{"id":1460,"date":"2020-09-10T11:28:34","date_gmt":"2020-09-10T09:28:34","guid":{"rendered":"https:\/\/isunnfjord.no\/?p=1460"},"modified":"2020-09-10T11:41:15","modified_gmt":"2020-09-10T09:41:15","slug":"norge-pa-tvers-ein-annleis-sommarferie","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/isunnfjord.no\/sunnfjord\/norge-pa-tvers-ein-annleis-sommarferie\/","title":{"rendered":"Norge p\u00e5 tvers \u2013 ein annleis sommarferie"},"content":{"rendered":"\n

N\u00e5r sommarplanane til Ida N\u00f8st gikk i vasken \u2013 bestemte ho seg for \u00e5 fullbyrde ein draum: \u00c5 g\u00e5 Norge p\u00e5 tvers: Ein tur p\u00e5 cirka 650 km, fr\u00e5 svenskegrensa ved R\u00f8ros til Stad. <\/p>\n\n\n\n

<\/p>\n\n\n\n

\u2013 Av og til b\u00f8r ein sette seg eit m\u00e5l som nesten verkar umogleg, og s\u00e5 pr\u00f8ve \u00e5 n\u00e5 det. Eit kvart ein ikkje heilt klarar \u00e5 f\u00f8restille seg korleis ein skal klare \u00e5 gjennomf\u00f8re. Eg er bra sta, og har p\u00e5gangsvilje. Det er ein god kombinasjon for \u00e5 klare noko, seier Ida N\u00f8st med eit smil. <\/p>\n\n\n\n

\u2013 Eit av m\u00e5la med ein slik tur er at eg likar \u00e5 lage meg referansepunkt i livet. Om du utfordrar deg sj\u00f8lv, og gjer noko som er litt t\u00f8ft \u00e5 klare, s\u00e5 har du ein referanse til seinare i livet, om du m\u00f8ter t\u00f8ffe tak. D\u00e5 kan eg tenke: \u00abEg gikk Norge p\u00e5 tvers, d\u00e5 m\u00e5 eg klare dette ogs\u00e5\u00bb.  <\/p>\n\n\n\n

\u2013 Kvifor akkurat denne ruta?<\/em><\/p>\n\n\n\n

\u2013 Eg har alltid vore interessert i friluftsliv. Maria Gr\u00f8ntjern, Villmarksjenta p\u00e5 NRK, gjennomf\u00f8rte denne turen 16 \u00e5r gammal. Sidan har eg hatt denne turen i bakhovudet, fortel ho, men eg har ikkje teke meg tid til dette. Det er mange prosjekt som har g\u00e5tt i vasken i \u00e5r p\u00e5 grunn av korona, s\u00e5 eg trengte noko \u00e5 fokusere p\u00e5. I \u00e5r var planen min \u00e5 reise p\u00e5 ein tur til Afrika. Eg hadde ordna meg 4-5 veker ferie, s\u00e5 n\u00e5r turen dit rauk m\u00e5tte eg finne eit alternativ. Det er dumt \u00e5 sl\u00f8se vekk ferien p\u00e5 sm\u00e5prosjekt. S\u00e5 d\u00e5 byrja eg \u00e5 planlegge, sj\u00e5 p\u00e5 ruter og \u00e5 trene meg sj\u00f8lv og bikkja mi ved \u00e5 venne oss til lange turar med sekk. <\/p>\n\n\n\n

<\/div>\n\n\n\n
\"\"<\/figure>\n\n\n\n
\"\"<\/figure>\n\n\n\n
\"\"<\/figure>\n\n\n\n
<\/div>\n\n\n\n

Gode planar<\/h3>\n\n\n\n

Det er ein solfylt sommardag n\u00e5r eg treff Ida, heime hos ho i F\u00f8rde. Turen er enno fleire veker unna, og kveldane g\u00e5r med til planlegging, ikkje minst \u00e5 gjere pakking av sekk optimalt. Alt tel n\u00e5r du skal klare deg for eiga maskin i fire veker. <\/p>\n\n\n\n

\u2013 Du f\u00e5r ikkje skrive om det f\u00f8r turen er ferdig, seier Ida. \u2013 Eg er s\u00e5 sta og viljesterk at eg har ein tendens til \u00e5 presse vel hardt. Eg er redd for at om du skriv om det, og eg p\u00e5dreg meg ei skade undervegs, s\u00e5 kjem eg til \u00e5 presse meg gjennom, sj\u00f8lv om eg burde bryte, held ho fram med sit smil. 
\u2013 Det er mange utfordringar med ein slik tur. Det er mykje ein ikkje r\u00e5r over. Til d\u00f8mes om hunden f\u00e5r eit hoggormbitt. Ein kan bli sjuk, og det er mange ting som kan g\u00e5 galt, kombinert med at det er avgrensa kor mykje utstyr ein kan ta med seg, fortel ho og deler planen. <\/p>\n\n\n\n

