«Alt» du kan oppleve i Sunnfjord – på ein stad

Sunnfjord Utvikling lanserer no kampanjen 100 i Sunnfjord, som skal sette fokus på lokale opplevingar, attraksjonar og reiselivsbedrifter i området vårt. 

Det er hektiske dagar på Sunnfjord Utvikling: Når pandemien råka næringslivet, og spesielt reiselivet, heiv dei seg rundt for å sjå korleis dei kunne hjelpe til. 

– Grunna Covid-19 førte til at mange reiselivsbedrifter misser store deler av inntektene, fordi utalandske gjestar ikkje kjem. 100 i Sunnfjord er eit grep vi tek for å skape meir merksemd og reiselyst frå norske turistar, seier spesialrådgivar i Sunnfjord Utvikling, Vidar Slettehaug.
– Mange ønskjer å feriere i Norge i år. Det er også eit flott høve for mange til å oppdage Sunnfjord. 100 i Sunnfjord er vårt bidrag til å stimulere reisetrongen, for å generer kundar og aktivitet, seier dagleg leiar i Sunnfjord Utvikling, Rolf Sanne Gundersen.
– Reiseliv er ei av kjerneoppgåvene våre. 100 i Sunnfjord er ei spissa utgåve av det vi jobbar med til dagen, som svar på ein ekstrem situasjon. Vi ønskjer å synleggjere aktivitetane og tilboda vi har her, både for dei som bur her, naboane våre og resten av landet. Vi håper å bidra til at dei som bur her blir meir bevisst på kva vi har, og at vi nyttar oss av det. 


100 i Sunnfjord, alt på ein stad

Kjernen i kampanjen er ei eige nettside.

– Alt blir samla på landingssida 100isunnfjord.no. Dermed slepp du å leite i mange kanalar, for å finne dei ulike tilboda innan overnatting, mat og opplevingar. Her får du oversikt, og blir kanalisert vidare til dei ulike nettsidene til kvar aktør, for bestilling og meir informasjon, seier Solbjørg Grøneng, som er rådgjevar i Sunnfjord Utvikling.  

– Vi håper dette får eit langt og godt liv. Det er eit spørsmål om kor bra vi får det til, og korleis det utviklar seg over tid. Uansett er det viktig med ei bevisstgjering på dette med å nytte seg av lokale kvalitetar. Som tidligare journalist har eg følt at eg har vore flink. Eg har reist mykje lokalt, og kjenner området godt. Likevel dukkar det opp tilbod i regionen som eg ikkje kjente til, seier Rolf.

Kommunikasjonsbyrået Rein Design har laga nettstad og kampanjen til 100 i Sunnfjord, som nå er lansert.

– Kampanjen blir spreidd i form av annonsering i aviser og på ulike digitale flater. Vi opprettar nettsida 100isunnfjord.no og Facebook-sida 100 i Sunnfjord, og vi kjem til å annonsere digital på desse flatene, seier Vidar.


Opplev og bruk Sunnfjord

Heilt uavhengig av pandemi har Sunnfjord Utvikling dei siste åra jobba med å gjere Sunnfjord meir kjent som reisemål, med fokus på opplevingar.

– Sunnfjord er ein mindre destinasjon enn til dømes Flåm, som har 1.2 millionar utanlandske gjestar årlig. Det betyr også at vi i større grad enn dei kan kompenserer for bortfallet av utlendingar, i form av norske gjestar. Denne kampanjen står på eit solid grunnlag, i form av den bevisste satsinga vi har gjort dei siste 2-3 år: På å bygge Sunnfjord opp som ein alternativ, god reiselivsdestinasjon, utan gondol. Sommaren 2020 kjem mange nordmenn til å oppdage eige land. Vi håper mange oppdagar Sunnfjord også, seier Rolf og trekk fram Explore Sunnfjord som døme på satsinga på opplevingsturisme.
– Det er ein aktivitets-hub på Skei, der du kan delta på kurs, guida turar, aktiviteter, leige utstyr og meir.

– Skei er eit godt utgangspunkt for ein aktiv ferie. Eller du er på jakt etter noko å gjere ein dag, ei helg eller lenger. Det er gode overnattingsmoglegheiter i form av hotell og camping, både på Skei og elles i regionen, om du skulle ha lyst på ein litt lenger miniferie, seier Vidar.

Foto: Line Hårklau


Du treng ikkje reise langt, for å oppleve noko stort

Frå Sunnfjord Utvikling sitt perspektiv er det viktig at vi opplev og reiser lokalt i sommar. Og at ein også då legg igjen pengar.
– Du treng ikkje reise langt for store opplevingar. Det er mykje spennande å sjå og oppleve i eigen region. Kjem du frå kysten, kan fjellheimen vere eksotisk, og omvendt. Eg vil oppmode alle til å bruke næringslivet der dei er i sommar. Vi skal nyte og oppleve alt det fantastiske vi har: turar i fjellheimen, symje i vatn og fjord og syklar i den fantastiske naturen vår. Men vi må også vere bevisst på at vi nyttar oss av næringslivet der vi er: Vi må ete middag på kafeen i Stardalen. Kjøpe is på butikken i Bygstad. Leige kajakk på Skei. Bruker ein guide til ein flott aktiv tur på breen eller klatreruter. Vi må bruke næringslivet vårt, seier Solbjørg.

– Dette er ein del av den store dugnaden vi alle må delta i for næringslivet og reiselivet vårt: Vi må bruke pengar lokalt, og vere flinke til å nytte tilboda rundt oss, seier Vidar. 

Foto: Line Hårklau


Reisetipsa frå reiselivsaktørane

– Kva skal de oppleve i Sunnfjord i sommar?

– Eg skal utfordre høgdeskrekken i sommar, med å gå/klatre Astrupegga. Og så er eg personlig veldig glad i å sykle, så det skal eg. Sunnfjord har eit bra rutetilbod på sykkel, som er lett tilgjengeleg for folk flest. Eg tenker å ta turen til blant anna Årdalen i Jølster. Og så skal eg ha med ein kanelbolletur i Sunnfjord: Eg skal innom alle som sel kanelbollar i området, seier Vidar. 

– Det der er ein veldig god plan, skyt Rolf inn, og deler sine favorittar.
– Å gå Lundeskaret gjer eg kvart år. Det er spektakulært undervegs, og ikkje minst fantastisk utsyn når du kjem opp. Dalsfjorden, spesielt frå Bygstad og ut mot Laukelandsfossen er flotte saker. Eg er gammal nok til å ha pendla Gaularfjellet på jobb. Det er ein favoritt for meg. Og i motsetnad til i gamle dagar, så skal eg oppleve den utan å haste fortast mogleg til Dragsvik.

– Eg har eit ønske om å få prøvd å overnatte i ein Birdbox i sommar, seier Solbjørg.

– Eg bur i Gaular, så eg kunne tenkt meg å prøvd å gått fossestien. Eg har gått deler av den, men eg kunne tenkt meg å prøve meg på ein lenger distanse. Og så har skal eg få med meg ein del matopplevingar i sommar. Til dømes Stardalen Sommarkafé, Håjen og Frøysland Bakebu.

Foto: Bre og Fjell

Sjå meir på 100isunnfjord.no

Annonse