5 gåturar – når turkompisen din har korte bein og må motiverast eller bestikkas ofte

Om ein skal få fine turar saman med barn, er det greitt å legge til rette ambisjonsnivået. Min turkompis er snart 7 år, og har blitt «tvungent» med ut på tur så lenge ho kan hugse. Stort sett er det vilje og motivasjonen det står på når oppoverbakkane blir lange og tunge, men ein liten tursjokolade, mestringskjensle og ein spennande destinasjon gjer nesten alltid opp for litt dårleg humør undervegs. 

Her er våre go-to låg-terskel søndagsturar, som passar fint å gå når iPad-en treng ei pause, og mor treng å lufte seg litt. Alle turane ligg i Førde, og er enkle å komme seg til med bil, buss eller sykkel. Som ein liten bonus er det god sjanse for å treffe andre små turgåarar, som kan utvikle seg til å bli kjekke leikekameratar når det er tid for ein pause. 

1) Dagsturhytta Gytta i Førde 

Denne er nok veldig openbar, og førsteval for fleire enn meg og min vesle håpefulle. Den første bakken er knallhard, men nydeleg når du vil ha pulsen opp i ein fei. Dette er ein litt tøff når du skal ha med deg små. Eit lite tips kan vere å sende dei litt større ungane off-road, då det går eit par små stiar eller «snarvegar» parallelt med stien som gjer bakken litt meir spennande. Turen er kort, bratt og effektiv, og ein slager kvar gong.

https://ut.no/turforslag/1114978/dagsturhytta-gytta-fra-vierennekleiva

2) Hunsrasta

Her skal du få presentert tre alternativ:
Start turen på Ytre Hafstad , om du vil starte med litt puls – alt etter kor medgjerlege dine små håpefulle er denne dagen. Når ein kjem opp til Bekkjavatnet er det litt meir moro å gå stien rundt og vidare til Hunsrasta. Om ein vil korte turen ned ytterlegare kan ein parkere ved Bekkjavatnet og gå stien derfrå og rundt til Hunsrasta. Har du lyst på ein trilletur, eller sykle, kan ein parkerer rett før Langelandsvatnet og gå grusvegen.

https://ut.no/sted/142868/hunsrasta

3) Mostien

Som ein av dei få som er så heldig å vere oppvaksen på Mo, har eg her til tider observert familiar komme traskande i polfarar-utstyr i matchande fargar, gjerne i samband med at dei har gått feil og hamna i hagen i barndomsheimen min. Heldigvis kan eg melde om at slikt utstyr ikkje er naudsynt, dette er nemleg ein enkel tur, som er fin å gå også for dei med korte bein. Det kan vere greitt med gode sko på regnfulle dagar. Det er moglegheit for fleire kulturelle innslag på turen. Turen går innom Sunnfjord museum, og ein har høve til å svinge innom Mo og Huldefossen, for å sjå og landet sin mest fotograferte utedo. Du kan og sjølvsagt gjere ditt fornødne, men ikkje vent å finne toalettpapir. Heile runda er til saman ca. 3km, men ein kan fint korte ned denne strekka om turkameraten din er i kategorien: «nett lært å gå».

https://ut.no/turforslag/117864/mostien

4) Hafstadparken og Klatreparken

Eg tek med eit alternativ som passar seg dei dagane ein ikkje orkar inn i skogen. Denne runda likar eg å gjennomføre joggande, med dottera mi på sykkel. Om du er i betre form enn meg tek du den gjerne den nye fleskerunda i eit strekk, men eg likar å legge inn to små stopp på vegen. Eit i klatreparken på utstillingsplassen. Her kan du velje å hive deg med og klatre om du ikkje har høgdeskrekk, men det er ingen skam å sette seg på ein benk og skrolle gjennom Instagram. Litt uttøying er det og mogleg å gjennomføre medan du skrollar.
Neste stopp legg vi i Hafstadparken der syklisten får moglegheit til å ta nokre rundar på sykkelbana, eller på treningsapparata. Her kan ein og velje å hive seg med, eller ta ei tøyepuse. På godvêrsdagar kan desse pausane bli lange: Vi treff ofte kjente, og minstemann er ofte vanskelegare å få med heim enn ho var å få med ut døra i utgangspunktet. 

5) Eventyrstien

Denne turen kan vere litt tung for dei minste, men er spennande nok til at dei finn motivasjon for å komme seg til toppen. Det er trapper, tau og stigar på dei brattaste partia, og ca. halvvegs kan ein ta seg ei pause, eller avslutte turen om det er nok for dei små, i ein hyggeleg gapahuk. Før ein kjem så langt er det fleire benkar og utsiktspunkt, der det kan passe seg med pausar for dei minste.

https://ut.no/turforslag/117866/bergum-hornnesstlen-eventyrstien

Annonse