Norge på tvers – ein annleis sommarferie

Når sommarplanane til Ida Nøst gikk i vasken – bestemte ho seg for å fullbyrde ein draum: Å gå Norge på tvers: Ein tur på cirka 650 km, frå svenskegrensa ved Røros til Stad. 

– Av og til bør ein sette seg eit mål som nesten verkar umogleg, og så prøve å nå det. Eit kvart ein ikkje heilt klarar å førestille seg korleis ein skal klare å gjennomføre. Eg er bra sta, og har pågangsvilje. Det er ein god kombinasjon for å klare noko, seier Ida Nøst med eit smil. 

– Eit av måla med ein slik tur er at eg likar å lage meg referansepunkt i livet. Om du utfordrar deg sjølv, og gjer noko som er litt tøft å klare, så har du ein referanse til seinare i livet, om du møter tøffe tak. Då kan eg tenke: «Eg gikk Norge på tvers, då må eg klare dette også».  

– Kvifor akkurat denne ruta?

– Eg har alltid vore interessert i friluftsliv. Maria Grøntjern, Villmarksjenta på NRK, gjennomførte denne turen 16 år gammal. Sidan har eg hatt denne turen i bakhovudet, fortel ho, men eg har ikkje teke meg tid til dette. Det er mange prosjekt som har gått i vasken i år på grunn av korona, så eg trengte noko å fokusere på. I år var planen min å reise på ein tur til Afrika. Eg hadde ordna meg 4-5 veker ferie, så når turen dit rauk måtte eg finne eit alternativ. Det er dumt å sløse vekk ferien på småprosjekt. Så då byrja eg å planlegge, sjå på ruter og å trene meg sjølv og bikkja mi ved å venne oss til lange turar med sekk. 

Gode planar

Det er ein solfylt sommardag når eg treff Ida, heime hos ho i Førde. Turen er enno fleire veker unna, og kveldane går med til planlegging, ikkje minst å gjere pakking av sekk optimalt. Alt tel når du skal klare deg for eiga maskin i fire veker. 

– Du får ikkje skrive om det før turen er ferdig, seier Ida. – Eg er så sta og viljesterk at eg har ein tendens til å presse vel hardt. Eg er redd for at om du skriv om det, og eg pådreg meg ei skade undervegs, så kjem eg til å presse meg gjennom, sjølv om eg burde bryte, held ho fram med sit smil. 
– Det er mange utfordringar med ein slik tur. Det er mykje ein ikkje rår over. Til dømes om hunden får eit hoggormbitt. Ein kan bli sjuk, og det er mange ting som kan gå galt, kombinert med at det er avgrensa kor mykje utstyr ein kan ta med seg, fortel ho og deler planen. 

– Eg reiser til Røros med tog 28 juli, så tek eg taxi dagen etter til svenskegrensa. Eg laga mi eiga rute, basert på informasjonen eg har funne. Eg prøvar å gå langs eksisterande stiar og vegar. Målet er å halde meg mest mogleg på turstiar, og minst mogleg på asfalt. Eg har gått lange turar på asfalt før og blitt bra øydelagt i beina. Eg har betre fottøy no, og to ulike par sko med god demping, men eg prøver å unngå asfalt. 

Lengste tur

– Kva trur du blir det tøffast med ein slik tur?
– Beina. Når du skal gå, i snitt 22 km kvar dag i fire veker, kan sjølv eit gnagsår øydelegge mykje. Eg går ikkje fort når eg går tur, det er meir som skilpadda som kappløp: eg kan gå langt og lenge på ein dag.  
– Korleis blir det å skulle gå så mykje, og overnatte i telt dag etter dag?

– Det tek eit par dagar, så klarar eg å sove godt i telt. Det blir ikkje noko problem. Ikkje uthaldet heller. Steg for steg til ein kjem fram. Den største utfordringa mi er å klare å avslutte turen om det skulle oppstår problem som gjer at eg bør avbryte. Og det er veldig sannsynleg at det kan skje noko som fører til det. Eg håpar at både bein og bikkje held seg i vigør. Og om det skulle oppstå problem, så håpar eg at eg klarar å ta gode val, og ikkje pushe meg for langt. Eg har ein tendens til det, fortel ho. 

