Hjem Sunnfjord Opplev Sunnfjord Ein Pikant sommar i vente

Ein Pikant sommar i vente

0
3185
Per Otto og Thomas

Å seie at Pikant var sakna, er å underdrive. For mange var det eit hol i sjela når den tradisjonsrike utestaden forsvann. Men raskt dukka det opp eldsjeler, som ville at Pikant skulle leve. Og slik vart det. Snart kan du igjen nyte livet på Jølstra sin breidd.

Kjøkkensjef Thomas Holme Smådal og dagleg leiar Per Otto Huseklepp sit på lånt kontor på Peak Sunnfjord, og planlegg for harde livet. Neste veke brakar det laus: Då opnar nye Pikant dørene.  At mange gler seg til det, har Per Otto fått smake på.

– Det første folk spør meg om når eg møter dei, er når Pikant skal opne! Slik har det vore ei god stund no. Så det var kjekt å kunne svare med ein dato på det spørsmålet, seier han og ler.

Straks klart for opning

Det har vore ein rar og hektisk vår. Eigentlig skulle nye Pikant alt ha blomstra i kapp med våren, men pandemien satt ein stogg for dette. Blant anna fordi kjøkkenet ikkje kom fram frå Barcelona i tide, grunna eit karantenesteng Europa. Tysdag 9. juni er det prøvemiddag, og fredag 12.juni opnar dørene for før-première for gjester, med påmelding via heimeside.
– Stig på, smiler Per Otto og viser veg gjennom kjøkkenet, der det før omtalte kjøkkenutstyret frå Spania er i ferd med å bli montert, av kyndige lokale handverkarar.
– No er det like før vi kan skru på omnen slik at eg kan byrje å lage mat her: Det gler eg meg til, smiler Thomas.
Som alltid i siste fase av ei ombygging, ser det ut som kaoset rår. 5-6 handverkarar, fordelt på elektrikarar, rørleggarar, tømrar og malar, held på med hektisk sluttspurt.
– Du er sikker på at de er klare til tysdag?

– Å ja. Om noko trur eg faktisk vi ligg føre skjema, seier Per Otto.
– Det er mest opprydding frå handtverkarane som står att, så kan vi byrje å putte inn interiøret. I helga skal vi pakke opp dei nye glasa, bestikk og tallerkane, seier Thomas.

Staden for å gå ut og kose seg

– Korleis blir det å komme i gang no?

– Utruleg kjekt. Eg gler meg til å vise fram korleis lokalet har blitt, det kule tappetårnet i baren, interiøret og heile pakka. Og ikkje minst til at folk får smake maten til Thomas. Eg har fått gleda av å prøvesmake, og folk kan berre glede seg. Eg trur vi kjem til å levere fantastiske opplevingar til folk, alt ligg til rette for det her, seier han og fortel at han sjølv var glad i gamle Pikant, og er glad over å kunne føre tradisjonen vidare.

–Pikant var for meg staden å gå i Førde. Difor var det utruleg kjekt å bli med på laget.

Lokalt, gjerne sjølvplukka

– Målet mitt er å lage ærlig, god mat, av råvarer som kjem frå «grenda» like her borte. Vi kjem til å nytte lokale råvarer så langt som råd. Vi har eit godt nettverk av lokale leverandørar på blant anna kjøt, fisk får vi frå Br. Larsen i Kalvåg, grønsaker får vi frå Vie, samt at eg plukkar både kantarell og ramslauk sjølv, seier han og held fram.

– På nokre felt må vi litt lenger unna, til dømes var vi i Bergen førre veke på Ostegården i Fana, som vart kåra til verdas beste ost i 2018. Den skal vi servere både i restauranten og i Pikant Bar i andre, seier Thomas.
– Vi har mykje rotvekstar på lager, så der er ein godt hjelp gjennom året, og så handlar det om kva som er i sesong. Ein del må ein importere, medan til dømes kjøt kan ein kjøpe på hausten og fryse inn, og ha tilgjengeleg gjennom året.

Thomas fortel at han lenge har brent for å bidra til å utvikle matkulturen i Sunnfjord, og at han håper Pikant kan bidra til det.

– Både på dette med å gå ut og ete, og på kvaliteten på maten som blir presentert. Det har vore litt fråverande, så no håper eg sunnfjordingen torer å legge pengar i god mat og gode opplevingar.  Og ikkje minst håpar eg å bidra til rekruttering til faget i Sunnfjord. Det har lenge vore slik at gode kokkelæringar reiser til storbyane. Det må vere rom for å kunne skape eit miljø lokalt som gjer til at dei blir, seier Thomas.

Smaken av Sunnfjord

– Kva skal Pikant bli?

– Smaken av Sunnfjord. God mat, god drikke og god stemning. Det skal både vere ein folkeleg, fin stad for folk å samlast, og for nydelege middar på kveldstid. Folkeleg miljø, med topp service og topp kvalitet i alle ledd. Her skal du nyte gode, lokale smaker og godt selskap, med utsikt til Jølstra. Det blir restaurant i første etasje, og Pikant Bar i andre etasje. Både mat og drikke blir henta og skapt lokalt. I tillegg til serveringa av mat i restauranten, blir det høve til å kjøpe spekematfjøl og ostefjøl i baren i andre, med fantastiske produkt på, seier Per Otto.
Filosofien med lokalt og kortreist gjeld også i baren.

– Vi har valt Kinn Bryggeri som hovudleverandør, men vi tek også inn Kvernafossen Bryggeri og Skifjorden Bryggeri på tapp. Vi har eit veldig smidig system, med små fat, som er fleksibelt og veldig kjekt, så vi kan «hive oss rundt», seier Per Otto.
– Vi kjem også til å føre ein produktnyheit frå Sandane Gardsbrenneri: Enkelt forklart ein kalorifattig Sider, der dei nyttar konsentrat av bær og frukter. Om ein skal sette det på spissen: Det blir som Bris eller Farris, men med alkohol, seier Thomas.

Selskapet Sunnfjord Restaurantdrift driv «nye Pikant». Selskapet er eigd av ei gruppe investorar: Dag Arve Savland, Roger Vikum, Hugo Mølmesdal, Aud Slettehaug, Arild Tistel, huseigar Arle Hjelmeland og Arild Finne Nybø.


Om du har lyst å bestille til før-premièren, eller sjekke ut menyen deira, kan du gjere det her.