UkategorisertAvent Digital går inn i Rein Design

Avent Digital går inn i Rein Design

ANNONSØRINNHALD FOR REIN DESIGN

Kommunikasjonsbyrået Rein Design i Førde tek over dei tilsette i digitalbyrået Avent Digital i Florø. Dette skaper ein slagkraftig og komplett eining – som kan levere alle tenester kundar forventar i 2021. 


Bilete i toppen: Eit nytt sterkt team frå venstre: Roy Sunde, Ann-Sofi Hjelle, Lene Ellingsund, Allan Madsen, Nina Madsen, Alexandria Napkil Følsvik og Ole Jonny Klopstad. Kristin Gjelsvik var ikkje til stades då biletet vart teke.

–Dei siste åra har vi sett ei stadig sterkare dreiing mot digitalisering av mange tenester: Material som tidligare skulle trykkast eller brukast i papiraviser, blir i dag løyst digitalt. Bedrifter flest har i dag gode kanalar i form av eigne nettsider og sosiale medium, men mange treng hjelp til å produsere innhald, samt å spreie det digitalt. Vi ser at spisskompetanse på digitale verktøy stadig viktigare. Rein Design og Avent Digital er gode kvar for seg, men vi styrkar oss ved å slå oss saman: Vi eit breiare spekter av tenester, høve til utvikling og kompetanseheving og fleire hovud som tenker kreativt og strategisk saman. No er vi 8 tilsette, og klare for framtida, seier dagleg leiar i Rein Design, Ole Jonny Klopstad.

– Vi utfyller kvarandre særs godt, og vi trur dette er det riktige grepet. Saman skaper vi ei komplett tenestetilbod, som næringslivet rundt oss treng. No får kunden fleire relevante tenester i same hus. Det er effektivt og enkelt for dei, seier Allan Madsen, tidligare dagleg leiar i Avent Digital. 

–Vi utfyller kvarandre godt

Ole Jonny Klopstad og Allan Madsen har slått kreftene i Rein Design og Avent Digital saman.
Ole Jonny Klopstad og Allan Madsen har slått kreftene i Rein Design og Avent Digital saman.

Blir ein digital problemløysarar 

Dei 8 tilsette i Rein Design har utdanning innan journalistikk, grafisk design, digital marknadsføring, IT og marknadsføring. Bedrifta leverer eit vidt spekter av tenester: Nettsider, innhaldsproduksjon og marknadsføring, grafisk design, digital marknadsføring, tenester innan marknadsføring og profilering, SEO, sosiale medium, strøyming/video og prosjektleiing. 

– Avent Digital var ein digital leverandør av løysingar. Det skal vi halde fram med i Rein Design. Vi har spisskompetanse på ei rekke digitale område, frå video/strøyming til søkemotoroptimalisering, annonsering og drift av digitale kanalar, til dømes sosiale medium og Google, nettsider og så vidare. Basane våre er i Førde og Florø, men vi har kundar over heile landet, frå både private og offentlige aktørar, seier Allan. 

– Vi har sett at framtida krev stadig meir digital kompetanse. Vi hadde ein digital marknadsførar, og med denne satsinga har vi spissa oss ytarleg der og har no tre digitale marknadsførarar og to innhaldsprodusentar. Og så vil det også vere etterspurnad etter grafisk design, produksjon av tekst og tenester som innvendig designfoliering av glas/veggar på kontor, outbord-reklame i det offentlige rom samt trykte produkt og marknadsmateriell. Vi kan levere heile verdikjeda frå ide til montering. Vi er no ein komplett leverandør av dei fleste tenester innan kommunikasjon og marknadsføring, uansett flate, seier Ole Jonny.

Våre tre nye kollegaer 

Dei tre nye på laget har god kontroll på det meste av digitale løysingar, med Allan i spissen.  

– Eg vil seie eg har svært god kontroll på alt som er digitalt: Digitale verktøy og plattformar, webutvikling, e-handelssystem og eg har særs god SEO-kompetanse. For meg handlar det om å finne løysingar som skaper verdi for kunden, forenklar prosessar og skaper auka merksemd. Ein må klare å skape verdiar for kunden gjennom gode verktøy. Utviklinga går så fort i dag, og det krev at ein alltid ligg i forkant av utviklinga. Ein må bruke tid kvar dag på å heve eigen kompetanse, og følgje med på trendar og verktøy, for å sikre at ein er oppdatert, seier han. 

Alexandria Følsvik jobbar som innhaldsprodusent. Ho har ein bachelor i dans med praktisk pedagogisk utdanning frå Universitetet i Stavanger, og bachelor i hotell-leiing frå Høyskolen Kristiania i Bergen, med fokus på marknadsføring og visuell kommunikasjon.  
– Eg jobbar med å planlegge og skape innhald for kundane i digitale kanalar og sosiale medium, i tett dialog med kundane og våre digitale marknadsførar. Eg er glad i å treffe menneske, og skaper gjerne møtearenaer. Eg likar å idemyldre, både med kollegaer og kundar, i kreative prosessar. Dette er noko som eg føler gir kundane verdi.  

Lene Ellingsund byrja i Avent som digital marknadsførar i vår.  

– Parallelt fullførte eg ein master i Digital Marketing & Analytics, ved Regent’s University London. Eg har også ein Bachelor i Markedsføringsledelse fra Handelshøyskolen BI, og et årsstudium frå New York der eg gikk Fashion Marketing and Entrepreneurship, ved Dowling College. I Avent har eg jobba med å sette opp kampanjar og annonsar for kundar, litt med webutvikling/design-oppdrag, analyser og måling av effekt på kampanjar, samt ein del med SEO og sosiale medium, seier ho.

 

Ta gjerne kontakt for ein uformell prat!

Annonsørlenke

REIN DESIGN

- Advertisment -

Aktuelt