Reiakvam Foto

Kjære kunde, 

Det er noko heilt eige med fotominne, anten dei er gamle eller nye, tatt av deg eller andre, fått eller gjevne vekk.Dine viktige augneblink kan bli foreviga av ein av fotografane våre, eller du kan få hjelp med dine eigne bilde i butikken vår. Vi har lang tradisjon som kombinert fotostudio og fotobutikk, og har vore i drift sidan 1946.

Fotobutikktenester:
Bildeproduksjon på ekspress, filmframkalling av filmrullar(c-41), album, rammer, forstørringar, takkekort og invitasjonar, fotobok m.m.

Alle bildeprodukt kan bestillast på nettsida eller i butikken. Vi kan printe bilde på ekspresstid. Det tyder at ordra di vil vere ferdig så fort den lar seg produsere – ofte i løpet av få minutt! Du kan anten hente ordra di i butikken vår, eller velje levering pr. post. Då vel du postlevering ved utsjekk.

For bestilling frå eigne bildefiler : elitefoto.no


Fotograftenester:
Gjennom 3 generasjonar har fotografane Reiakvam foreviga store og små i nærområdet vårt. I dag er det Dagrun som er fotograf her hos oss. Ho fotograferer nyfødte, babyar, barn, familiar, konfirmantar, brudepar, næringsliv m.m.

For informasjon om fotograftenester: reiakvam.no

Våre opningstider: Sjå facebooksida vår eller gå inn på denne linken.



Beste helsing
Aina, Dagrun, Kristin, Olav
Reiakvam Foto A/S

Forrige artikkel
Neste artikkel
Annonse