– Å vere åleine er noko av det eg gler meg mest til. Eg er sosial, men trivast også svært godt i eige selskap. Eg reknar med å treffe folk undervegs, og då tek eg i mot det selskapet. Om nokon vil gå delar av turen med meg, så er det greitt, sa Ida på førehand. 

– Kva trur du at du kjem til å sakne mest? 
– Sikkert å ligge på ein sofa. Eller senga mi. Sjølv om eg søv godt i telt på liggeunderlag, så er det noko anna å ligge i ei god seng. Og sikkert ferskmat, etter å ha levd på frysetørka mat og havregraut kvar morgon. Undervegs blir ein så sliten at det smakar fantastisk på slutten av dagen, men til slutt blir ein jo lei. Eg skal innom enkelte byar og tettstadar, så eg får få meg eit varmt måltid då, sa Ida i midten av juli. 

Gode planar – men…

Eit ordtak seier at menneske legg planar, og gud ler. Så også med turen til Ida. 29.juli var ho i gang, men det gikk ikkje lenge før det dukka opp ei utfordring. 
– Det første problemet som dukka opp var eit spenne på sekken som knakk. Det utvikla seg til eit lite helvete første veka. Heile poenget med sekk er at hovudtyngda skal kvile på hofta. Når den funksjonen sviktar, så blir det utruleg frustrerande. Det løyste seg når eg kom til Alvdal, der dei hadde ein sportsbutikk. Eg måtte springe ned eit fjell for å rekke den før stengetid så eg fekk meg nye klips, smiler ho. 
– Etter det var ikkje sekken noko problem. Det var tungt å få den på og av, men elles gløymte eg den. Når eg tenker tilbake på turen no, så tenkjer eg ikkje på at eg hadde sekk på, seier ho og deler noko ho fikk tenke mykje på.  

– Mygg! Eg har ikkje gått så mykje i slikt ope austland-terreng, så eg undervurderte myggplaga. Det var intens, og noko av det som skapte mest frustrasjon undervegs. Eg brukte opp 80 prosent av myggsprayen eg hadde med første veka. Det bekymra meg litt korleis skulle eg klare tre veker til med 20 prosent myggspray igjen. Eg måtte vente på bris og vind før eg kunne ta pausar den første veka, og gå lange strekk utan å kvile. Om kvelden måtte eg berre hive opp teltet i full fart, og slenge inn bikkje og sekk og ta kveld. Eg kunne ikkje sitte ute, då hadde eg blitt ete opp. Men det gikk gradvis over. Mot slutten trur eg at eg utvikla immunitet. Stikka var irriterande, men dei klødde ikkje lenger. Det vart nok av myggstikk, for å seie det slik, seier ho og smiler. 

To kneiker – og eit nydeleg midtparti 

Etter ei veke av turen byrja ting å gå seg til. 
– Den første veka var ei kneik å komme over. Det var tungt, og både kropp og bein måtte venne seg til belastninga, i tillegg til utfordringane med sekk og mygg. Bikkja fikk litt gnagsår i starten også, men det gikk seg også til ganske raskt. Dei to vekene i midten av turen var veldig flotte. Alt gikk greitt, og eg var utruleg heldig med veret. Mot slutten av tredje veka kjente eg også veldig på kor irriterande det ville vere å ikkje fullføre turen. Etter veke tre kjente eg meir og meir på at er ferdig med å gå så mykje, men veldig bestemt på å fullføre. Eg måtte jobbe med tankane: «Du har aldri vore nærmare». Siste veka var meir ei kneik å komme over. Det kom ein storm, som varte i fire dagar: Alt vart vått: Teltet gjennomvått, og eg byrja å bli tom for tørre sokkar og gikk lei av å ta på regnklede kvar dag. Livet var ganske kjipt, men det var ingen vits å berre sett seg ned. Så det var berre å gå. Stormdagane gikk eg langs bilveg, som gjorde det ekstra kjipt. Med ein gang eg kom på sti igjen løfta humøret seg. Eg gikk bortimot sju mil, frå Bjørke til Bryggja, ved Eidsfjorden, langs bilveg. Så gikk eg postvegen mellom Brygga og Berstad, det letta sinnet, og så kom veret igjen, så då var alt fint. Bortsett frå fire iskalde elver eg måtte vasse over berrføtt, seier ho. 

