BedriftskatalogenTenesterSamarbeid mellom Førde og Florø

Samarbeid mellom Førde og Florø

Eit kreativt samarbeid mellom Big Fish i Florø og Rein Design i Førde landa storavtale med Sparebanken Sogn og Fjordane. 


Bilete i toppen: Eit kreativt samarbeid mellom byråa Big Fish i Florø og Rein Design i Førde landa storkontrakt med Sparebanken Sogn og Fjordane. Frå venstre: Trude Svardal, Ole Jonny Klopstad, Johanne Viken Sandnes og Jetmund Rygg.

Verda er i endring, og då må bedrifter også endre seg. Til dagleg konkurrerer Big Fish i Florø og Rein Design i Førde om kundar. Men når det vart sendt ut invitasjon til å levere anbod på leveranse av grafiske tenester til Sparebanken Sogn og Fjordane, valte dei å samarbeide om dette – for å kunne gi ein viktig lokal aktør dei tenestene dei treng. I september signerte dei avtale med Sparebanken Sogn og Fjordane. 
– Ein så stor, profesjonell aktør treng ein leverandør som kan levere på høgste nivå. Når fleire kreative menneske jobbar mot same mål blir resultatet større enn kva dei kunne skapt kvar for seg. Difor valte vi å levere anbod i lag, seier Ole Jonny Klopstad, dagleg leiar i Rein Design.

Både Big Fish og Rein Design har eit sterkt næringsliv rundt seg. Då er det ekstra kjekt å lande ein avtale med eit av dei viktigaste bedriftene i vår region i så måte. 

– Sparebanken Sogn og Fjordane er viktig i vår region, både for næringslivet og for folk flest. Dei har ei botnsolid merkevare mange av oss har ein relasjon til, og gjerne har møtt fleire gonger i livet. Dei er særs profesjonelle og tydelege i kva dei ønskjer, og stiller høge krav til kvalitet og leveranse. Det gjer dei til ein utruleg spennande og kjekk kunde å jobbe for, seier Trude Svardal, dagleg leiar i Big Fish.

 

– Kreative krefter som utfordrar oss 
– Vi gler oss til samarbeidet med Rein Design og Big Fish. Det er spennande å ha kreative krefter som utfordrar oss og hjelper oss med å vidareutvikle merkevaren vår. Vi ønskja å samarbeide lokalt, fordi det er viktig å styrke og støtte arbeidsplassane og fagmiljøet som fins i regionen på dette feltet, seier leiar for marknad og kommunikasjon i Sparebanken Sogn og Fjordane, Johanne Viken Sandnes. 

Lokale leverandørar var derfor viktig ved val av leverandør. 

– Vi sendte ut anbod breitt til alle grafiske miljø i Sogn og Fjordane vi kjenner til, og fekk solide anbod i retur. At resultatet vart at to av dei innleia eit samarbeid er eit flott døme på samarbeid som kjem oss som kunde til gode. Det vil sikre kontinuitet og leveransekraft i avtalen, seier innkjøpsansvarleg i banken, Jetmund Rygg.

 

Saman blir vi sterkare 
Big Fish og Rein Design er sterke i trua på at samarbeid gagnar alle partar. 

– Som selskap er vi litt ulike, men vi har ei felles plattform i kommunikasjon, design og kreativitet. Samarbeidet utløyser gode synergiar: Større nedslagsfelt og samla kompetanse, fleire hovud og meir kreativitet – så alt i alt kan vi levere meir av det kunden trenger. For dei er dette ei strålande løysing: Vi samarbeider internt, så dei har ein fast kontakt å vende seg til, samtidig som dei får tilgang til ressursane i to byrå, seier Trude. 

– Framtida handlar om kunnskapsdeling, utvikling og samarbeid. Ein blir ikkje god av å sitte på kvart vårt nes, det blir ein via utveksling av kunnskap og av å spele på kvarandre sine styrker. Saman tek vi løft vi ikkje klarar åleine, utfyller kvarandre og sikrar at kunden får dei produkta og tenestene dei etterspør, når dei treng dei. Næringslivet vårt fortener gode, sterke fagmiljø på kommunikasjon og design, og dette samarbeidet er eit flott døme på korleis vi kan levere dette, seier Ole Jonny.  

 

To små – blir størst i vest
Samla har selskapa 12 tilsette, med høg kompetanse på ulike fagfelt, i Førde og Florø. Då Trude flytta heim tok ho med seg arbeidsplassen sin i Big Fish, som og har tilsette i Oslo. 
– Vi har kontor i Sogn og Fjordane fordi det er her vi høyrer til. Det er her vi ønskjer å drive skapande verksemd, og bidra til eit levedyktig lokalsamfunn. Med eit slikt samarbeid skaper vi eit breitt tverrfagleg kompetansemiljø, som tilbyr dei beste tenestene til kundane våre. Vi gjer det fordi vi er sikre på at denne kombinasjonen av menneske kan levere fagleg, strategisk og operativt. Samla utgjer vi det største kompetansefellesskapet i Sogn og Fjordane innan grafisk design og kommunikasjonstenester, seier Trude og Ole Jonny. 

- Advertisment -

Aktuelt