Bygginga er i gang på Berrvellene i Naustdal

Gravinga er i gang, og Frode Lundekvam, dagleg leiar i Byggteam AS, gler seg til å byrje å bygge Berrvelltunet.

– Ferdig utbygd blir det her 30 leilegheiter, fordelt på tre tun, med heis og felles parkeringskjellar. Kvart tun består av to bygg, på høvesvis 2- og 3 etasjar. No bygger vi tun A, med 10 leilegheiter frå 58 – 84 m² med 1-2 soverom, seier han og held fram. 

– Om ein ønskjer større bustad, kan ein slå leilegheitene på plan 3 saman til ei toppleilegheit på 147 m2. Det er ein unik moglegheit til å sikre seg ei leilegheit i Naustdal sentrum med 2 overbygde balkongar, 3 soverom, og muligheit for eit fjerde soverom med utgang til overbygd balkong. Du får også stor walk-in garderobe, 2 bad, stort kjøkken og stove med direkte utgang til overbygd balkong. Over gangen ligg ein stor felles takterrassen. Her er ein sikra sol frå alle kantar, og får verkeleg det vesle ekstra!


Klar til innflytting hausten 2021

Alt i haust byrjar støypinga av den første delen av parkeringskjellaren under Berrvelltunet. 

– Gravemaskina skal no halde på ei stund, men som du ser er det fine massar å jobbe med, så det går unna, smiler Frode. 

– Målet er å byrje med betongarbeidet i september. Vi støyper halve parkeringskjellaren no, med 15 innvendige parkeringsplassar, så resten på neste byggetrinn. Om alt går etter planen, er venta ferdigstilling av bustadane i tun A hausten 2021.
Ei årsak til at Byggteam startar bygging no er den positiv utviklinga av marknaden. 
– Mange kundar sit på gjerdet til dei får ein dato for når dei kan flytte inn. For mange er dette avgjerande i høve sal, seier han. 

– Jamt over går byggebransjen lokalt bra for tida. Dei fleste aktørane har bra med arbeid, og salet av bustadar går jamt. Renta er låg, då ser mange moglegheita til å kjøpe bustad. Om du har trygg jobb, er det liten grunn til å ikkje kjøpe. Byggteam AS har så langt i år omsett høgare enn for same periode i fjor. Vi ser lyst på framtida. Vi har to bein å stå på, ombygging og nybygg. Det er god etterspurnad etter begge felta. Spesielt på nybygg har det teke seg veldig bra opp siste tida. 


På jakt etter einebustad? 

Byggteam har ikkje berre leilegheiter for sal i Naustdal. Rett over elva, over det eksisterande byggefeltet, ligg Sylvdalen, som byr på flotte utsiktstomter for einebustad. 

– Vi har selt ei tomt, men opplev aukande interesse i seinare tid. Sylvdalen er spennande, på grunn av sentral plasseringa i høve alt av tenester og aktiviteter i Naustdal. Det er også eit aktuelle felt for andre i Sunnfjord kommune som er på jakt etter einebustadtomter. Det er kort veg til arbeidsmarknaden i Førde, og ein bur solrikt og flott, med fantastisk utsyn. Om nokon drøymer om å bygge seg einebustad, med fantastisk plassering, så er det berre å ta kontakt, seier Frode.  


Lyst å bu i vedlikehaldsfri leilegheit i Naustdal sentrum?
Sjå meir på nettsida til Byggteam

Annonse