Tida går – Trond består

Blant oppdraga til Multi Maritime førre år finn vi oppdraget med å bygge om ferjene «Lærdal», «Årdal», «Norangsfjord», «Storfjord» og «Julsund» frå diesel-drift til elektrisk plug-in hybrid. Prosjektleiar var ingeniør Trond Berntsen.

Elektrifisering av ferjer er eit satsingsområde for Multi Maritime. Bedrifta har fullført over 25 eigenutvikla design, i tillegg til å bygge om eksisterande fartøy til hybrid eller el-drift. Den unike kompetansen deira på dette feltet gjer seg utslag i at dei vinn prestisjeoppdrag som elektrifiseringa av ferjesambandet på Oslofjorden.
– Det er mange ting som speler inn på om ein vinn anbod eller ikkje, men ein ser at gode løysingar blir stadig viktigare. I anbodet på Oslofjord-ferjene såg vi at dei vekta gode løysingar høgare i høve til pris enn tidligare. Det er ei god utvikling, sidan Multi Maritime ligg særs godt an på kompetanse og tekniske løysingar, seier Trond.


Utfordrande og spennande oppdrag

Kompetansen kjem også godt med når ein skal bygge eldre ferjer om til hybrid. Slike oppdrag krev grundig planlegging, i fleire fasar.

– Når vi designar eit fartøy frå grunnen av, har vi full kontroll over heile prosessen, og kvar ting er plassert. Når ein skal bygge om andre sitt design, er det ei utfordring å finne ut av alle detaljer. Ofte finnes det ikkje teikningar på dei eldste ferjene. Då må ein om bord og fysisk ta mål og bilete før ein kan gå vidare. Det er mykje teknologi og stål ein skal finne plass til i samband med ei ombygging. Det gjeld blant anna høgspent og berekningar av energisparing. Summen av dette gjer at dette er oppdrag som er både utfordrande og kjekke å jobbe med, samtidig som ein bidreg til å reduserer bruken av fossilt drivstoff, seier Trond.

–Ferjene er ikkje full-elektriske, dei har og diesel-generator, men i teorien kan dei gå elektrisk heile tida. Det avheng av faktorar som fart, overfartstid, batterikapasitet og om det er lading på begge sider.
Ein disiplin som er blitt mykje meir omfattande i elektrifiseringa er kai-integrasjon.
– Elektriske/hybrid-ferjer og lading er komplisert nok, og kai-integrasjon er en del av det. Ved lading og automatisk fortøying må ein ta omsyn til faktorar som flo/fjære, vind/strøm, lasta/tom ferje. Kai-integrasjon er blitt ei tidkrevjande studie, for å optimalisere og koordinere plassering av ladetårn og automatisk fortøying på kai, mot tilsvarande kopling om bord.


Multi Maritime: Frå teiknebrett og tusj, til digitalisering og 3D-modellering

Det var langt frå det grøne skiftet og elektrifisering av ferjer Multi Maritime starta med, men dit har vegen ført dei i løpet av 36 år. I dag er dei ei moderne, framtidsretta bedrift, med enorm kompetanse og sterkt fokus på innovasjon og utvikling. Trond har vore med på heile reisa, og litt til. Han byrja nemleg å teikne fartøy på Ankerløkken, for 47 år sidan.
– Eg flytta til Førde for å jobbe som ingeniør på Ankerløkken i 1973, så eg har sett heile den rivande utvikla bransjen, og Førde har teke sidan. Når eg kom hit var det teke omsyn til ei betydelig tilflytting: Det sto mange nybygde bustader/leilegheiter klare, så eg kunne velje og vrake, seier han.

Etter 11 år kom tyngre tider for verftet. Multi Maritime vart starta for å ta vare på den unike ingeniør-kompetansen. Trond var ein av 13 aksjonær, og arbeidsverktøyet då var teiknebrett, tusj, sjablongar og skalpell.
– Så kom ei rivande teknologisk utvikling, med telefaks, e-post, AutoCAD, PC og programvare for blant anna berekningar. Det var ein revolusjon, og forenkla livet veldig. Vi var den første bedrifta i Sogn og Fjordane som teikna på AutoCAD. Vi vart forhandlar av AutoCAD, og reiste rundt i fylket og installerte teikneprogrammet hos andre bedrifter. Dei første PC-ane våre var på under 100 MB. No snakkar vi Terabyte. I fleire av disiplinane våre nyttar vi no 3D-modellering.


Frå offshore til elektriske ferjer, takka vere gode leiarar som sette leia 

– Hadde du rekna med å sitte her i 2020 og designe nye fartøy?
– Nei, eg hadde vel ikkje det. Men Multi Maritime har heile tida vore ein spennande, utfordrande arbeidsplass, som eg har trivast på. Vi har triveleg arbeidsmiljø, med flotte, kompetente folk i alle disipliner, som gjer det kjekt å gå på jobb. Då må ein utvikle seg og henge på. Kombinasjonen av dette gjer at vi klarar å levere topp kvalitet, og at kundane våre er nøgde med det vi leverer: Det er det viktigaste, seier han og fortel at leiinga i selskapet alltid har vore dyktig til å sjå utviklinga, og ta dei riktige grepa.

– I løpet av disse åra har vi blitt ei verdsleiande teknologibedrift på dette med hybrid- og elektriske passasjerferjer. Det har vore ein enorm utvikling, spesielt på kompetanse. Vi byrja med 13 tilsette, og i dag er vi 40. Det betyr at vi både kan ta på oss større prosjekt, og ha fleire prosjekt samtidig, seier han.


Trivast for godt til å bli pensjonist

Trond har fylt 73 år. Om han ville, kunne han pensjonert seg for 6 år sidan. I staden står han opp kvar dag, og går til jobben sin for å vere med å utvikle nye løysingar. Gleda over, og interessa for, faget, og det gode miljøet på jobb held han gåande.
– Eigentlig har eg prøvd å slutte lenge no, men eg får ikkje lov, seier han med glimt i auget.
– Det er heilt sant som han seier, han får ikkje slutte, smiler administrerande direktør Mikael Johansen, som kjem for å by på kaffi.
– Men om eg spør deg kor lenge du kjem til å halde på då?
– Så lenge eg tykker det er kjekt. Eg har sagt til kollegaene mine at om dei merkar at eg byrjar å surre, så får dei seie frå. Enn så lenge syns eg det er kjekt å halde på. Vi har eit enormt miljø på kontoret her.

Sak hentet frå Multi Maritime

Annonse