Styving, landbruksmessa i Vestland er utsett eitt år.

– Arbeidet med Styving, landbruksmessa i Vestland,  var godt i gang då landet stengde 12.mars, seier arrangementsansvarleg i Rein Design AS, Tom Farsund, som er prosjektleiar for messa.
– No er messa, som var planlagt halden på Mo i Førde 18. – 20. september i år, utsett til midten av september 2021, fortel han.

Storsatsing.

Messa var planlag med eit budsjett på nær 2,5 millionar kroner. Målsetnaden var å promotere alt det positive og viktige landbruket står for, samt å samle minst 10.000 publikumarar dei tre dagane messa skulle vare.
Etter pandemien trefte oss er landbruket ei av dei samfunnskritiske næringane som har fått fornya og positivt søkelys på seg. Farsund seier han håpar og trur at debatten kring spørsmålet om kva grad av sjølvforsyning vi skal ha held fram.
– Har vi god nok tryggleik for eigen matforsyning om liknande eller andre typar kriser treff oss på ny? – Eg trur vi i større grad enn no må kunne brødfø oss sjølve. Pandemien og ned-stenginga bør ha lært oss at det framleis kan komme kriser der vi ikkje kan stole på å få kjøpt kva som helst, frå kor som helst i verda.

Det er fleire grunnar til utsetjinga:

Den første og viktigaste er at sjølv om det no er god kontroll på smittesituasjonen i Norge og i Sunnfjord, ser vi det som usannsynleg å få lov, eller at det er forsvarleg  å samle tusenvis av menneske på Mo midt i september 2020. Den andre er at sjølv om landbruket har stått på for å halde oss med mat er nokre verksemder som kunne vere aktørar, utstillarar eller sponsorar også ramma av krisa.
– Vi hadde akkurat opna for påmelding av utstillarar då landet vart stengt, seier Farsund.
– Og av dei som melde seg på fekk vi fort nokre av-bestillingar. Arrangementet er i stor grad eit overskotsfenomen, og det er særs vanskeleg å jobbe med eit slikt prosjekt i eit halvstengt land. Så har også landbruket eit heilt anna fokus enn vanleg. Det er nok å nemne utfordringane ein kan stå overfor med å skaffe nok sesongarbeidskraft. 

Takk!

Farsund opplevde stor entusiasme og oppslutning i arbeidet med messa.
– Vi opplevde at det var stor interesse for eit sånt tiltak. Næringa og alle deira støttespelarar sette pris på at vi kom inn som ein aktør frå «utsida» og ville bidra til å løfte fram alt det positive og viktige som landbruket står for. Vi takkar audmjukt alle som har delteke i arbeidet fram til no, held han fram.

– Ei styringsgruppe på 15 personar frå ei fin breidde av aktørar i landbruket hadde hatt fleire møter, og var med og gav arbeidet kraft og retning, fortel han, og nemner følgande firma og institusjonar som allereie var inne, eller på veg inn i eit samarbeid om messa: Sparebanken Sogn og Fjordane, Alltech Norge AS, Berge og Co, Sogn og Fjordane Bondelag, Sogn og Fjordane Bonde- og Småbrukarlag, Felleskjøpet, Tine, Nortura, Førde Industri og Næringssamskipnad, Lerum AS, Sunnfjord Utvikling, Fjøssystemer, Enivest AS, Førde Fargehandel, Biltema, Førde Skogeiegarlag, Fjordtømmer AS, Mo og Øyrane vgs, Norsk Landbruksrådgiving Vest, Mattilsynet, Fylkesmann Vestland, landbruk, Vestland fylkeskommune, Sunnfjord museum, Innovasjon Norge, Fjord Supply as, Timbla AS, 3B Service AS, A-K maskiner, Bilhuset Førde AS, Lava Norge, Våpenloftet A/S, Jaktia Førde, HSR Heutrocknung SR og Brattlendt landbruk.

– Takk til alle desse! Og sikkert nokre til som vi kan ha gløymt. Vi lovar å komme sterkt tilbake i 2021, seier Farsund til slutt.

Desse var samla på Mo 27.november for å lansere Styving, Landbruksmessa i Vestland

Bilete av styringsgruppa:
Ein god gjeng med representantar frå viktige samarbeidspartar var samla på Mo 27. november 2019, for å lansere messa.
Frå venstre:
Tone Løtuft, Rein Design, Eivind Fonn, Nortura, Geir Opseth, Førde Industri og Næringssamskipnad, Knut Vebjørnsen, Mo og Øyrane vgs, Ole Johan Norddal, Mo og Øyrane vgs, Hanne Lisbeth Nybø, Sogn og Fjordane Bondelag, Norunn Ulvedal, Tine, Solbjørg Grøneng, Sunnfjord Utvikling, Tom Farsund, Rein Design, Steffen Neset, Alltech, Ragnhild Helgheim, Sparebanken Sogn og Fjordane, Svein Inge Bjørkedal, Rein Design, Randi Solheimsnes, Enivest, Håvard Larsen, Sogn og Fjordane Bonde- og Småbrukarlag, Martin Braanaas, Førde Skogeigarlag og Roar Husetuft, Fjøssystemer. Foto: Roy Sunde, Rein Design AS

Bilete av Tom Farsund, prosjektleiar for messa og arrangementsansvarleg i Rein Design AS.
Foto: Roy Sunde, Rein Design AS

Annonse