Har du byrja å bli litt sånn seriøs no Simon Vie?

Dei siste åra har somrane vore armar og bein for Simon Vie, og ei kamp mot klokka for å komme i mål med Trøkk n’ Truck-festivalen. Men so vart det så underlig stille.

– Korleis i alle dagar skal du få tida til å gå utan Trøkk n’ Truck-festivalen Simon?

– Eg har ein anna, mentalt særs stor, jobb som har bygd seg opp over fleire år, som eg med sommarfuglar i magen tørr seie at eg skal gjere noko med: Eg skal få mala huset i sommar, seier Simon med eit smil.

– Som om det ikkje var nok, så skal eg vaske hustaket! Eg har alliert meg med ein kranbil med personkorg, slik at eg kan bli heisa over taket og spyle med høgtrykksspylar. Då slepp eg tryggleiksutstyr og å gå på taket. Litt stolt over å ha komme på det der, seier han.
– Naboen har i ein del år hinta til meg om at vi bør gjere noko med uteområdet. Hekken min har lenge sett ut som den sto i nærleiken av Tsjernobyl. Førre veke når eg kom til Førde etter jobb, og hadde parkert lastebilen, kom eg heim og fann ut at hekken var vekke. Sendte ein SMS til naboen og lurte på kva han hadde gjort med den, så no er vi visst i gang.

Stille og rolig

­– Det høyres ut som om du kjem til å bli gåande og stige heime?
– Det blir ein særs husleg sommar, men eg vil no prøve å komme meg ut i skog og mark med telt og fiskestong saman med ungane. Eg må ha litt input frå moder jord, slik at eg kan kople ut mentalt, samtidig som ein slit ut kroppen. Det er verdas beste medisin. Men hovudprosjektet er altså å gjere unna praktisk arbeid heime for dei neste ti åra. Og så må eg jo seie at eg elskar å bade. Eg er mykje på bading med ungane til vanlig, men eg byrjar å føle meg litt utilpass i Førdehuset. Ungane herjar veldig, så det ender vel med at eg sit på tribuna og strikkar eller noko sånt, slik som mødrene, seier han.
–Eg gler meg til å bade ute igjen. Det beste er å bade i elver og kulpar. I år tek det vel litt tid før det blir levelege temperaturar, sidan det sikkert er 10 meter snø i fjellheimen. Eg er så heldig å bu nær kulpen på Flatene, som alltid er den første som blir leveleg temperatur i.

– Men altså: Du er ein særs sosial mann, som normalt er på alle festivalar, og gjerne tek seg ein fest i godt lag: Korleis blir sommaren når alt er avlyst?
– Det går eigentlig fint. Og eg er jo open for litt impulshandlingar i sommar også, alt etter ver og vind. Sjølv om det ikkje blir festival i år, har vi lovd vore fantastiske frivillige ein fest. Om reglar og lovar tillèt det, kan kanskje den arrangerast på den tid festivalen skulle vore?

Programleiar

Om du heng på sosiale medium, har du kanskje lagt merke til den nye podcasten Go’ Knall, med Simon som programleiar. Så heilt tilbaketrekt og huslig blir sommaren ikkje.

– Espen Nyttingnes i Rakkar utfordra meg. Vi har hatt mange kjekke samarbeid på vilt ulike felt, alt frå TV-seriar, videoar, festival-arrangør, livfilming av 17.mai tog og mykje anna. Så eg måtte berre prøve meg, seier Simon som trivast bak mikrofonen.
– Om ein klarar å finne roen i ei slik setting er det kjekt å prate med interessante folk. Det aller beste med eit slikt prosjekt, er på prøve å få fram litt gode, gamle halvsanne historier. Både frå Nordfjord, Sogn, Sunnfjord, kyst, dal og indre strøk, seier Simon.

– Det er ikkje mykje du seier nei til?

– Eg er inspirert av filmen Yes Man med Jim Carrey, der han må seie ja til alt. Livet blir meir interessant om du seier ja til alt. Då ramlar du opp i masse gøyale situasjonar, seier han!
– Eg har lyst å ta eit bilete av deg til saka, med dress, inne på kunstmuseet i Førde?
– Då kjenner eg at eg blir litt skeptisk!
– Då blir det bading i kulpen i staden!

Annonse