Sport Outlet

Sport Outlet Førde er ein butikk som i likheit med alle andre butikkar både i Førde og resten av landet går trange tider i møte.

Dei fleste tilsette er allereie fullt eller delvis permitterte, og vi jobbar no på minimumsbemanning. Dette både for å sikre minimal smittespreiing og for å prøve å overleve økonomisk. Hygiene står i høgsetet no om dagen. Vi har difor stengt prøveromma, og desinfiserer alle overflater med jevne mellomrom. 

Vi tilbyr Klikk & Hent, og i løpet av dei næraste dagane vil vi også tilby heimkøyring som eit ekstra tilbod for dei som treng det i desse tider. 

Takk for at du handlar lokalt!Vi er meir enn nokon gong avhengige av at du vel å handle lokalt, og ikkje tyr til netthandel.  

Beste helsing alle oss i Sport Outlet Førde❤️ 

Mvh Kirsti Lunde Njøsen
Sport Outlet Førde

Forrige artikkel
Neste artikkel
Annonse