{"id":1167,"date":"2020-06-04T13:01:03","date_gmt":"2020-06-04T11:01:03","guid":{"rendered":"https:\/\/isunnfjord.no\/?p=1167"},"modified":"2020-06-05T14:50:49","modified_gmt":"2020-06-05T12:50:49","slug":"byter-ut-superyachtar-med-gronland","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/isunnfjord.no\/sunnfjord\/byter-ut-superyachtar-med-gronland\/","title":{"rendered":"Fj\u00e6rlending byter ut superyachtar med Gr\u00f8nland"},"content":{"rendered":"\n

Bilete: Gaute Dvergsdal B\u00f8yum, fremst, og Even Meisterplass. Sistnemde er ekspedisjonsleiar for Gr\u00f8nlandsdraumen og bror til Tord.<\/em><\/p>\n\n\n\n

Gaute Dvergsdal B\u00f8yum er fj\u00e6rlending, og men ogs\u00e5 halvt j\u00f8lstring. Ein aktiv kar med mange jarn i elden. Dersom sommaren 2020 hadde blitt som vanleg ville han vore guide for folk som kjem til landet i sine superyachtar for \u00e5 oppleve noko av det mest eksotiske verda kan by p\u00e5, dei norske fjordane og landskapet rundt.<\/p>\n\n\n\n

– Eg byrja \u00e5 guide turistar i 2011. D\u00e5 var det mest fjellturar, men etterkvart vart det ogs\u00e5 p\u00e5 breen, b\u00e5de guida turar og kurs. I 2015 fekk eg sp\u00f8rsm\u00e5l om \u00e5 guide gjestar fr\u00e5 ein slik superyacht, og sidan har det blitt mange av dei, kvar sommar, fortel Gaute. Meir om superyachtane til slutt i denne historia.<\/p>\n\n\n\n


Gr\u00f8nlandsdraumen til Tord Meisterplass<\/h3>\n\n\n\n

Men ikkje denne sommaren, som vert sv\u00e6rt annleis p\u00e5 mange m\u00e5tar. Gaute er aktiv medlem i arrangementskomiteen for J\u00f8lster Aurefest. Ogs\u00e5 denne er avlyst. S\u00e5 d\u00e5 m\u00e5tte han finne p\u00e5 noko anna. 27.juli startar han p\u00e5 ein ekspedisjon over Gr\u00f8nlandsisen saman med Tord Meisterplass. Meisterplass skada seg i ei skiulukke i Sogndal i 2015, og vart lam i begge beina. Gjennom innslag p\u00e5 NRK og TV2 har han fortalt om den store draumen han no skal gjennomf\u00f8re, stake seg over Gr\u00f8nland i ein pulk.
Sj\u00e5 nettsida til Tord Meisterplass<\/a>.

Eit heilt team leia av broren Even skal f\u00f8lgje med p\u00e5 turen, og no ogs\u00e5 Gaute Dvergsdal B\u00f8yum. Opphaveleg skulle turen g\u00e5 i slutten av mai fortel Gaute. Men p\u00e5 grunn av coronasituasjonen m\u00e5tte det heile utsetjast til slutten av juli. Dette passa ikkje for to av dei opprinnelege deltakarane, og her er det at Gaute no er komen inn som erstattar saman med Snorre Sulheim.<\/p>\n\n\n\n