{"id":1231,"date":"2020-06-09T09:31:57","date_gmt":"2020-06-09T07:31:57","guid":{"rendered":"https:\/\/isunnfjord.no\/?p=1231"},"modified":"2020-06-09T09:32:00","modified_gmt":"2020-06-09T07:32:00","slug":"tida-gar-trond-bestar","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/isunnfjord.no\/sunnfjord\/tida-gar-trond-bestar\/","title":{"rendered":"Tida g\u00e5r \u2013 Trond best\u00e5r"},"content":{"rendered":"\n

Blant oppdraga til Multi Maritime f\u00f8rre \u00e5r finn vi oppdraget med \u00e5 bygge om ferjene \u00abL\u00e6rdal\u00bb, \u00ab\u00c5rdal\u00bb, \u00abNorangsfjord\u00bb, \u00abStorfjord\u00bb og \u00abJulsund\u00bb fr\u00e5 diesel-drift til elektrisk plug-in hybrid. Prosjektleiar var ingeni\u00f8r Trond Berntsen.<\/p>\n\n\n\n

Elektrifisering av ferjer er eit satsingsomr\u00e5de for Multi Maritime. Bedrifta har fullf\u00f8rt over 25 eigenutvikla design, i tillegg til \u00e5 bygge om eksisterande fart\u00f8y til hybrid eller el-drift. Den unike kompetansen deira p\u00e5 dette feltet gjer seg utslag i at dei vinn prestisjeoppdrag som elektrifiseringa av ferjesambandet p\u00e5 Oslofjorden.
\u2013 Det er mange ting som speler inn p\u00e5 om ein vinn anbod eller ikkje, men ein ser at gode l\u00f8ysingar blir stadig viktigare. I anbodet p\u00e5 Oslofjord-ferjene s\u00e5g vi at dei vekta gode l\u00f8ysingar h\u00f8gare i h\u00f8ve til pris enn tidligare. Det er ei god utvikling, sidan Multi Maritime ligg s\u00e6rs godt an p\u00e5 kompetanse og tekniske l\u00f8ysingar, seier Trond.<\/p>\n\n\n\n


Utfordrande og spennande oppdrag<\/h3>\n\n\n\n

Kompetansen kjem ogs\u00e5 godt med n\u00e5r ein skal bygge eldre ferjer om til hybrid. Slike oppdrag krev grundig planlegging, i fleire fasar.<\/p>\n\n\n\n

\u2013 N\u00e5r vi designar eit fart\u00f8y fr\u00e5 grunnen av, har vi full kontroll over heile prosessen, og kvar ting er plassert. N\u00e5r ein skal bygge om andre sitt design, er det ei utfordring \u00e5 finne ut av alle detaljer. Ofte finnes det ikkje teikningar p\u00e5 dei eldste ferjene. D\u00e5 m\u00e5 ein om bord og fysisk ta m\u00e5l og bilete f\u00f8r ein kan g\u00e5 vidare. Det er mykje teknologi og st\u00e5l ein skal finne plass til i samband med ei ombygging. Det gjeld blant anna h\u00f8gspent og berekningar av energisparing. Summen av dette gjer at dette er oppdrag som er b\u00e5de utfordrande og kjekke \u00e5 jobbe med, samtidig som ein bidreg til \u00e5 reduserer bruken av fossilt drivstoff, seier Trond.<\/p>\n\n\n\n

\u2013Ferjene er ikkje full-elektriske, dei har og diesel-generator, men i teorien kan dei g\u00e5 elektrisk heile tida. Det avheng av faktorar som fart, overfartstid, batterikapasitet og om det er lading p\u00e5 begge sider.
Ein disiplin som er blitt mykje meir omfattande i elektrifiseringa er kai-integrasjon.
\u2013 Elektriske\/hybrid-ferjer og lading er komplisert nok, og kai-integrasjon er en del av det. Ved lading og automatisk fort\u00f8ying m\u00e5 ein ta omsyn til faktorar som flo\/fj\u00e6re, vind\/str\u00f8m, lasta\/tom ferje. Kai-integrasjon er blitt ei tidkrevjande studie, for \u00e5 optimalisere og koordinere plassering av ladet\u00e5rn og automatisk fort\u00f8ying p\u00e5 kai, mot tilsvarande kopling om bord.<\/p>\n\n\n\n


