SunnfjordFolk og feEin slags krimforfattar debuterer

Ein slags krimforfattar debuterer

Til dagen er Tore Fossen marknadssjef hos Berge & Co. Siste ti åra har han også vore lokalpolitikar, og dei siste fire åra har han vore med på å arrangere Trøkk n’ Truck- festivalen. Og likevel har han funne tid til å skrive ei bok, som han no gjev ut på eiga hand. 


Slik beskriv Fossen sjølv boka på Facebook:

«Då har eg debutert som ein slags krimforfattar. To ganske sjuke historier, om ein totalt ubrukeleg privatetterforskar, er samla mellom to papp-permar med heilt flat rygg. Privatetterforskar August Fauske skal nøste opp i ei sak om ei jente som sist var lokalisert i Sunnfjord, og han må løyse ei sak om pengeutpressing. Begge sakene inkluderer ein merkeleg gjeng som likar øl, pengar, bruk av knyttnevar og diggar NAV. Det får ein aust-europear og gjengen hans merke.»

 

Når ein kjeder seg, så skriv ein sjølvsagt ei bok

– Kvifor eg gir ut bok? Du? Det var eigentleg ikkje meininga, men eg har alltid likt å skrive. Og på ein lang flytur i lag med gode kompisar for eit par år tilbake, sette eg meg til å dikte ei lita krimhistorie på flyet. Dei første kapitela sende eg som meldingar til desse karane, og på resten av turen sat dei og higa etter fleire kapittel. Greia var at eg berre starta, og hadde ikkje noko konkret løysing på mysteriet eg sjølv hadde starta, fortel han og seier at vegen vart til etterkvart.

– Mysteriet vart løyst, men akkurat den historia er ikkje gitt ut i bokform endå. Om den nokon gong kjem, så må den i alle fall kraftig redigerast, for den inneheld så mykje grovt språk at… ja, du veit, seier han og ler. 

Det er mykje action i og rundt Førde i boka til Fossen, ikkje minst på vegane i Sunnfjord kommune.

Ein kime vart sådd – og vart til tidenes telefonrekning 

Om ikkje den historia enno er publisert, så var i alle fall kimen sådd. Og skrivelysta skulle bli ei dyr oppleving. 

– På neste tur eg reiste – den gongen i lag med kona mi – starta eg på ei ny soge. Om den same privatetterforskaren. Den var langt meir omfattande, og eit par nye vener var komme på distribusjonslista mi. Sidan nokre av dei ikkje hadde Messenger, laga eg ei SMS-gruppe og sende eitt og eitt kapittel, seier Fossen og deler ei lærerik oppleving. 

– Då lærte eg at ein SMS er 150 teikn, men du kan skrive så langt du vil, og kapitla mine var gjerne på tre-fire tusen teikn. I mitt ringe sinn tenkte eg at ein SMS a kr 2,50 x 12 blir 30 kroner, og 20 kapittel, så skulle det bli 600 kroner. Om du syntest det vart ei dyr historie å sende, så berre gang det heile med 25 som var sånn cirka tal SMS-ar per kapittel – pluss moms – så kom  rekninga på ca. 18 000 kroner. Dyrt å skrive krim til kompisar, ler han.

– Er boka eit forsøk på å tene inn igjen dette?

– På ein måte, ler han. 
– Nei, heilt ærleg så er desse historiene blitt distribuert heilt, eller delvis, til vener, og mange har sagt at du må gje ut bok Fossen! Og det har eg no gjort. Så får vi sjå kor mange som vil bruke 200 kroner på den, seier han.


– Rekninga kom på 18 000 kroner

Ein privatetterforskar som ikkje heilt når opp til Varg Veum…

Boka bevegar seg i eit landskap som folk som har lese Texas-serien til Tore Renberg vil nikke gjenkjennande til. Det er galskap, fargerike karakterar og eit plott som blir drive fram av knyttnevar…

– Sånn i korte trekk handlar boka om ein fullstendig ubrukeleg privatetterforskar, som har Varg Veum som førebilete og ikkje altfor smarte hjelparar, og drikk Fanta Exotic i staden for Akevitt, for det har han aldri likt.

– I motsetnad til deg?

– Definitivt, ler Fossen.
– Men han greier på forunderleg vis å løyse desse oppdraga han får, meir eller mindre ved tilfeldigheiter. Og med god hjelp av ein gjeng beståande av ein rørslehemma, ein drikkekompis, ei pensjonert dame og ein hardtslåande venn, ei gruppering som faktisk ikkje er kompisar av etterforskaren. Mellom desse konstellasjonane finst det ein kroat med eit koppel av muskelberg rundt seg, som trur han er ein verdsmann. I første delen av boka skal etterforskaren finne ei jente som sist var observert i Sunnfjordområdet, og i den andre må han løyse ei sak på vegne av dottera til ei som blir pressa for pengar.

 

Skriv med glimt i auget 

– Ser du på deg som forfattar?
– Nei, eg er nok på ingen måte ein seriøs forfattar. Men eg likar å skrive, og eg prøver å gjere det med eit glimt i auget. Men for all del, det er ikkje sikkert eg har same humor som ein del av mine fantastiske venner her, seier han og held fram.

– Eg likar å skrive, og eg prøver å gjere det med eit glimt i auget

– Men eg likar å fantasere, og det var kjekt å setje det heile saman sånn at det i alle fall kunne trykkast, og at det no føreligg i bokform. Alt er uansett gjort på eiga rekning og eigen risiko, så får folk berre trille terningkast til dei bli blå i trynet, ler han, med tydeleg signal om at lesarane får meine kva dei vil. 

– Blir det fleire bøker?

– Det får vi sjå på. Eg har historiene, som rett nok krev rikeleg med redigering, men det blir nok responsen på denne som avgjer det.

 Om du ønskjer å kjøpe boka, lyt du kontakte forfattaren sjølv – via Messenger, telefon 95 93 99 93 eller utsendte sendebod…

- Advertisment -

Aktuelt