\u2013 Eg reiser til R\u00f8ros med tog 28 juli, s\u00e5 tek eg taxi dagen etter til svenskegrensa. Eg laga mi eiga rute, basert p\u00e5 informasjonen eg har funne. Eg pr\u00f8var \u00e5 g\u00e5 langs eksisterande stiar og vegar. M\u00e5let er \u00e5 halde meg mest mogleg p\u00e5 turstiar, og minst mogleg p\u00e5 asfalt. Eg har g\u00e5tt lange turar p\u00e5 asfalt f\u00f8r og blitt bra \u00f8ydelagt i beina. Eg har betre fott\u00f8y no, og to ulike par sko med god demping, men eg pr\u00f8ver \u00e5 unng\u00e5 asfalt. <\/p>\n\n\n\n

<\/div>\n\n\n\n
\"\"<\/figure>\n\n\n\n
<\/div>\n\n\n\n

Lengste tur<\/h3>\n\n\n\n

\u2013 Kva trur du blir det t\u00f8ffast med ein slik tur?<\/em>
\u2013 Beina. N\u00e5r du skal g\u00e5, i snitt 22 km kvar dag i fire veker, kan sj\u00f8lv eit gnags\u00e5r \u00f8ydelegge mykje. Eg g\u00e5r ikkje fort n\u00e5r eg g\u00e5r tur, det er meir som skilpadda som kappl\u00f8p: eg kan g\u00e5 langt og lenge p\u00e5 ein dag.  
\u2013 Korleis blir det \u00e5 skulle g\u00e5 s\u00e5 mykje, og overnatte i telt dag etter dag?<\/em><\/p>\n\n\n\n

\u2013 Det tek eit par dagar, s\u00e5 klarar eg \u00e5 sove godt i telt. Det blir ikkje noko problem. Ikkje uthaldet heller. Steg for steg til ein kjem fram. Den st\u00f8rste utfordringa mi er \u00e5 klare \u00e5 avslutte turen om det skulle oppst\u00e5r problem som gjer at eg b\u00f8r avbryte. Og det er veldig sannsynleg at det kan skje noko som f\u00f8rer til det. Eg h\u00e5par at b\u00e5de bein og bikkje held seg i vig\u00f8r. Og om det skulle oppst\u00e5 problem, s\u00e5 h\u00e5par eg at eg klarar \u00e5 ta gode val, og ikkje pushe meg for langt. Eg har ein tendens til det, fortel ho. <\/p>\n\n\n\n

\u2013 \u00c5 vere \u00e5leine er noko av det eg gler meg mest til. Eg er sosial, men trivast ogs\u00e5 sv\u00e6rt godt i eige selskap. Eg reknar med \u00e5 treffe folk undervegs, og d\u00e5 tek eg i mot det selskapet. Om nokon vil g\u00e5 delar av turen med meg, s\u00e5 er det greitt, sa Ida p\u00e5 f\u00f8rehand. <\/p>\n\n\n\n

\u2013 Kva trur du at du kjem til \u00e5 sakne mest?<\/em> 
\u2013 Sikkert \u00e5 ligge p\u00e5 ein sofa. Eller senga mi. Sj\u00f8lv om eg s\u00f8v godt i telt p\u00e5 liggeunderlag, s\u00e5 er det noko anna \u00e5 ligge i ei god seng. Og sikkert ferskmat, etter \u00e5 ha levd p\u00e5 fryset\u00f8rka mat og havregraut kvar morgon. Undervegs blir ein s\u00e5 sliten at det smakar fantastisk p\u00e5 slutten av dagen, men til slutt blir ein jo lei. Eg skal innom enkelte byar og tettstadar, s\u00e5 eg f\u00e5r f\u00e5 meg eit varmt m\u00e5ltid d\u00e5, sa Ida i midten av juli. <\/p>\n\n\n\n