Multi Maritime: Fr\u00e5 teiknebrett og tusj, til digitalisering og 3D-modellering<\/h3>\n\n\n\n

Det var langt fr\u00e5 det gr\u00f8ne skiftet og elektrifisering av ferjer Multi Maritime starta med, men dit har vegen f\u00f8rt dei i l\u00f8pet av 36 \u00e5r. I dag er dei ei moderne, framtidsretta bedrift, med enorm kompetanse og sterkt fokus p\u00e5 innovasjon og utvikling. Trond har vore med p\u00e5 heile reisa, og litt til. Han byrja nemleg \u00e5 teikne fart\u00f8y p\u00e5 Ankerl\u00f8kken, for 47 \u00e5r sidan.
\u2013 Eg flytta til F\u00f8rde for \u00e5 jobbe som ingeni\u00f8r p\u00e5 Ankerl\u00f8kken i 1973, s\u00e5 eg har sett heile den rivande utvikla bransjen, og F\u00f8rde har teke sidan. N\u00e5r eg kom hit var det teke omsyn til ei betydelig tilflytting: Det sto mange nybygde bustader\/leilegheiter klare, s\u00e5 eg kunne velje og vrake, seier han.<\/p>\n\n\n\n

Etter 11 \u00e5r kom tyngre tider for verftet. Multi Maritime vart starta for \u00e5 ta vare p\u00e5 den unike ingeni\u00f8r-kompetansen. Trond var ein av 13 aksjon\u00e6r, og arbeidsverkt\u00f8yet d\u00e5 var teiknebrett, tusj, sjablongar og skalpell.
\u2013 S\u00e5 kom ei rivande teknologisk utvikling, med telefaks, e-post, AutoCAD, PC og programvare for blant anna berekningar. Det var ein revolusjon, og forenkla livet veldig. Vi var den f\u00f8rste bedrifta i Sogn og Fjordane som teikna p\u00e5 AutoCAD. Vi vart forhandlar av AutoCAD, og reiste rundt i fylket og installerte teikneprogrammet hos andre bedrifter. Dei f\u00f8rste PC-ane v\u00e5re var p\u00e5 under 100 MB. No snakkar vi Terabyte. I fleire av disiplinane v\u00e5re nyttar vi no 3D-modellering.<\/p>\n\n\n\n


Fr\u00e5 offshore til elektriske ferjer, takka vere gode leiarar som sette leia\u00a0<\/h3>\n\n\n\n

\u2013 Hadde du rekna med \u00e5 sitte her i 2020 og designe nye fart\u00f8y?<\/em>
\u2013 Nei, eg hadde vel ikkje det. Men Multi Maritime har heile tida vore ein spennande, utfordrande arbeidsplass, som eg har trivast p\u00e5. Vi har triveleg arbeidsmilj\u00f8, med flotte, kompetente folk i alle disipliner, som gjer det kjekt \u00e5 g\u00e5 p\u00e5 jobb. D\u00e5 m\u00e5 ein utvikle seg og henge p\u00e5. Kombinasjonen av dette gjer at vi klarar \u00e5 levere topp kvalitet, og at kundane v\u00e5re er n\u00f8gde med det vi leverer: Det er det viktigaste, seier han og fortel at leiinga i selskapet alltid har vore dyktig til \u00e5 sj\u00e5 utviklinga, og ta dei riktige grepa.<\/p>\n\n\n\n

\u2013 I l\u00f8pet av disse \u00e5ra har vi blitt ei verdsleiande teknologibedrift p\u00e5 dette med hybrid- og elektriske passasjerferjer. Det har vore ein enorm utvikling, spesielt p\u00e5 kompetanse. Vi byrja med 13 tilsette, og i dag er vi 40. Det betyr at vi b\u00e5de kan ta p\u00e5 oss st\u00f8rre prosjekt, og ha fleire prosjekt samtidig, seier han.<\/p>\n\n\n\n