Ta med eventyrlysta di til oss, så tek vi deg med på ei spennande, utfordrande og vakker oppleving med ei trygg ramme rundt det heile.

Hos Jølster Rafting AS kan du flytte dine grenser, og oppleve friske aktivitetar i storslagen og vakker natur. Her kan du oppleve Noregs tettaste kombinasjon av rafting og brevandring, i tillegg til alle dei andre aktivitetane.

Mange kombinasjonar
Du kan sjølvsagt komme til oss berre for å gjere ein enkelt av aktivitetane. Men, mange grupper kjem til oss for å gjere fleire aktivitetar, og gjerne kombinere desse med grillmat i vår lavvoleir og eit varmt bad i våre badestampar. Sjølv om dagsarrangement er det mest vanlege, så arrangerer vi stadig fleire 2,3 og 4 dagars arrangement der alt er inkludert.

Forsiktig eller ekstrem?
Vi tilpassar turane etter evnene og ønska til våre gjester. Vår jobb er å gjere naturen og elementa tilgjengelege for deg. Då er det viktig å ta omsyn til dine ønskjer og kvalifikasjonar. Vårt mål er å vere best, ikkje størst. Difor kjem så mange tilbake til oss.

Velkommen til ei hyggeleg og spennande oppleving hos oss!

Våre tenester: Rafting, Elvebrett, Badestamp, Teambuilding, Paintball, Rappellering, Skuletur,

Annonse:




Kontakt Bedriften
Plan My Route