Dei lange ekstrakilometerane

Kvar einaste dagsetappa var planlagt i detalj, men likevel kunne dei by på overraskingar. 

– Distansane var rekna i luftlinje, og eg var psykisk førebudd på kor mange kilometer eg skulle gå kvar dag. Om dagsetappa var 25 eller 17 km, merka eg ikkje at eg vart sliten før på dei to-tre siste kilometerane. Det visste seg undervegs at distansane ofte var målt i luftlinje på nettet. Dermed vart dei ofte lenger i praksis, fordi eg måtte opp og ned toppar. Dei ekstra kilometerane vart slitsame, sjølv om eg kanskje gikk lenger totalt både dagen før og etter. Eg hadde liksom programert inn ein distanse for den dagen, seier ho og deler den verste av dei. 

– Eg hadde rekna inn ein distanse på etappen ned til ferja i Geiranger, og kalkulert inn kor lang tid det ville ta. Og så visste det seg at distansen i praksis var mykje lenger, og at eg måtte komme meg ned heile dalen, cirka ti kilometer, på to timar. Så eg måtte springe med tung sekk. Eg var øydelagt, men eg rakk siste ferja med tre minutt til overs, seier ho med eit smil. 

I mitt eige vesle helvete…

Eit anna problem som oppstod undervegs, var eit kort stykke med skikkelig dårlig terreng. 

– Eg gikk ein etappe frå ein nydeleg dal, Norangsdalen, eit stykke frå Hellesylt. Ruta gikk mellom to fjelltoppar, og så ned igjen forbi to vatn. Det hadde regna, underlaget var glatt, og eg gikk gjennom rassoner. Forbi det første vatnet var det mykje lause steinar, men grei sikt og inga vegetasjon over, så det gikk greitt. Ned til det andre vatnet var det noko heilt anna. I starten var det grei sti, men den forsvann. Og då venta 1,5 km med overgrodd ras-sone utan sti. Det tok meg to timar å komme forbi, og det var eit helvete på jord. Det var glatt, sikten var dårlig og eg måtte heile tida opp og ned i terrenget. Det var lause steinar og alt var gjengrodd, så eg visste ikkje kva eg sat foten på. Det glei ut steinar, og det var stor risiko for å ramle, trakke ned i hol, vrikke foten osv. Det var utruleg psykisk slitsamt. Eg klatra og drog meg opp etter lyngrøter, det raste ut små ras og det gikk treigt. I blant måtte eg prøve å skli ned på rumpa utan å knekke halebeinet. På eit tidspunkt knakk staven. Eg skreiv ut i frustrasjon og kasta den på vatnet. Hunden min fota seg utan problem, hoppa og spratt, jaga gnagarar og kosa seg. Medan eg gikk i mitt eige vesle helvete. Det var tøft. Til slutt fann eg ein sti som leia ned til ei hytte ved vatnet. Då sette eg i eit jubelskrik, som eg aldri har høyrt maken til. Det var ei hytte utan betjening, men eg fikk tørka klede og meg sjølv, og sove i ei seng. Det hadde vore for jævlig å slå opp eit vått telt og ligge der, seier ho og smiler. 

Fantastisk avslutting

Etter lange dagar med regn, bestemte veret seg for å gi ho ein verdig avslutting. 

– Frå Selje og opp i fjella igjen gikk eg med uvær i ryggen. Om eg tok ei pause tok regnet meg igjen. Vi haldt heilt likt tempo, seier ho og smiler. 

