Hjem Annonsørinnhald Når varmen kjem herjar rusta med bilen din!

Når varmen kjem herjar rusta med bilen din!

0
2232

Om du trur bilen din no er trygg mot rust– tek du feil. Den neste månaden er det nemleg høgsesong for rust! På Bilpleiehallen får bilen din vernet den treng.

Mange trur det at det er om vinteren at rusta angrip bilen. Men rust likar varme….
– Folk trur at bilen rustar når saltbilen herjar, men det er det er faktisk når varmen kjem at rusta eksploderer under bilen, seier Stein Kjetil Holvik.
Han er dagleg leiar på Bilpleiehallen i Førde, som sidan 1986 har verna bilar mot rust.

– Folk trur at bilen rustar når saltbilen herjar, men det er det er faktisk når varmen kjem at rusta eksploderer under bilen

Stein Kjetil

Tectyl – understellet sin beste ven

Når du kjem til Bilpleiehallen er det Harald Oppedal du møter først. Han gir deg gode årsaker til at du bør velje Tectyl understellsbehandling, eit av deira hovudverktøya for å sikre bilar eit langt og godt liv.

– Alle nye bilar og nyare bruktbilar bør få Tectyl på understellet. Det er bilseljarar flest einige med meg i. Dei få som ikkje er det, har i ikkje sett understellet på ein 5 år gamal bil, seier han, og fortel det er fordel å få på Tectyl så tideleg som råd.
– Det byrjar å danne seg rust etter 1,5-2. år. Etter den tid aukar sjansen for meirkost når ein skal legge Tectyl gradvis, grunna at ein må behandle rust. Når bilen er behandla har vokslaget eit optimal levetid på 3 år: Men: Ei behandling er langt betre enn ingen.­ Å legge Tectyl tek 3-5 dagar, så vi har ordning med leigebil til kundane våre til fast avtalt pris. Det er ei ordning vi taper pengar på, men gjer fordi vi ønskjer å gjere det lett for kunden å ta vare på bilen sin.  

Tøff, tøffare, Ditec Ceramic Ultra

Resten av bilen treng også om omsorg og vern frå omgivnadar som vil bilen din vondt store deler av året. Bilpleiehallen nyttar lakkbeskyttelse frå Ditec. 
– Kvifor du bør bruke pengar på lakkbeskyttelse frå Ditec? Fordi vi har verdas tøffaste klima for ein bil: I Førde er det nedbør i snitt 270 dagar i året. Folk køyrer i saltsørpe halve året, som utsett bilar for eit surt klima, og vaskar bilane med sterke petrokjemiske vaskemiddel, med høg PH, som slit ekstremt på lakken, slår karane på Bilpleiehallen fast.
– Ditec-produkt har behandla alvorlig mange bilar i Norge sidan 1979. Ceramic Ultra er vår råaste lakkbehandling, og resultatet av 41 års erfaring og produktutvikling. Ceramic Ultra er ein to-komponent lakkbehandling. Basen gjer lakken målbart tjukkare, og toppfilmen har vass-avvisande effekt slik at vatn preller av. Det er viktig, fordi alt vatn som treff bilen din, inneheld skit, smuss og anna ureining. Jo raskare ein får dette av, jo mindre tid får det til å svekke lakken, seier Stein Kjetil og deler to fordeler til.

­– Med Ceramic Ultra får lakken på bilen eit vesentlig sterkare vern mot steinsprut. Lakken blir fysisk tjukkare og tåler meir. Og du får eit enklare og meir sytalaus bilvedlikehald. I eit Ditec-system blir du årlig kalla inn til kontrollvask av bilen, der vi blant anna fjernar rustpartiklar frå bremseskiver: Desse set seg fast i lakken og etsar over tid seg gjennom klarlakken, og lagar permanente rustskader. Dette er eit aukande problem, sidan dagens bilar har varslingssystem som fører til meir småbremsing over tid.


Saknar du nybilkjensla?

Dei fleste skal feriere i Norge i år. Og då har Bilpleiehallen eit siste tips til deg: Ein ting er vern av bilen sin utside. Men det er jo kjekkare å reise på tur i ei bil som er rein innvendig.

– Stikk innom Bilpleiehallen før ferien. Vi har ei rekke behandlingar til innsida av bilen også, både interiør og sete og tak, som samla gir deg tilbake nybilkjensla. Det hever ferien mange hakk å reise med ein skikkelig frisk og fin bil.

Annonsørinnhald frå
Bilpleiehallen.no