Elvetorget

Det er heilt nødvendig for eit lokalsamfunn, kjøpesenter og butikkane at vi no er bevisst å støtte opp om og å bruke kvarandre. Vi vil gjere det vi kan.

Elvetorget har endra opningstida ein periode til kl 10.00-18.00 på kvardagar og kl 10.00-16.00 på laurdagar. Dei fleste av våre butikkar følgjer dette så langt det let seg gjere, og opningstidene kan forandre seg.

Vi oppfordrar alle om å følge oss på sosiale media og på vår nettside for å halde seg oppdatert. Opningstider og andre forhold endrar seg fort.

For tida er Floke Frisør, Centrum Salong, LunsjKafe, Olefine, Førde Glassmagasin og optiker-delen av Specsavers stengt.

Norli og Nille har redusert opningstid. 

Rema 1000 og Sunnfjord Apotek følger fortsatt sine vanlege opningstider.

Mange av våre butikkar og tenesteytande bedrifter, tilbyr bestilling via telefon og Facebook, utkøyring av varer og eigne avtalar om henting. Ta kontakt med butikken og gjer ein avtale med dei.

Vi er her for kundane våre så langt det let seg gjere. Du kan nå oss på telefon 97148721 og epost senterleiar@elvetorget.no

Følg oss på heimesida www.elvetorget.no, Facebook og Instagram.

Forrige artikkel
Neste artikkel
Annonse