Bilhuset Førde sel bilar som aldri før

Bilete: T.v. Jarle Undeland, Frode Svidal, Kim Ronny Lykkebø

Så langt har dei levert ut 189 bilar i år, 49 fleire enn i same periode i fjor. Det går mot eit rekordår på Bilhuset Førde AS.


Så langt har det ikkje vore koronabrems å spore for dei.  

– Når alt stengte ned var det stille i butikken ei veke. I den perioden var marknaden prega av ei viss frykt og uro for den neste tida. Så losna det igjen, og sidan har det auka stadig på. Etter påske har salet gått særs bra her på huset. Vi har ikkje hatt behov for å stenge eller permittere, seier dagleg leiar Frode Svidal.


Sterk vekst i koronatider.

Mange melder om nedgang siste tida. Bilhuset Førde har tvert om sterk auke i tal selde bilar så langt i år. Hemmelegheita bak er tredelt.   
– Vi gjorde eit særs viktig grep når koronaen kom: Vi kjøpte inn mykje nye og bruke bilar, slik at vi hadde eit bra lager. Hadde vi ikkje gjort det ville vi ikkje hatt bilar å tilby kundane no, sidan bilfabrikkane stogga litt. Dette bidrog til ein særs god vår, seier han og trekk fram eit pluss til.
– Både Mercedes-Benz og Peugeot, har levert spennande nyhende som sel utruleg bra. Til dømes EQC, den første heilelektriske Mercedes-Benz. Den har vi til no selt 45 av den.
– Heilelektriske Peugeot e-208, som vart kåra til årets bil i si klasse, har vi også selt bra av, til no i år 14 stykk, seier Kim Ronny Lykkebø, som har ansvar for Peugeot.

– Siste åra har vi fokusert på nå ut til potensielle kundar. Bransjetendensen siste åra er stadig færre kundar inn i butikk. Vi har aldri hatt fleire kundar i butikken enn no. Vi satsar bevisst på service. Det inkluderer å vere fleksible på opningstider. Om kunden ønskjer det, så reiser vi ut og vitjar dei, seier Jarle Undeland, som sel vare- og personbilar frå Mercedes-Benz.

Går mot rekord for 5 år på rad

God service og gode bilar viser att i rekneskapet.
– I fjor selde vi 186 bilar i perioden fram til juni. I år har vi selt 196 fram til dags dato. Om vi ser på tal leverte bilar, ser vi ein enorm auke. I fjor leverte vi 125 nye og brukte bilar i perioden til og med mai. Fram til no i år har vi levert ut 189, seier han.

Grunna eit godt år 2019, auka dei forventa budsjett for 2020 mykje.
– Likevel ligg vi 19 millionar over budsjett fram til juni, så vi ligg an til eit rekordår. Eg er både stolt og glad over det heile huset har levert i år. Dei tilsette trivast, står på og har det kjekt på jobb. Det smittar over på kundane, det blir kjekt å komme innom.


Framtida har rom for både el, hybrid og diesel

– Det verkar som «alle» skal ha el-bil for tida. Stemmer det hos dykk?

– Vi sel mykje el-bil, men for vår del fordeler salet seg jamt på el/hybrid og diesel/bensin. Dette blir litt styrt av produktnyhende. Siste åra har det vore store lanseringar av el/hybrid-modellar, både frå våre merke og andre, og då sel ein naturlig nok meir av dei, seier Jarle.  

– Ein er nøydd til å ha ulike modellar og motoralternativ, for å treffe dei ulike kundegruppene. El-bil er fint i tettbygde strok, men utafor bykjernene vil mange ha rekkeviddetryggleiken til fossilt drivstoff. Andre har køyremønster som høver godt til heil-elektrisk. For mange vil hybrid vere eit godt alternativ, då får ein litt av kvar verd, seier Kim Ronny.

– Eg har veldig tru på diesel-hybrid. Då får du ein energiøkonomisk bil, lang rekkevidde når du treng og «el-bil» til den daglege drifta. Vi har hybridar med inntil 10 mil elektrisk rekkevidde, og så brukar du diesel på langturen. Då får du det beste av to verdnar, seier Frode.

Nær tredobling av omsetnad på fire år

I  2015 omsette Bilhuset Førde for ca. 64. millionar kr. Svidal byrja som dagleg leiar i januar 2016. I 2019 var omsetninga auka til 153 millionar, eit tal dei reknar med å slå i 2020.
– Kva er suksessoppskrifta?

– Vi har ein bevist strategi på å skape entusiasme rundt merka våre, Peugeot og Mercedes, og å vere synlig i marknaden. Vi kommuniser aktiv ut til kundane våre, både på sosiale medium og ved å møte dei i felten og i butikken. Vi kjøper mykje bilar, slik at kundane alltid møter godt utval av ulike modellar og motoralternativ, både el/hybrid- og fossilmotor. Dette er viktig for å nå ulike kjøpargruppene.  Vi set av tid til å legge strategiar for korleis vi skal kommuniserer med kundane. Kvar fredag samlar vi oss og planlegg den neste veka på sosiale medium, seier Frode, og fortel at dei frå start av var bevist på å bygge forhold til gamle og nye kundar.

– For å selje bil må du setje kunden i sentrum: Sjå deira behov, vere til stades der dei er, alltid tilby løysingar og legge til rette for at det skal vere lett for dei å kjøpe bil av deg. Det må og vere lett å eige ein bil frå Bilhuset Førde. Vår filosofi er å komme oss ut av butikken for å møte kundane våre, og ikkje minst late dei låne og prøve bilar. Vi må skape entusiasme! Service er eit konkurransefortrinn, som gjev utslag på botnlinja til slutt! Den filosofien gjennomsyrar heile huset, frå verkstad til kundemottak til salsapparatet. Vi har nett tilsett ein ny person på kundemottaket. Vi har hatt fullt trykk på verkstaden i vår og selt mykje bil, så det var nødvendig, seier han og fortel for dei som sel bil så er det like mykje livsstil som jobb. 

– Vi samlar oss til eit morgonmøte kvar dag klokka 07.00, der vi drikk kaffi, diskuterer dagen og har slår av ein prat. Det handlar både om trivsel, og med at vi er oppteken av å gjere ein god jobb. Vi brenn for dette, og har det kjekt saman.

Nysgjerrig på bilar frå Mercedes- Benz og Peugeot? Annonsørinnhald frå Bilhusetforde.no

Kjelde selde bilar:
https://ofv.no/

Annonse