Førde Fargehandel

Kjære kundar 

Vi ønsker å delta i den felles dugnaden som no foregår, og vil gjere vårt for å unngå å spre smitte. I butikken vil vi møte deg med eit smil, og halde ein meters avstand til kundane våre.

Vi held åpent som normalt, og er ekstra nøye når det kjem til håndhygiene og desinfisering av overflater i butikken. Ettersom mange no skal tilbringe meir tid enn vanleg i heimen, kan det hende du finn tid til å få unnagjort både eit og to oppussingsprosjekt – her vil vi gjerne hjelpe deg sjølv om du kanskje ikkje kan forlate heimen akkurat no. Dersom du treng noko levert vil vi vere behjelpelege med kjøring. Du må og gjerne ringe oss dersom du vil sjekke om noko er på lager, før du kjem innom sjølv dersom du evt vil spare deg ein bomtur.
Nummeret vårt er 57829950

Vennlig helsing Fargerike Førde 

Facebook

Forrige artikkel
Neste artikkel
Annonse