Sommarpraten med Anne Oline Farsund Gullaksen

Det har vore ein hektisk vår for Travelnet Fjordane Reisebyrå, men diverre av heilt feil årsaker. Det som skulle bli ein pangvår, var det motsette.

Deira hovudnæring ligg i å arrangerer turar for bedrifter, lag og organisasjonar, samt gruppereiser. Men i vår har mykje handla om å rydde i kaoset pandemien skapte.

– Det har vore mykje gratisjobbing for å rydde opp, i tillegg nulla pandemien ut inntekter frå tida før også. Det byrjar å komme seg, vi har brukt mykje tid på å sørge for at dette løyser seg for kundane våre. Det har vore viktig for oss å hjelpe dei, og det håpar eg vi klart på best mogleg vis, seier Anne Oline Farsund Gullaksen, som er dagleg leiar for Travelnet Fjordane Reisebyrå, og understreker at dette er eit godt døme på kvifor ein bør velje reisebyrå når ein skal ut i verda, både som bedrift og privatperson.  
– Vår kompetanse og yrkesetikk er kunden sin tryggleik. Når du bestiller på nett sjølv står du åleine når uføresette ting skjer. Vår erfaring og kompetanse er kunden sin tryggleik.  

Ta Norge i bruk i år

Det er mange bedrifter i reiselivet som ligg nede for teljing, og fryktar sommaren. Det viktigaste ein kan gjere no, seier Anne Oline, er å reise, oppleve og bruke landet vårt som aldri før. Ho skal sjølv realiserer ein draum om å reise nordover i Norge i sommar.

– Mitt råd til alle er å ta i bruk lokalt næringsliv og reiseliv. Reis i Sunnfjord. Reis i Norge. Brukt aktørane og tilboda både på Vestlandet og i Norge. Gjer det du aldri har teke sjansen på før: lat vêr og utryggleik om det vere som det er, og nytt høve til å realiserer draumane dine om ferie i Norge. No er moglegheitene verkeleg der, seier ho.
– Eit fenomen på oppsving er staycation: Å Ta ferien heime. Dette vart ei trend i USA etter finanskrisa i 2008. Seinare har det fått oppsving som ein kul ting, og det kan vere eit godt alternativ no. Då er ein heime i ferien, og så brukar ein heimen som base for turar og opplevingar i vår region, seier ho.

Bruk lokal kompeanse og tilbod

– Det er alltid viktig å handle lokalt, og lønne god service. Gjer deg nytte av lokal kompetanse og bruk dei som yt god service. Du skal alltid vente god kundebehandling, men som forbrukar har ein sjeldan gode kort på handa no, seier ho.

– Når pandemien har passert, og samfunnet får roa seg igjen, vil folk ha veldig stor reiselyst, og utferdstrong. Utfordringa då blir at vi kanskje ikkje har like stor valfridom på reisemål, kanskje blir det dyrare å ta fly ei tid, og færre avgangar. Det gir avgrensingar, men også moglegheiter for reiselivet i Norge til å tiltrekke seg turistar frå eige land. Det blir mange nordmenn som oppdagar eige land i år, og delvis neste år. Så vil gradvis dei utanlandske turistane vende tilbake.

Tru på framtida

Sjølv om det er tunge tider i reiselivet akkurat no, har Anne Oline tru på framtida.
– Eg er sterk i trua, og trur av vi som forbrukarar kjem til å endre oss etter behovet. Dei som skal reise i år, kjem til å reise innanlands og nytte seg av tilboda der. Alle som jobbar innan reise- og næringslivet må vere flinke til å tenke annleis og sjå moglegheitene som ligg der. Eg trur vi kan få meir inngåande turisme i vår region i år. Difor må vi, og aktørane sjølve, vere flinke til å selje området vårt. Det gjeld å vere om seg, hive seg rundt og sjå moglegheiter. Det håper og trur eg vi skal klare å gjere lønsam butikk ut av i år, seier ho.

– For Travelnet Fjordane Reisebyrå som reisebyrå trur eg dette kjem til å styrke oss, ved at mange no ser nytten og tryggleiken av å nytte seg av kompetansen til eit reisebyrå, når deira bedrift, lag og organisasjon skal ut i verda. Kanskje sparer du nokre hundrelappar på å gjere det sjølv, men det kan bli dyr sparing. Det viser pandemien med all mogleg tydelegheit. Å bruke reisebyrå når organiserer ei reise er nok litt underkommunisert. Mange bedrifter veit ikkje kva vi kan hjelpe dei med, eller kva kunnskap vi sit på. Vi kan gi dei gode råda og alternativa. Og då tenker eg ikkje på når ein skal fly Førde-Oslo, då kan ein for all del bestille fly. Men skal du lenger ut i verda, så ikkje spar deg til fant. Bruk eksperten, som kan reiser frå A til Å.

Brukt lokalt kompetanse

Anne Oline meiner pandemien, og kaoset den skapte i reiselivet blant anna, er eit godt døme på kvifor eit mangfaldig næringsliv er viktig, og at ein har til dømes lokal kompetanse på reiseliv.

– Den jobben vi har gjort for kundane våre med å rydde opp på ein trygg og god måte i samband med alle avlysingane no, viser verdien av kompetansen vår. Å ha eit lokalt reisebyrå er ein viktig ressurs for næringslivet, lag og organisasjonar i Førde-regionen. På den eine sida sit vi på stor kunnskap om reiselivsbransjen ut i verda: Alt frå bagasjeruter til kva ruter som er best til ulike reisemål. Og like viktig: Vi kjenner kunden, lynnet deira og kva folk her ønskjer, i tillegg til den beste måte å komme seg frå A til Å, seier ho.

– Største frykta no er at pandemien skal føre til at ein misser mange småskalabedriftene våre, og kompetansen i dei. Jo mindre vi handlar lokalt, jo mindre får vi å velje i. For kvar bedrift vi misser, forsvinn ein nyanse vi ikkje merker at vi treng før vi treng han. Ein ting er at det er praktisk å kunne handle lokalt, med noko som kjenner deg og dine behov. Ein anna ting er servicen du møter. Eg trur ikkje du får same service om du ringer ein større aktør i Oslo, som når du ringer oss. Vi lev i same lokalmiljø som kundane, og skal møte dei i andre samanhengar også.

Annonse