Frydenbø + fiske i Jølster = Sant!

Bilete: Dette skulle vore hovudpremien i Jølster Aurefest. Ein Volvo XC40, levert av Frydenbø Førde, til ein verdi av nesten 500.000 kroner. I staden fekk den seg ein liten fisketur i Jølster ilag med Jan Petter Myklebust, seljar hos Frydenbø.

Har levert vinnarbilar for 2,6 millionar kroner


Jan Petter Myklebust er seljar hos Frydenbø i Førde, og han har vore med i mange av dei åra Frydenbø har vore bilsponsor for Jølster Aurefest. Sidan 2014 har dei levert hovudpremien kvart år, til ein samla verdi på 2,6 millionar, fram til og med i fjor.
– Og vi skulle jo bikka 3 millionar i år då, seier Jan Petter, som meiner XC40’en er den ideelle premien på eit arrangement som Jølster Aurefest.
– XC40`en er ein fantastisk SUV, som passer perfekt på det vakre Vestlandet. Med høg bakkeklaring, gode evner til å ta seg fram, og ikkje minst verdas beste sikkerheitssystem, så kjem den heldige vinnaren til å nyte komforten på kvar køyretur i bilen.
Men slik vart det ikkje. Årets fest vart avlyst. I staden for aurefesten tok vi med oss det som skulle vore premien, ein Volvo XC40, til Jølster for å teste ein av fiskeplassane på det nye digitale fiskekartet som Jølster Aurefest har fått laga.
– Vi kjem til å sakne Aurefesten, slår Jan Petter fast.
– Det er ein fin tradisjon at Frydenbø tek med seg tilsette og brukar heile helga på Skei. Vi har også invitert med oss ulike folk frå Volvo-systemet kvart år. Men, men slik vart det. Vi får satse på neste år, seier han. 

Jan Petter fortel litt om Jølster Aurefest og bilpremiar på til saman 2,6 millionar.



Volvo XC40 – bilen som forstår alle norske dialektar


På turen oppover til Jølster fortel den gode seljaren naturlegvis litt om bilen. Den er eit teknisk vedunder, som forstår alle norske dialektar!

Jan Petter snakkar til bilen på fleire norske dialektar. NB! Vent heilt til slutten.


Guiden får fisk med ein gong

Så er vi i gang med fiskinga.


Egil Tefre er truleg den som kan mest om sportsfiske i Jølster. På campinga han driv, Jølvassbu på Vassenden, er det fullt av fiskarar frå heile landet gjennom sesongen, mange av dei kjem att kvart år. Egil deler villig av kunnskapane sine, også om dei fleste av dei ca. 80 fiskeplassane som er merka av i det nye digitale fiskekartet.
Til dagens fiske har han plukka ut fiskeplassen på sørsida av Jølstravatnet, på Strand. Det er eigentleg litt kaldt i vatnet på grunn av stor snøsmelting til å håpe på godt bet. På Strand er det litt grunne og temperaturen er litt betre her, så Egil er optimist.
– Vi har hatt ein kanonstart på sesongen fortel Egil. Kjetil og Norunn, eit søskenpar, fekk på to dagar kvar sin rugg nede i elva på 3,67 og 3,52 kg. Sjølv har eg vel allereie drege opp ein stad mellom 60 og 70 fine Jølstra-aurar, fortel Egil.
– Og det nye digitale fiskekartet inspirerer folk til å fiske enno meir. I tillegg til Jølstravatnet, og elva Jølstra ut frå vatnet, er det merka av fleire gode plassar i fjellvatn kring i Jølster, seier Egil.
Og på fjerde kastet får den erfarne fiskaren napp!

Egil Tefre drar på land ein fin Jølstra-aure på bortimot halvkiloen.



3. generasjon pølsemakar


Jan Petter slit meir. Etter ein god time med fiske må han berre gje seg. Og heller ikkje Egil får fleire napp. Men middagen er sikra. Jan Petter får med seg den fine auren heim og skal lage middag av den same dagen. Og han er ein røynd matlagar.
– Eg er  tredje generasjon pølsemakar, og skal lage ein god middag av denne. Fileter, salt og pepar, strø med litt mjøl og så i steikepanna. Dette blir snaddermat, meiner Jan Petter. Dei som har levd ei god stund vil nok kjenne bestefaren, Hans Myklebust, som dreiv slaktarbutikk og kolonialhandel på sørsida i Førde, rett aust for Førde Hotell.
– Når den nye vegen skulle lagast der måtte huset deira vekk. Då bestemte dei seg for å satse på Vie. Då bygde han og bestemor mi, Ragnhild, Vie Senter. I dag er det Rema 1000 på Vie. Men framleis lagar eg og far min, Helge,  julepølse og sylteflesk kvar haust som er i sal på Rema 1000-butikken på Vie. Vi har og ein god del kundar over heile landet som får si sending av godsaker kvart år.
Så dermed er nok den fine Jølstra-auren i gode og fagkyndige hender.

Annonse