dekkdimensjonar, samt ei avdeling til med borti 50 dimensjonar til, der vi ikkje er så streng på sorteringa. Vi har også teke i bruk den delen av huset som vi før brukte til regummiering, til å lage lager og dekkhotell. Vi har også bygd noko nytt, fortel han når vi går rundt i bedrifta og kikar. Med dekkhotell og lager har Førde Vulk til saman 15.697 dekk på huset, i fleire etasjar, og nokre stadar stabla i 7-8 høgder.
– Han er flink, truckføraren vår, som hentar ned eller set på plass dekka på dei øvste høgdene. Eg gjer gjerne slike jobbar sjølv, men ikkje på dei øvste reolane. Då hentar eg han, seier Ståle.
Han viser stolt fram ei eigenutvikla automatisk pigge-maskin, som han trur må vere den mest effektive i landet. I tillegg til at den piggar 6-7 dekk i timen sparar den tilsette for særs monotont arbeid, med dei farane det inneber for slitasjeskader. Dei kan heller gjere anna vettig arbeid.


Regummierte 5000 lastebildekk før

For 20 år sidan var regummiering av dekk ein viktig del av det dei dreiv med. 5000 lastebildekk for året, men også personbildekk. Men så kom dei billege personbildekka frå Kina, og då vart det bråstopp på dette. Utslitne dekk blir no mest brukt som kai-fenderar.
– Det har jo ei viktig miljøside dette. Regummiering er ein måte å bruke dekk om igjen på, seier Ståle, og fortel at dei tek jobben med å bore hol i dekka slik at dei kan brukast som fenderar. – Ikkje alle gjer det, men vi levere dette over store deler av landet. Det er greitt å tenkje på at vi på den måten bidreg til at dei i alle fall vert nytta til noko fornuftig, avsluttar han.

15697 dekk har Førde Vulk innafor huset sine vegger. Dekkhotell og dekk på lager tek bra med areal seier dagleg leiar Ståle Kvammen

Førde Vulk grunnlagd i 1949 av legenda Berge Selvik

Førde Vulk har vore i Førde sidan 1949. Starta av Berge Selvik, bergensaren som flytta til Førde for å starte verksemda. Selvik er ei legende. Ikkje berre som gründeren av Førde Vulk, men for det store arbeidet han gjorde for å skape eit rusettervern i Sogn og Fjordane. Han blei alkoholikar, etterkvart tørrlagd, og gjorde eit stort arbeid for å hjelpe andre. «Alltid» med Skrivaren av dette stykket har arbeidd med arrangement i Førde, og i Sunnfjord i 25 år. Eit søk bakover i dokumenta viser det han heile tida har trudd. Førde Vulk er bedrifta som «alltid» er med. Frå Stian Grimseth-cup på slutten av 90-talet, via Sommarfestane, til EM i vektløfting: overalt dukkar Førde Vulk opp på sponsorlista. Det er mange slike verksemder i Førde og regionen rundt. Førde Vulk kan på denne måten vere ein representant for alle desse solide, samfunnsmedvetne bedriftene som er ein grunnmur i det livet vi likar å leve.


Førde Vulk si sponsing i 2019

I 2019 brukte bedrifta, som har 16,5 fast tilsette årsverk, 320.000 på sponsing:

  • Førde IL Fotball
  • Førde IL Handball
  • Førde Volleyballklubb
  • Jølster Aurefest
  • Bystien Førde Opp
  • Trøkk n’ Truck
  • Eli Anne Dvergsdal
  • Marius Vedvik
  • Aleksander Øen Ask
  • Tambarskjelvar IL vektløftargruppa
  • Langeland Ski og fritidssenter
  • Flora mila
  • Jølster Skisenter
  • Bygstadhallen
  • Nattope


I tillegg kjem mindre «spontansponsing»

fordevulk.no

Annonse