<\/div>\n\n\n\n
\"\"<\/figure>\n\n\n\n
<\/div>\n\n\n\n

Gode planar \u2013 men…<\/h3>\n\n\n\n

Eit ordtak seier at menneske legg planar, og gud ler. S\u00e5 ogs\u00e5 med turen til Ida. 29.juli var ho i gang, men det gikk ikkje lenge f\u00f8r det dukka opp ei utfordring. 
\u2013 Det f\u00f8rste problemet som dukka opp var eit spenne p\u00e5 sekken som knakk. Det utvikla seg til eit lite helvete f\u00f8rste veka. Heile poenget med sekk er at hovudtyngda skal kvile p\u00e5 hofta. N\u00e5r den funksjonen sviktar, s\u00e5 blir det utruleg frustrerande. Det l\u00f8yste seg n\u00e5r eg kom til Alvdal, der dei hadde ein sportsbutikk. Eg m\u00e5tte springe ned eit fjell for \u00e5 rekke den f\u00f8r stengetid s\u00e5 eg fekk meg nye klips, smiler ho. 
\u2013 Etter det var ikkje sekken noko problem. Det var tungt \u00e5 f\u00e5 den p\u00e5 og av, men elles gl\u00f8ymte eg den. N\u00e5r eg tenker tilbake p\u00e5 turen no, s\u00e5 tenkjer eg ikkje p\u00e5 at eg hadde sekk p\u00e5, seier ho og deler noko ho fikk tenke mykje p\u00e5.  <\/p>\n\n\n\n

\u2013 Mygg! Eg har ikkje g\u00e5tt s\u00e5 mykje i slikt ope austland-terreng, s\u00e5 eg undervurderte myggplaga. Det var intens, og noko av det som skapte mest frustrasjon undervegs. Eg brukte opp 80 prosent av myggsprayen eg hadde med f\u00f8rste veka. Det bekymra meg litt korleis skulle eg klare tre veker til med 20 prosent myggspray igjen. Eg m\u00e5tte vente p\u00e5 bris og vind f\u00f8r eg kunne ta pausar den f\u00f8rste veka, og g\u00e5 lange strekk utan \u00e5 kvile. Om kvelden m\u00e5tte eg berre hive opp teltet i full fart, og slenge inn bikkje og sekk og ta kveld. Eg kunne ikkje sitte ute, d\u00e5 hadde eg blitt ete opp. Men det gikk gradvis over. Mot slutten trur eg at eg utvikla immunitet. Stikka var irriterande, men dei kl\u00f8dde ikkje lenger. Det vart nok av myggstikk, for \u00e5 seie det slik, seier ho og smiler. <\/p>\n\n\n\n

<\/div>\n\n\n\n
\"\"<\/figure>\n\n\n\n
\"\"<\/figure>\n\n\n\n
<\/div>\n\n\n\n

To kneiker \u2013 og eit nydeleg midtparti <\/h3>\n\n\n\n

Etter ei veke av turen byrja ting \u00e5 g\u00e5 seg til. 
\u2013 Den f\u00f8rste veka var ei kneik \u00e5 komme over. Det var tungt, og b\u00e5de kropp og bein m\u00e5tte venne seg til belastninga, i tillegg til utfordringane med sekk og mygg. Bikkja fikk litt gnags\u00e5r i starten ogs\u00e5, men det gikk seg ogs\u00e5 til ganske raskt. Dei to vekene i midten av turen var veldig flotte. Alt gikk greitt, og eg var utruleg heldig med veret. Mot slutten av tredje veka kjente eg ogs\u00e5 veldig p\u00e5 kor irriterande det ville vere \u00e5 ikkje fullf\u00f8re turen. Etter veke tre kjente eg meir og meir p\u00e5 at er ferdig med \u00e5 g\u00e5 s\u00e5 mykje, men veldig bestemt p\u00e5 \u00e5 fullf\u00f8re. Eg m\u00e5tte jobbe med tankane: \u00abDu har aldri vore n\u00e6rmare\u00bb. Siste veka var meir ei kneik \u00e5 komme over. Det kom ein storm, som varte i fire dagar: Alt vart v\u00e5tt: Teltet gjennomv\u00e5tt, og eg byrja \u00e5 bli tom for t\u00f8rre sokkar og gikk lei av \u00e5 ta p\u00e5 regnklede kvar dag. Livet var ganske kjipt, men det var ingen vits \u00e5 berre sett seg ned. S\u00e5 det var berre \u00e5 g\u00e5. Stormdagane gikk eg langs bilveg, som gjorde det ekstra kjipt. Med ein gang eg kom p\u00e5 sti igjen l\u00f8fta hum\u00f8ret seg. Eg gikk bortimot sju mil, fr\u00e5 Bj\u00f8rke til Bryggja, ved Eidsfjorden, langs bilveg. S\u00e5 gikk eg postvegen mellom Brygga og Berstad, det letta sinnet, og s\u00e5 kom veret igjen, s\u00e5 d\u00e5 var alt fint. Bortsett fr\u00e5 fire iskalde elver eg m\u00e5tte vasse over berrf\u00f8tt, seier ho. <\/p>\n\n\n\n

<\/div>\n\n\n\n