– Eg slo opp telt på Dragseide, og akkurat i det eg kom inn i teltet kom regnet, og haldt på ein halvtimes tid. Så kom knallværet igjen dei siste to dagane. Då var det fint å gå igjen, og eg fikk ei fin avslutning. Eg hadde avtalt med mor mi at ho skulle hente meg på Stadlandet. Eg gikk siste strekket opp frå Ervika på mi eiga rute, der eg gikk av bilvegen. Eg trefte ingen andre, og fikk gå mine siste steg i mi eiga boble. Det var veldig fint, eg fikk sett punktum på ein flott måte, seier ho og held fram. 
– Å komme i mål var eit mykje sterkare augneblikk enn eg hadde trudd det skulle vere. Då kjente eg det pressa på. Siste fem stega var som i slow motion, seier ho og deler ei gledeleg overrasking. 
– Dei hadde restaurant på toppen, som serverte mat. Eg åt lunsj med mor mi der, og det var utruleg godt. Så køyrte vi heim. 
Då hadde ho vore på tur i 30 dagar. 
– Planen var å bruke 31, men eg gikk inn ein dag på slutten. 

Mot nye mål?

– Det er kanskje tidlig å ta stilling til nye mål? 

– Eg har eigentlig ikkje tenkt på det. Eg har blitt spurt om eg skal gå Norge på langs, og til det er svaret: Absolutt ikkje! Eg skjønte at tre veker er meir enn nok på tur for min del. Faktisk er ei veke greitt, eller helgeturar. Eg er litt metta på liggeunderlag og telt for ei stund. Etter turen reiste eg på hytta for å kople heilt av, og då tok eg ikkje med meg fjellskoa. Det angra eg litt på, for eg fikk lyst på å gå nokre turar, men det enda med berre småturar. Men det var kanskje like greitt, seier ho og fortel at det reint fysisk gikk heilt fint. 

– Det gikk overraskande fint å gå så langt. Eg vart lei, men ikkje utslitt. Eg gikk i det tempoet som passar meg, heile vegen og tok pausar når eg trengte, seier ho og deler eit råd. 
– Eg skulle ha hatt med meg meir mat. Det skjønte eg fort. Eg drakk mykje vatn for stogge svolten, og når eg fann butikkar kjøpte eg kjøtpålegg som eg gafla i meg. I etterpåklokskapen skulle eg ha hatt eit forsyningspunkt for kvar veke, i staden for berre eit halvvegs. Det gikk mykje kaloriar kvar dag, men det gikk greitt, seier ho og deler eit tips. 
– Det er veldig lite informasjon om Norge på tvers, på det breiaste. I alle fall fann eg ikkje mykje på nett. Så eg laga ei dagbok på Instagram, med eit innlegg per dag der eg og skreiv litt om den dagen. Så om ein har lyst til å prøve seg på turen, kan dei sjå der. Det ligg 30 innlegg om turen på @idanost

Over all forventning

Halvanna månad etter at ho delte kva ho håpte på og kva ho frykta, sit ho sjølv med fasiten. 

– Det gikk heilt fint å gå i fire veker mest i eige selskap, smiler ho. 
– Eg trefte på folk i blant, men ikkje så ofte som eg hadde trudd på førehand. Det har vore mykje folk på tur i sommar, men eg trur folk flest har køyrt bil til ulike utgangspunkt for toppturar, og at dei har gått langs rutene til turisthytter med bemanning. Der var det mykje folk, men ikkje langs den ruta eg gikk. Eg trefte færre som låg i telt langs ruta mi enn du kan telje på ei hand, seier ho. 
Og med fasiten i hand, så gikk turen bra fysisk også. – På førehand var eg uroa over om kroppen ville takle dette, men det gikk seg fint til. Første veka tilvente kroppen seg belastning. Eg var sårbeint, og hadde ein del gnagsår, men det gikk seg til. Eg fikk ikkje sår eller belastningsskadar. Føtene var ømme på slutten av dagen, og det var godt å få av skoa, men det gikk fint. Føtene forsto kva eg haldt på med, og vente seg til belastninga. Det vart eit mindre problem enn eg hadde frykta. 
– Kva vart fasiten på kva du sakna mest?
– Ja, kva sakna eg mest? Å dusje kanskje. Og reine klede. Eg vaska klede i blant, men det var ikkje alltid det var råd å tørke dei, og eg kunne ikkje gå med våte klede i sekken.  

Alle foto: Ida Nøst

Annonse